
Leig kontorlokale i VS13
Totalt 5075 m2 over sju etasjar er ledige til leige. Lokala er moderne og fleksible, og du får byens beste utsikt! Leigetakarar får tilgang til resepsjon, felles møte- og konferansesenter, kantine, terrasse, sykkelparkering, treningsrom og garderobe.

Næringslokale til leige
På gateplan er det fire ledige lokale til spisestad, butikk eller anna næring. Det største lokalet har kjøkken og uteområde og er for kafé eller restaurant. Ope og moderne, og med stort kundetilfang, gjer dette til ein attraktiv plass å drive business.

Leig kontorplass for ein dag, ei veke eller meir.
I 1. og 2. etasje legg vi til rette for at du kan leige kontorplass for ein kortare periode. Det vil vere om lag 80 slike plassar, så det vil alltid vere ein stad å jobbe når du eller ein kollega er i Bergen, eller når du vil ha eit kontorfellesskap midt i byen.
Tidslinje for prosjektet
Bygginga av fylkeshuset i Bergen er svært synleg i bybildet. No er begge tårna reiste. Det er sett av 90 dagar pr. etasje til innreiingsarbeid som startar våren 2022.
Våren 2021
Grunnsteinsnedlegging og byggestart.
Hausten 2021
Nordre tårn – VS13 – blir ferdig reist.
Våren 2022
Heile fylkeshuset er ferdig reist og bygget skal vere tett. No startar innreiinga.
Våren 2023
Fylkeshuset er innflyttingsklar med opning 23. februar 2023!