Måløy vart bygd på pigghå – no blir det fart i fisket igjen

– Vi skal bli fiskarar, seier Gabriel Krabbestig og Håkon Høydal Bøe. Begge er elevar ved Måløy vidaregåande skule og har delteke i eit forskingsprosjekt som fører til at fisket etter pigghå startar igjen etter mange år med forbod.

Elevar
FORSKING: Håkon Høydal Bøe (t.v.) og Emil Landøy er to elevar ved Måløy vidaregåande skule som har deltatt i forskingsprosjektet og prøvefisket etter pigghå. Foto: Trym Hillersøy/Vestland fylkeskommune

Grunna overfiske og kollaps i bestanden har det sidan tidleg på 2000-talet vore forbod mot fiske etter pigghå i nord-aust-Atlanteren. Resultatet av to år med prøvefiske viser at pigghåen er komen attende, og det blir fiske igjen frå neste år. For 2023 og 2024 er kvotane sett til vel 17 000 tonn årleg.

Mange båtar og fiskemottak

– Måløy vart bygd på fiske etter pigghå. Vi hadde mange båtar og fiskemottak. Då pigghåen forsvann, måtte vi snu oss rundt og gjekk over til å fiske lange, brosme, makrell og sild. Men no får fiskarane høve til å fange pigghå igjen. På det nylege årsmøtet til Sogn og Fjordane fiskarlag oppstod det jubel då vi fekk høyre at forbodet er oppheva. No får fiskarane igjen levere pigghå, seier hovudlærar i fiske og fangst, Stig Rune Oldeide, ved Måløy vidaregåande skule.

Tidleg på 2000-talet vart det rekna ut at bestanden av pigghå var på 20 prosent av den opphavlege  bestanden på 1900-talet. I toppåra rundt 1950-1960 vart det fiska opp mot 60 000 tonn pigghå i året i nord-aust-Atlanteren.

Elevar på fiskebåt saman med fisk.
Forskingsprosjektet har ført til at forbodet mot fiske av pigghå er oppheva. Elias Halsøy (t.v.) og Gabriel Krabbestig med kvar sitt flotte eksemplar av pigghåen. Foto: Henrik Værø/Vestland fylkeskommune

Hovudæra

– Elevane våre skal ha hovudæra for at det no blir fiske igjen. Dei har gjort ein kjempejobb. Det dei har gjort, har svært mykje å seie for fisket. No blir det kommersielt fiske igjen. Dette får store synergieffektar både for skulen og næringslivet, seier Oldeide.

Det var skulen og elevane som tok initiativ til forskingsprosjektet. Fiskarar har dei siste åra merka at dei får mykje pigghå som bifangst. Elevane ville finne meir ut om kor stor bestanden av pigghå er. Dei fekk Havforskingsinstituttet med. I fjor starta dei prøvefiske etter pigghå, eit prøvefiske som gjekk over fire veker. I haust har dei gjenteke fisket over nye fire veker. To forskarar frå Havforskingsinstituttet har vore med i tillegg til lærarar, elevar og mannskap på båten.

Frå Egersund, via Haltenbanken til Rørvik

– Vi har fiska frå Egersund i sør, ut til Haltenbanken og nord til Rørvik. Området har vi delt inn i 300 stader, 150 etter råd frå fiskarane og 150 som er sett opp matematisk av Havforskingsinstituttet. Totalt fekk vi 1350 pigghå over desse fire vekene og like mykje på stadene etter råd frå fiskarane som frå Havforskingsinstituttet. Det viser at det er mykje pigghå i havet og at det kan opnast for kommersielt fiske igjen, seier elevane Gabriel Krabbestig og Håkon Høydal Bøe.

I alt deltok dei 12 elevane på vg2, fiske og fangst, ved Måløy vidaregåande skule i det forskingsbaserte fisket. Dei har nytta båten til skulen, «Skulebas». Det er ein tidlegare fiskebåt for pigghå, som er fullt ut utstyrt med ein 300 meter lang pigghåline med 180 kroker.

Tok prøver

– Vi fekk pigghå nesten langs heile kysten. Det har vore kjekt og interessant å vere med på dette forskingsprosjektet. Vi hjelpte forskarane med å ta prøver, lengde og vekt og finne ut kor mange foster den har, seier Gabriel Krabbestig og Håkon Høydal Bøe.

Pigghåen er ein hai og føder levande ungar. Den kan bli over ein meter lang og vege over 10 kilo. Namnet har haien fått fordi den har to piggar på ryggen.

Alle 12 elevane har planar om å gå ut i lære når skuleåret er ferdig til sommaren.

– Målet er at vi alle skal få læreplass og bli fiskarar. Skulen har godt opplegg for vi som går på fiske og fangst. Vi lærer veldig mykje og får vere med på mykje kjekt. Vi likar å vere på sjøen. Det er spennande, og vi opplever alltid noko nytt. No er det generelt gode år i fisket. Prisane er høge og lønningane deretter, seier Gabriel Krabbestig og Håkon Høydal Bøe.

«Fish & chips» i England

Pigghå har gått mykje til eksport. I England har den blitt brukt til «fish & chips». Tyskland ha også tatt store mengder av den.

– Det er ein kjempefin fisk. Den har ikkje bein, men berre ein brusk som sit midt i fileten. Du reinsar fisken ved å ta av skinnet, som på ein orm. Då er det berre å skjere den opp i filetar og steike den. No må vi lage ny marknad for pigghåen, seier Stig Rune Oldeide.

Knut Olav Bjørnholm er avdelingsleiar på fiske og fangst ved Måløy vidaregåande skule.

– Vi har fått ein veldig oppsving i søkinga til fiske og fangst. Det har samanheng med at det er gode tider for fiskerinæringa, og at det er blitt kult å fiske. Opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfag i Måløy skaffar læreplass til alle elevane våre, i tillegg til elevane ved Austevoll vidaregåande skule. Oppsvinget har gitt gode lønningar og utsikter til å tene gode pengar, seier Bjørnholm.

Gode karakterar

Auka søking til skulen har ført til auka poengkrav for å få skuleplass.

– Det er berre dei med beste karakterar som kjem inn. Her ved skulen er kravet 4,4 poeng, mens skulen i Austevoll har 4,5. Elevane går først vg1 naturbruk der vi har to klassar. På vg2 har vi ein klasse på fiske og fangst og ein klasse på akvakultur. Vi får søkarar frå heile Sogn og Fjordane, og også frå Hordaland. Vi kunne ønskt å hatt fleire klassar, men vi har ikkje rom til det i dag. Når den utvida skulen er på plass om nokre år, håpar vi å få det til, seier avdelingsleiar Knut Olav Bjørnholm.

Telefon frå det internasjonale havforskingsrådet

Forskingsavtalen mellom Måløy vidaregåande skule og Havforskingsinstituttet i Bergen vart inngått i fjor og skal vare i fem år. Det internasjonale havforskingsrådet ICES har tildelt kvoter for pigghåfisket dei neste to åra basert på informasjon frå prøvefisket til elevane.

– Vi fekk telefon frå det internasjonale havforskingsrådet mens vi var på tokt i haust. Informasjonen vi har gitt, har altså medført at fisket no blir sett i gang att etter mange år med forbod. Det er spesielt å oppleve og seier noko om kor viktig arbeidet har vore. Eg er stolt over elevane og skulen, seier hovudlærar Stig Rune Oldeide.