- Vestland skal ha sin rettmessige del ut av kaka

Vel 80 møtte opp då fylkesordførar Jon Askeland inviterte til det første av tre innspelsmøte om Nasjonal transportplan (NTP) i Bergen onsdag.

TRE PÅ RAD: Fylkesordførar Jon Askeland, Dina Lefdal, fylkesdirektør  avdeling infrastruktur og veg og Håkon Rasmussen, fylkesdirektør  mobilitet og kollektivtransport er klare for innspel om Nasjonal transportplan.
TRE PÅ RAD: Fylkesordførar Jon Askeland, Dina Lefdal, fylkesdirektør avdeling infrastruktur og veg og Håkon Rasmussen, fylkesdirektør mobilitet og kollektivtransport er klare for innspel om Nasjonal transportplan.

- For 90 år sida var vegarbeid mykje pliktarbeid og var gjort utan NTP, seier fylkesordførar Jon Askeland.

- Vi har bygd oss tettare saman heile tida med store ingeniørbragder, og vi skal fortsetje med dette. Vi treng meir veg, men samstundes skal vi på delar av infrastrukturen gjere mindre, fortsett han.

Fylkesordføraren seier vidare at Vestland skal ha sin rettmessige del ut av kaka.

- Vi kjenner på liv og helse kvar dag med rasfarlege veger. No ber vi om innspel. Vestland fylke skal lytte på kva som kjem fram her i dag, seier Askeland.

Kommunar, partar i arbeidslivet, miljøorganisasjonar, interesse- og trafikantorganisasjonar innan samferdsle og offentlege instansar i tillegg til fylkespolitikarar møtte opp. Her mangla det ikkje på innspel på kva som var det viktigaste innanfor samferdsle.

folk i møte
I DIALIG: Jan Ove Halsøy frå NLF, Nils Petter Støyva, Atle Kvamme frå Bergen Næringsråd, Grethe Karin Berg Regiondirektør for NHO Vestlandet og Tom Skauge frå Naturvernforbundet hadde fleire gode innspel.

Dette vil byrådsleiar ha

Byrådsleiar Roger Valhammer frå Bergensalliansen meiner at Bergen har lukkast med vekst i talet på passasjerar i kollektivtrafikken som har auka med 50 prosent. Byene må fortsatt levere, og det krever at staten investerer.

- Det vi held på med fungerer og vi har oppnådd 13 prosent reduksjon i biltransport gjennom bomringen. Vi må nå utfordringer med regjeringens mål om 50 prosent utslipp innan 2030, og eg forventer at staten aukar dei statlege bidragene til byene som lukkast med å få ned personbiltransporten, seier han.

Byråden vil halde på vidare utbygging av bybanen og vil vidareutvikla byvekstavtalen som verkemiddel. I tillegg vil byråden prioritere nytt tunnelløp og forlenging av Fløyfjellstunnelen, E16 mellom Arna-Stanghelle og Ringveg Øst.

Ulike prioriteringar

folk i møte
SPØRSMÅLSRUNDE: Fv. Nils Magne Slinde frå Statens vegvesen, Dina Lefdal, fylkesdirektør avdeling for infrastruktur og veg og Håkon Rasmussen, fylkesdirektør avdeling for mobilitet og kollektivtransport.

Ordførar Hans Erik Ringkjøb frå Regionrådet Aurland, Vik og Voss vil ha oppstart på den rasutsette strekninga frå Bergen til Stanghelle så snart som mogleg.

Atle Kvamme frå Bergen Næringsråd vil ha verdiskaping gjennom Ringveg øst. Han meiner at dette er den mest lønnsame veginvesteringa nasjonalt. Han saknar vidare ein «ettersleps»-strategi for vedlikehaldet på vegane som er på 85 milliardar kronar på fylkesvegnettet.

Jan Ove Halsøy frå Norges Lastebileier Forbund (NLF) meiner at det berre er flaks som avgjer om det går menneskeliv tapt på vegane.

- Kva annan arbeidsplass godtar at flaks er eit HMS-tiltak? Våre yrkessjåførar er dette ekstra belasting som kvar dag må køyre på rasfarlege strekningar, seier Halsøy.

På lista frå NLF står auka løyvingar til rassikring, vintervedlikehald, gul midtstripe, fleire døgnkvileplassar nasjonale føringar på ferjesamband.

Tom Skauge frå Naturvernforbundet og Roald Kvamme frå Norges Miljøvernforbund viste sterkt engasjement mot Hordfast og meiner at prosjektet er det største naturinngrepet i moderne tid. Dei meiner at dette er eit brot på FN konvensjonen, Lov for Naturmangfald og Nasjonal strategi «Natur for livet».

Askeland sitt ønske

- Dette var gode innlegg med høg kvalitet og debatten har vore god. Mitt kakeønske er 160 milliardar av 1000 milliardar i NTP. Det er vel ikkje umogleg? spør Askeland.

Han slutta av med å seie at NTP skal byggje landet, sikre verdiskaping, vere i front på klima og miljø, styrke Vestlandet sin konkurransekraft.

No ønsker han å få innspel innan fredag den 3. april.