Harris Advokatfirma blir første leigetakar i fylkeshuset i Bergen

– Totalpakken er veldig god, og vi ser fram til å flytte inn i to etasjar i det nye fylkeshuset, seier Olav Pedersen, advokat og partnar i Harris.

Olav Pedersen og Jostein Fjærestad står foran det nye fylkeshuset.
SVÆRT NØGD: Olav Pedersen (t.v) frå Harris Advokatfirma og Jostein Fjærestad, eigedomsdirektør i Vestland fylkeskommune, gler seg over at leigekontrakten er i hamn. Harris skal leige 8. og 9. etasje i tårnet til høgre i det nye fylkeshuset i Bergen. Foto: Jennifer Fossnes, Vestland fylkeskommune.

Harris Advokatfirma har som første leigetakar signert kontrakt med Vestland fylkeskommune. Til neste år overtar dei to etasjar i det nordre tårnet, også kalla VS13, i det nye fylkeshuset midt i Bergen sentrum.

– Vi falt for ein totalpakke som var veldig god. Bygget er flott, ligg svært sentralt med tanke på kollektivtransport og har høg berekraftsstandard. Vi skal bygge framtidas arbeidsplassar her, og berekraft er veldig viktig for oss, seier Pedersen.  

– Dette er også ein del av byen der det skjer mykje spennande, påpeikar han. 

Moderne bygg 

møterommesenter
MØTEROMSPOOL: I 4. etasje finn du eit stort møteromssenter med heile 31 møterom. I tillegg er det to større salar og fylkestingssalen som òg kan brukast til møte, konferanse eller arrangement. Illustrasjonsfoto: NWS Arkitektur.

Fylkeshuset i Bergen er framleis under oppføring, og akkurat no blir det jobba med innreiing av elektrisk anlegg. Om lag 780 medarbeidarar frå fylkesadministrasjon, Skyss og heiltids fylkespolitikarar skal jobbe i bygget frå 23. februar 2023.  

Det er dei øvste sju etasjane i det nordre tårnet som skal leigast ut. Leigetakarane får tilgang til fellesfunksjonar som møtesenter med 31 møterom i 4. etasje, fylkestingssal/auditorium, sosiale soner, kantine, treningssal og eige rom med treningsapparatar, stor sykkelparkering og garderobar.  

illustrasjon av fylkestingsalen.
DU KAN LEIGE FYLKESTINGSALEN: Salen er forma som eit autitorium og passar til større arrangement med mange tilhøyrarar. Illustasjon: NWS Arkitektur.

– Bygget er veldig moderne i tankegangen. Kontorlokale med slike fleirbruksfunsjonar er det ikkje så mange av sentralt i Bergen. Her har de tenkt berekraft og delingskultur som vi setter stor pris på, seier Pedersen, og legg til at dette blir ein stad det blir lett for klientar å komme til.  

– Vi får fasilitetar som er bra for både oss og klientane våre, seier han. 

8. og 9. etasje og fantastisk utsikt

Takterrasse / hage
LUNSJ I DET GRØNE: Fylkeshuset får fleire hagar eller takterrassar, som skal ha planter frå Vestland. Dei som held til i utleigedelen i nordre tårn, vil få tilgang til hagen i 7. etasje, og terrassen i tilknytting til kantina i 4. etasje.

Også uteområda og takterrassen fall i smak hos advokaten.  

– Området mot St. Jakobs kyrkje er eit veldig fint byrom, og takterrassen gler vi oss veldig til å ta i bruk, påpeikar han.  

Harris har 75 tilsette, der 69 i dag har vakse ut av lokala i Dreggsalmenningen i Bergen. Seks tilsette har kontorplass i Førde. Som første leigetakar fekk advokatane i Bergen fritt etasjeval og plukka ut 8. og 9. etasje, med fantastisk utsikt over byen.  

Overtaking skjer 1. desember 2023, og Pedersen ser for seg at dei kan begynne å ta imot klientar der frå januar 2024.

Harris Advokatfirma er 100 år i 2024 så timinga med nye lokale kunne ikkje vore bedre.

Både han og kollegaene hans ser fram til å sette personleg preg på etasjane i det nye bygget.  

– Vi har full friheit. Utanom teknisk rom og toalett som har fast plass i etasjane, får vi sette vårt preg på områda, frå scratch. Tida fram mot jul vil gå til innreiing, så får vi ei så sømløs overtaking som mogleg, seier han.  

Solid inntrykk av Vestland fylkeskommune som huseigar 

Olav Pedersen setter stor pris på prosessen dei har vore gjennom i forkant av signeringa. Han røpar at det var det solide inntrykket av Vestland fylkeskommune som huseigar og ikkje minst eigedomsdirektør Jostein Fjærestad som tippa vektskåla.  

Det er Fjærestad glad for å høyre. Han ønsker Harris hjarteleg velkommen.  

– Vi er veldig glade for ha vår første leigetakar på plass, og vi liker at det er Harris. Det er eit advokatfirma som ønsker eit moderne kontorkonsept og som vil utnytte alle dei attraktive delingsareala og tenestene i bygget, seier eigedomsdirektøren.  

God interesse for dei øvrige lokala

Det er Kyte Næringsmegling ved Trond Lehmann Syversen som meklar på vegne av Vestland fylkeskommune.  

– Vi blei veldig glade då vi vann den offentlege konkurransen for å vere Vestland fylkeskommune sin mekler. Dette var noko vi hadde lyst på då vi så at bygget hadde absolutt alt leigetakarar ber om i dag. Alt frå moderne, flotte, gode kvalitetar til miljø og berekraft, då bygget er eit BREEAM-NOR Excellent-bygg, med energiklasse A, kommenterer han.  

Det har teke noko tid å få på plass den første leigetakaren, men det er ikkje uvanleg.  

– Vi starta på oppdraget i februar, og vår erfaring er at større leigeprosesser tar tid. Dette for at alle forhold blir seriøst gjennomgått og kvalitetssjekka av begge partar. Vi jobbar òg med innreiingsforslag og kvalitetar, påpeikar Lehmann Syversen. 

– Vi opplevde prosessen med Harris som effektiv og målretta. Partane var einige før sommaren, men vi måtte venta på politisk behandling i fylkesutvalet 6. september før vi kunne offentleggjere kontrakten, legg han til.  

Kyte Næringsmegling er på vegner av fylkeskommunen i dialog med fleire aktuelle leigetakarar og Trond Lehmann Syversen og Jostein Fjærestad håpar at det resterande arealet i det nordre tårnet i fylkeshuset er utleigd i løpet av året.

I tillegg til utleige av kontorareal, er det utleige av fire næringsareal i 1. etasje.