Sikt sikra seg plass i fylkeshuset

Sikt - kunnskapssektorens tenesteleverandør er andre leigetakar som fyller opp to nye etasjar i det nye fylkeshuset i Bergen.

Fylkeshuset i Bergen sett frå St. Jaobs plass.
SIKT SIKRA UTSIKT: Sikt skal inn i 6. og 7. etasje i tårnet til venstre. Like nedanfor ligg eit koseleg lite byrom ved St. Jakobs kyrkje. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

– Vi er veldig glade og gleder oss til å flytte inn. Dette blir et stort løft for heile organisasjonen, både for oss som jobbar i Bergen til dagleg og for dei som kjem på besøk, seier Henrik Tøndel, fagdirektør i Sikt.

Sikt er eit statleg forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. Dei sikra seg 6. og 7. etasje i bygget som frå før skal huse fylkesadministrasjonen, Skyss, heiltids fylkespolitikarar og Harris Advokatfirma som signerte i førre veke.

– Vi fall for heilheten i dei moderne og flotte lokala, fellesområda, beliggenheiten, og det at vi kan vere nært demokratiske organ, legg Tøndel til.

Særleg beliggenheiten, midt i Bergen sentrum med umiddelbar nærheit til kollektivknutepunkt og Bystasjonen var veldig viktig for dei, sidan dei også har kontor i Trondheim og Oslo.

– Med den sentrale plasseringa blir det lett for alle tilsette å komme seg til jobben, seier Tøndel.

Veldig godt motteke

Sikt har om lag 90 tilsette i Bergen, og dei tek sikte på å flytte inn i 6. og 7. etasje i fylkeshusets nordre tårn i mai 2023. Der ser dei fram til å sette sitt eiga preg på omgjevnadane.

– Vi ønsker å skape eit inviterande og hyggeleg arbeidsmiljø, seier Tøndel.

Nyheiten blei offentleggjort internt i Sikt på onsdag. Alle var samla til møte, og seinare på dagen ble kontrakten feira med kake.

– Det har sjølvsagt vore stor spenning knytt til dette internt, og det var ekstra stats å kunne gå ut med nyheiten når det er så fine og sentrale lokale vi skal inn i. Eg vil seie at nyheiten blei veldig godt motteke, smiler Tøndel.  

Dette er Sikt – kunnskapssektorens tjenesteleverandør

Sikt blei danna 1. januar 2022 då Unit, NSD og Uninet slo seg saman. På sine nettsider beskriv dei seg slik: «Sikt utviklar, skaffar og leverer tenester til utdanning og forsking. I samspel med sine brukarar og kundar skal dei tilby ein felles infrastruktur for kunnskapssektoren som gir ein smidigare kvardag, og som oppfyller overordna mål om digitalisering, datadeling og open forsking».

Sikt har hovudkontor i Trondheim. I Bergen held dei i dag til i Harald Hårfagres gate, like ved Studentsenteret. Dei har lenge ønskt å finne meir eigna lokale.

Glad eigedomsdirektør

Eigedomsdirektør i Vestland fylkeskommune, Jostein Fjærestad, er strålande fornøgd med signeringa.

– Vi er glade for å ønske Sikt velkommen. Saman med Vestland fylkeskommune og Harris Advokatfirma er no fylkeshuset 80 prosent fylt opp, og det er vi godt nøgd med eit halvt år før innflytting, seier han.  

Advokatfirma i 8. og 9. etasje

Frå før har Harris Advokatfirma sikra seg to av etasjane i fylkeshuset. Med det gjenstår å fylle opp 5.,10. og 11. etasje, samt næringslokala i 1. etasje.

Fylkeshuset i Bergen er framleis under oppføring, og akkurat no blir det jobba med innreiing av elektrisk anlegg. Om lag 780 medarbeidarar frå fylkesadministrasjon, Skyss og fylkespolitikarar skal jobbe i bygget frå 23. februar 2023, mens om lag 70 tilsette i Harris flyttar inn i årskiftet 2023/2024.

Ledige næringslokale i 1. etasje

Kyte Næringsmegling er på vegner av fylkeskommunen i dialog med fleire aktuelle leigetakarar og saman med eigedomsdirektør Jostein Fjærestad håpar dei at det resterande arealet i det nordre tårnet i fylkeshuset er utleigd i løpet av året.

I tillegg til utleige av kontorareal, er det utleige av fire næringsareal i 1. etasje.