Om lag 48 000 barn og ungdom i Vestland deltok i Ungdata-undersøkinga

For første gong har nesten alle 5.–7. klassingar, ungdomsskuleelevar og elevar i vidaregåande skule gjennomført Ungdata-undersøkinga på same tid. Det gjev eit breitt og unikt bilde av korleis ungdom i fylket har det.

foto av tre ungdomar
UNGDATA: Funna frå Ungdata-undersøkinga gjev eit godt bilde av stoda for ungdom i Vestland. Fylkeskommunen tek med seg statistikkane vidare i arbeidet med både regional planlegging og i opplæringssektoren. (Foto: Priscilla Du Preez/Unsplash)

– Vi har her fått eit stort og viktig kunnskapsgrunnlag for kartlegging og planlegging i både kommunane og på fylkesnivå – og gode moglegheiter for å sjå geografiske skilnadar, seier Paal Fosdal, fylkesdirektør for strategisk utvikling og digitalisering.

Ungdata er ei undersøking om korleis ungdom har det, og kva dei driv med på fritida. Undersøkinga vart gjennomført våren 2021 av velferdsforskingsinstituttet NOVA og KoRus Vest-Bergen, som er eitt av sju regionale kompetansesenter innan rusfeltet.

Viktig å bruke kunnskapen

Vestland ungdomsutval har vore med i arbeidet med årets Ungdata-undersøking. Leiar Mia Holdhus er særleg oppteken av korleis både fylkeskommunen, kommunar og andre tek kunnskapen med seg vidare i både planlegging og anna arbeid.

– Det har vore spennande å vere med i prosessen med undersøkinga. Det som no er viktig for oss er korleis denne kunnskapen blir brukt til å vurdere kvar ein bør setje inn innsats i fylket. Målet må vere at barn og unge får det endå betre ved at vi brukar denne kunnskapen rett, seier Mia Holdhus, leier Vestland ungdomsutval.

Ungdom i Vestland har det bra

Nøkkeltal frå undersøkinga syner at de fleste ungdommar i Vestland har det bra. Dei fleste har venner og nokon å vere saman med på fritida, og dei er godt nøgde med foreldre, lokalmiljø og skulen – også under korona.

Nokre hovudfunn i undersøkinga er at

  • 91 prosent av elevane i vidaregåande skule og 92 prosent av elevane i ungdomskulen synest at livet er bra
  • 93 prosent av elevane i vidaregåande skule og 89 prosent av elevane i ungdomskulen har nokon å vere saman med på fritida
  • 86 prosent av elevane i vidaregåande skule og i ungdomskulen er nøgde med foreldra sine
  • 68 prosent av elevane i vidaregåande skule og i ungdomskulen er nøgde med lokalmiljøet der dei bur

Dei fleste trivst på skulen

Dei fleste ungdommar rapportere at dei trivst på skulen, at lærarane bryr seg om dei og at dei passar inn blant jamaldringane. Det finst likevel nokre som har negative opplevingar knytte til skulen. Eit mindretal gruar seg ofte til å gå på skulen, og ganske mange opplever skulen som keisam. Fylkesdirektør for opplæring og kompetanse har som mål at alle skal trivast og ha medverknad i eige læringsarbeid.

– Vi jobbar heile tida mot at elevane er i eit inkluderande læringsmiljø og har eit godt opplæringstilbod. Vi er særleg opptekne av at elevane skal bli møtte med tillit, respekt og krav og at opplæringa fremjar trivsel, lærelyst og meistring. Skulen skal vere ein god stad å vere for alle, og det er det overordna målet vi jobbar mot, seier fylkesdirektør Bjørn Lyngedal. 

