Lang ynskjeliste til NTP – frå fjell til kyst

Det var stor breidde og stort engasjement då det siste av tre dialogmøte om prioriteringar til Nasjonal transportplan(NTP) vart arrangert på Skei.

SOGNINGANE: Ivar Kvalen, Petter Sortland og Roy Egil Stadheim ynskjer at tunnel gjennom Vikafjellet og Hemsedalsfjellet skal prioriterast i neste NTP.
SOGNINGANE: Ivar Kvalen, Petter Sortland og Roy Egil Stadheim ynskjer at tunnel gjennom Vikafjellet og Hemsedalsfjellet skal prioriterast i neste NTP.

Vestland strekk seg frå høgfjell til kyst, og dette spennet gjekk også igjen i tematikken. Med raset på E39 i Våtedalen i førre veke som bakteppe, og langvarig stenging av Vikafjellet, var det skredsikring og fjellovergangar som opptok mange i salen.

Tunnel-fylket

Sogn regionråd var representerte ved ordførarane i Vik, Luster og Høyanger. Dei var opptekne av Vikafjellstunnelen, tunnel gjennom Hemsedalsfjellet, rassikring og meir midlar til vedlikehald av fylkesveg.

– Vikafjellet er Norges mest vinterstengde riksveg​. Ein tunnel vil gje vesentleg kortare reisetid mellom Bergen og Sogn, og vil legge til rette for samarbeid på tvers av regionen, sa Ivar Kvalen, som førte ordet på vegner av sogningane.

Ordførar i Sunnfjord, Olve Grotle, snakka varmt om E39 gjennom sin del av fylket.

– Det har aldri vore fleire innbyggjarar, arbeidsplassar og pendlarar inn til Førde. Vi er i utvikling, men har nokre utfordringar. E39 går gjennom Førde by, har redusert fartsgrense, bandlegg areal og hindrar full effekt av Førdepakken. Løysinga er ein lang tunnel frå Langeland til Bruland, sa Sunnfjord-ordføraren.

– Statens vegvesen har lagt fram ei billegare løysing, no må dette prosjektet inn i NTP.

E39 opptok også representantane frå Nordfjordrådet. Dei har to fjordkryssingar i sin region dei vil ha realisert, den eine er Byrkjelo-Svarstad, del av Ferjefri E39. Den andre er bru Anda-Lote, tenkt finansiert gjennom ferjeavløysingsmidlar. Nordfjord-ordførarane nytta også høvet til å minne om behova for oppgradering av vegen over Strynefjellet.

– Her er situasjonen prekær, vi står i fare for at tunnelane blir stengt på grunn av tunneldirektivet. Dette må løysast med ein ny lang tunnel, og denne må gjennomførast tidleg i NTP, sa Alfred Bjørlo, ordførar i Stad kommune.

NORDFJORDRÅDET: Nordfjord sine innspel til NTP vil gje tryggleik, miljø og verdiskaping, proklamerte Alfred Bjørlo, Leidulf Gloppestad og Per Kjøllesdal.
NORDFJORDRÅDET: Nordfjord sine innspel til NTP vil gje tryggleik, miljø og verdiskaping, proklamerte Alfred Bjørlo, Leidulf Gloppestad og Per Kjøllesdal.

– Vi vil gje naturen ei stemme

Målet med dialogmøta er å løfte fram ulike synspunkt, frå heile fylket. Nyonga Amundsen representerer Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.

– Vi vil gje naturen ei stemme. Våre tre hovudinnspel til NTP er å greie ut eit nytt og moderat alternativ for Ferjefri E39, betre kollektivtransport ved å satse meir på miljøvenleg teknologi og miljøvenleg drivstoff, og betre vedlikehaldet på eksisterande vegar.

NEI TIL FERJEFRI: Naturvernforbundet har engasjert seg sterkt mot Ferjefri E39.
– Vi ropar varsku, dette er eit av dei største inngrepa i norsk natur nokon sinne. Det kostar enormt, aukar klimagassutslepp og det bryt med FN-konvensjonen, seier Nyonga Amundsen.
NEI TIL FERJEFRI: Naturvernforbundet har engasjert seg sterkt mot Ferjefri E39. – Vi ropar varsku, dette er eit av dei største inngrepa i norsk natur nokon sinne. Det kostar enormt, aukar klimagassutslepp og det bryt med FN-konvensjonen, seier Nyonga Amundsen.

Sjøvegen

Det vart mykje veg, men også rom for andre transport-tema på Skei denne dagen. Fylkesdirektør for mobilitet og kollektivtransport, Håkon Rasmussen, tok føre seg potensialet som ligg i digitalisering og ny teknologi.

