Vil ha meir til vedlikehald og drift - utan omkampar

– Den som ikkje forstår seg på samferdsel, forstår seg ikkje på vestlandspolitikk, seier fylkesordførar Jon Askeland.

GODE INNSPEL: Fylkesordførar Jon Askeland vil ha minst 160 milliardar til samferdsel på Vestland.
GODE INNSPEL: Fylkesordførar Jon Askeland vil ha minst 160 milliardar til samferdsel på Vestland.

Fylkesordføraren heldt sitt andre møte om Nasjonal transportplan (NTP), denne gangen på Stord.  

– Vi inviterer alle til å stille spørsmål om kva vi vil med denne planen. Kva vil vi NTP skal gi oss? Vi må ha gode argument for kvifor vi skal ha vår del av pengepotten, seier Askeland.  

Toler ikkje belastninga 

Vedlikehald av vegar, skred og flaum, i tillegg til klima og miljø er punkt som gjekk igjen hos dei fleste som heldt innlegg under dialogmøtet. Vestland fylkeskommune, som ved årsskiftet fekk ansvar for drift og vedlikehald av fylkesvegane, har også ekstra fokus på dei vegane som fungerer som omkøyringsveg når det skjer ei ulukke på riks- og europaveg.  

– Mange av fylkesvegane er ikkje tilpassa belastninga dei får når det skjer ei ulukke, seier John Martin Jacobsen, seksjonssjef i Vestland fylkeskommune.  

– Ikkje ta omkampar 

Kåre Martin Kleppe frå Sunnhordlandsrådet ønskjer at fylkeskommunen stiller garanti for Bømlo fiskerihamn ved å sikre seg midlar frå staten, støtte til Stord lufthamn som det kostar 22 millionar kroner å drifte kvart år, i tillegg til midlar til E134. Til slutt kom han med ei oppmoding:  

– Vi må ikkje ta omkampar. Då kjem vi ikkje eit steg vidare. 

Tryggleik langs vegen 

I Hardanger er det rasutsette vegar som er på topp på prioriteringslista.  

Klimaendringar aukar rasfaren. Vi som ferdast langs vegen vil føle oss trygge, at ungane kjem seg til trygt til skulen. Vi treng ei firedobling av midlar, meiner Torgeir Ness frå Hardangerrådet.  

Anne Grethe Sandtorv frå Stord næringsråd er samde med Sunnhordlandsrådet i mykje av prioriteringane: 134 Haukelivegen, støtte til drift av Stord lufthamn, garanti til pengar til Bømlo fiskerihamn, i tillegg til auke i potten til vedlikehald av fylkesvegar.  

Etter vel fire timar tok fylkesordføraren ordet igjen.   

– Mitt ønske står ved lag. NTP er på 1000 milliardar kroner, så 160 milliardar er eit minimum av kva vi skal ha, seier fylkesordføraren, og fekk applaus frå salen.