Viktige funn frå opplæringssektoren er at

  • 95 prosent av elevane i vidaregåande skule trur dei vil fullføre vidaregåande opplæring
  • 72 prosent av elevane i vidaregåande skule og 64 prosent av elevane i ungdomskulen er nøgde med skulen sin.
  • 66 prosent av elevane i vidaregåande skule og 51 prosent av elevane i ungdomskulen trur dei kjem til ta utdanning på universitet eller høgskule.
  • 13 prosent av elevane i vidaregåande skule og 16 prosent av elevane i ungdomskulen trur dei ein gong kjem til å bli arbeidsledige.

Les meir i nøkketalsrapportane for Vestland.

Mykje skjermtid

74 prosent av elevane i vidaregåande skule og 72 prosent av elevane i ungdomskulen brukar minst tre timar kvar dag framfor ein skjerm. Her ligg Vestland høgare enn landet samla. Gjennomsnittet for Noreg dei siste tre åra ligg på 66 prosent for vidaregåande skule og 64 prosent i ungdomskulen.

Men ungdommen sitt ikkje berre stille. 59 prosent av elevane i vidaregåande skule og 66 prosent av elevane i ungdomskulen trenar minst tre gonger i veka. Likevel oppfyller berre 6 prosent av elevane i vidaregåande skule og 7 prosent av elevane i ungdomskulen nasjonale tilrådingar om å vere fysisk aktive, slik at ein blir andpusten eller sveitt, i minst 60 minutt kvar dag. 

Ulik oppleving av pandemien

I årets Ungdata-undersøking var det inkludert spørsmål knytt til korona, og korleis ungdommen har opplevd pandemien. Resultata viser at korona har ført med seg både gode og dårlege ting, og at ungdommen har opplevd pandemiens veldig ulikt.

Samanlikna med tida før korona har 50 prosent av elevane i vidaregåande skule og 46 prosent av elevane i ungdomskulen vore med på færre fritidsaktivitetar. 44 prosent av elevane i vidaregåande skule og 35 prosent av elevane i ungdomskulen hatt mindre kontakt med elevane i klassen. Om lag 30 prosent av elevane i vidaregåande skule og 25 prosent av elevane i ungdomskulen har bekymra seg meir, følt seg meir ulukkelege, triste eller deprimerte og følt seg meir einsame enn før korona.

Generelt har jentene bekymra seg meir, kjent seg meir ulukkelege og hatt mindre sosiale kontakt enn gutane. Det gjeld jenter både på vidaregåande skule og på ungdomskulen.

Les meir i presentasjonen «Ungdata 2021 i Vestland - Korona».

Spørsmål tilpassa Vestland

I tillegg til dei faste spørsmåla i undersøkinga, lagde Vestland fylkeskommune ein «vestlandspakke» med spørsmål, som var obligatoriske for alle elevar i vidaregåande skule. Spørsmåla var av særleg regional interesse, knytt til fylkeskommunen sitt samfunnsoppdrag og arbeidet med samfunnsutvikling i fylket vårt.

Resultata frå svara som kom inn på desse spørsmåla syner blant anna at

  • 96 prosent føler seg trygge når dei er ute i områda der de bur
  • 42 prosent av elevane kan tenke seg å bu i kommunen sin når de blir vaksne
  • 34 prosent er interesserte i politikk og samfunnsspørsmål
  • 18 prosent går eller syklar til skulen
  • 95 prosent føler seg trygge på skulen
  • 51 prosent opplever at meiningane deira blir tekne på alvor når dei fortel noko til læraren sin

Les meir i rapporten «Ungdata 2021 – Vestlandspakken: Vidaregåande skule».

Vegen vidare

Resultata frå Ungdata-undersøkinga skal blant anna brukast i kunnskapsgrunnlag til diverse regionale planar og strategiar. I tida framover vil seksjon for statistikk, kart og analyse i Vestland fylkeskommune sjå nærare på resultata og lage eigne analysar.

Spørsmål kan rettes til seksjon for statistikk, kart og analyse, avdeling for strategisk utvikling og digitalisering.

Les meir om Ungdata-undersøkinga på.