Men teknologi kostar. Skal fylket halde fram elektrifiseringa av ferjesektoren, og få fram null- og lågutsleppsløysingar for buss treng vi statleg bidrag, påpeika Rasmussen.

­– Elektrifiseringa av ferjesektoren gjev eit enormt press på driftsbudsjettet vårt, i tillegg til  investeringskostnadane. Vi må skape forståing hjå staten, på at dette må sjåast på som teknologi- og næringsutvikling, sa Rasmussen.

DIREKTØRANE: Håkon Rasmussen, fylkesdirektør mobilitet og kollektivtransport,  saman med Dina Lefdal, fylkesdirektør for infrastruktur og veg og fylkesordførar Jon Askeland.
DIREKTØRANE: Håkon Rasmussen, fylkesdirektør mobilitet og kollektivtransport,  saman med Dina Lefdal, fylkesdirektør for infrastruktur og veg og fylkesordførar Jon Askeland.

Fylkesdirektøren fekk støtte frå Gunn Åmdal Mongstad, ordførar i kystkommunen Solund og leiar i Kystrådet.

– Det har vore mykje snakk om veg, eg vil snakke om sjøvegen. Alle ledd er viktige for oss: ferje, båt, og bruer. Vi er spesielt opptatt av at staten skal ta større del av kostandane knytt til elektrifisering av ferjer. Vi kan ikkje leve med at redusert frekvens og høgare prisar, skal leggast på oss som brukar desse tenestene til dagen og er avhengig av dei, sa Mongstad.

Ho trakk også fram fiskerihamner, og Stad skipstunnel, noko Randi Humborstad brukte si tilmålte taletid svært effektivt til å argumentere for.

– Stad skipstunnel er god samferdslepolitikk, miljø- og klimapolitikk, næringspolitikk og distriktspolitikk. Eit samla næringsliv langs kysten og Vestlandsfylka prioriterte Stad skipstunnel i sine innspel til Nasjonal transportplan (2018-2029), men no treng vi oppstartsmidlar på statsbudsjett for 2021.

​Takksam fylkesordførar

Det er ein fylkesordførar full av motivasjon og tiltakslyst som oppsummerer dei tre dialogmøta.

– Kva inntrykk og tankar sit du att med?

– Først av alt er eg takksam for engasjement og oppmøte. Folk var godt førebudde, stilte opp og ga oss godt grunnlag for vidare arbeid. Eg er også positivt overraska over at deltakarane har vore meir samla i sine innspel regionalt enn eg hadde venta. Det er flott at vi snakkar om Sogn og Fjordane og Hordaland, men eg er glad for at dei også målber at vi vil kjempe for landsdelen vår - at vi skal få vår del av kaka, seier Jon Askeland.

– Kom det fram noko nytt på Skei?

– Det vart endå tydlegare kva det betyr å leve med usikkerheita rundt ras og stengde vegar, og kva det gjer med dei som skal bu og arbeide her. Infrastruktur er avgjerande for vekst og utvikling, og desse signala berre forsterkar engasjementet mitt for at vi skal byggje oss saman.

FEMBARNSMOR: Representantar for foreldreaksjonen for betre veg til Oldedalen hadde teke turen til Skei. Fembarnsmor Hege Gjertsen heldt eit kjenslelada innlegg. Her saman med  Jannicke Bergesen Clarke, leiar i hovudutval for samferdsel og mobilitet (t.v).
FEMBARNSMOR: Representantar for foreldreaksjonen for betre veg til Oldedalen hadde teke turen til Skei. Fembarnsmor Hege Gjertsen heldt eit kjenslelada innlegg. Her saman med Jannicke Bergesen Clarke, leiar i hovudutval for samferdsel og mobilitet (t.v).

Etter denne uvêrsvinteren er det no Vestland sin tur når det gjeld skredsikringsmidlar, meiner fylkesordføraren.

– Andre tema som vart nemnt på alle dei tre møta er meir midlar til vedlikehald, og etterslepet på vegnettet. Vi er også samkøyrte på behovet for auke jernbaneinvesteringane her i vest, både til Bergensbanen og for å realisere ny E16 mellom Bergen og Voss. Breiband og Stad skipstunnel har også unison støtte, seier Askeland.

Administrasjonen tek innspela frå møta med seg i si saksutgreiing, men ynskjer også skriftlege innspel. Desse må vere fylkeskommunen i hende innan 3. april.

Parallelt med den vidare politiske prosessen vil fylkesordføraren be om eit møte med samferdsleministeren for å avklare bestillinga.

– Utfordringa vår vil ligge i prioriteringar på riksvegprosjekt. Vi går oss vill om det vi leverer ikkje samsvarar med det samferdsleministeren bestiller.