Flaggskipet for yrkesfag opna i Åsane

– Skulen er eit flaggskip for yrkesfag, seier rektor Jens-Petter Storheim. Nye Åsane vidaregåande skule vart offisielt opna fredag 16. oktober.

SNORKLIPPING:  – Dette er ein siger for yrkesfaga, seier fylkesordførar Jon Askeland som klipte snora som offisielt opna Åsane vidaregåande skule. Elevrådsleiar Håkon Randal og rektor Jens-Petter Storheim (t.h.).

– Dette har vi venta på i 54 år. Det er ein god bygning å kome inn i.  «Wow», seier folk. Bygningen tar pusten frå oss. Mange seier dei får energi. Dette er fantastisk, noko vi berre kunne drøyme om. Vi er grådig stolte over å få vere ein del av dette. Her skal alt saman pulsere. Vi skal skape noko meir enn det vi kan gjere kvar for oss, seier rektor.

Nye Åsane vidaregåande skule får den største elevkapasiteten i Vestland fylke med 1700 elevar når alt er teken i bruk. I dag har skulen 1300 elevar.

Åsane vidaregåande skule er på 27 000 kvadratmeter og har kosta 880 millionar kroner.
Åsane vidaregåande skule er på 27 000 kvadratmeter og har kosta 880 millionar kroner.

Ei konfekteske av ein bygning

– Det er ein siger for yrkesfaga å bygge slik, seier fylkesordførar Jon Askeland som klipte over snora som markerte den offisielle opninga. Askeland kallar skulen ei konfekteske av ein bygning.

– Her har vi skule, tannklinikk, rettleiingsteneste, fengselsundervising, byggfagkontor, kulturhus, kulturskule, kultursal, bibliotek og kafé. Gratulerer Åsane og gratulerer åsabu. Dette er ein hjørnestein i ordets rette forstand og vil ha svært mykje å seie for mange. Åsane er den største bydelen i Bergen med 42 000 innbyggarar og rask utvikling. Eg er glad for at kommunen og fylket kan legge til rette for godt liv her, seier Askeland.

– Dette er ein levande bygning med skule og tannklinikk på dagtid og kultur på kvelden, seier varaordførar Rune Bakervik i Bergen kommune og overrekte ei gåve til rektor Jens-Petter Storheim.
– Dette er ein levande bygning med skule og tannklinikk på dagtid og kultur på kvelden, seier varaordførar Rune Bakervik i Bergen kommune og overrekte ei gåve til rektor Jens-Petter Storheim.

Fantastisk samarbeid

Fylkesordføraren rosar det gode samarbeidet.

– Takk for fantastisk samarbeid mellom Bergen kommune og Vestland fylkeskommune. Eg ønskjer velkommen til meir samarbeid. Dette er vegen å gå når det offentlege skal investere i lag og vi kan bruke investeringa ikkje berre i skuletida, men og på ettermiddag og kveldstid.

Vestland fylke har 23 000 elevar i vidaregåande opplæring.

– Vi satsar på unge og skulane. Det er den aller viktigaste rolla vi har som utviklingsaktør. Ungdommane er framtida. Difor er skulebygningane så viktige. Dei skal fylle korridorane og klasseromma. Og om få år skal dei overta ansvaret for samfunnstyringa. På vegen til fullført utdanning går dei gjennom håp og draumar og får rettleiing, seier fylkesordførar Jon Askeland.

– Åsane vidaregåande skule er eit kraftsenter for yrkesfag og for bydelen.  Åsane har fått skulen dei fortener, seier fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal (t.v.). – Dette er fantastisk, noko vi berre kunne drøyme om, seier rektor Jens-Petter Storheim.

Største nokon gong i fylket

Eigedomsdirektør Jostein Fjærestad seier at dette er det største fylkeskommunen nokon gong har bygt.

– Det er ein fantastisk flott bygning på 27 000 kvadratmeter til 880 millionar kroner. Vi har fått mykje for pengane. Det blir 19 000 kroner kvadratmeteren. Så billeg har vi ikkje kunne bygd sidan tidleg på 2000-talet, seier Fjærestad.

Fahad Al-Rantisi er elev ved Åsane vidaregåande skule og sang vakkert ved opninga.
Fahad Al-Rantisi er elev ved Åsane vidaregåande skule og sang vakkert ved opninga.

Noregsrekord

Gamle Åsane vidaregåande skule vart bygt i 1966 i ein gammal paraplyfabrikk. Fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal, seier det var på tide med ny skule.

– Dette er ein 54 år gammal skule som får ein ny start. Då budde det 10 000 personar i Åsane. No er det 42 000. Planlegginga av den nye skulen starta med ein gong då skulen vart teken i bruk i 1966. Dette må vere noregsrekord i lang tid. Skulen var samtundes lokalisert på 10 ulike stader. Behovet for å samle skulen har vore ekstremt prekært. Her har vi fått ein utruleg flott bygning. Det er ikkje spart på noko. Ungdomen skal få ein god start på livet. Skulen har stor kapasitet og blir eit kraftsenter for yrkesfag og for bydelen.  Åsane har fått skulen dei fortener. Før bygde vi skular som stengte kl. 16 00, no er den open utover kvelden, seier Bjørn Lyngedal.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal takka sentrale personar i byggeprosessen: Rektor Jens-Petter Storheim (f.v.), Guro Kjellerød ved opplæringsavdelinga, prosjektleiar Gunnar Hemre Ringheim og eigedomsdirektør Jostein Fjærestad.

Rettesnor for framtidig samarbeid

Varaordførar Rune Bakervik i Bergen gratulerte.

– Dette er ein bygning for framtida som elevar, unge og gamle skal nyte i mange år framover. Det er ein levande bygning med skule og tannklinikk på dagtid og kultur på kvelden. Det er viktig at vi jobbar saman. Eg vil gjengjelde alt det fine som er sagt om samarbeidet. Det har vore eit fantastisk samarbeid mellom kommunen og fylkeskommunen. Eg håpar dette blir rettesnora for framtidig samarbeid mellom kommunen og fylket. Bergen skal vere den beste byen i verda for ungdom, seier varaordføraren.

– Skulen er eit nasjonalt fyrtårn, seier Magnar Ottar Espelid, leiar av rettleiingstenesta som flytte inn i skulen 1. september. Blomstene er ikkje til rektor Jens-Petter Storheim, men til kona hans.
– Skulen er eit nasjonalt fyrtårn, seier Magnar Ottar Espelid, leiar av rettleiingstenesta som flytte inn i skulen 1. september. Blomstene er ikkje til rektor Jens-Petter Storheim, men til kona hans.

Eit fantastisk løft

Magnar Ottar Espelid er leiar av rettleiingstenesta som tok dei nye lokala i bruk 1. september.

– Vi har opplevd eit fantastisk løft etter at vi har flytta inn her. Skulen er eit nasjonalt fyrtårn, seier Espelid.

«The wind cries Mary» av Jimi Hendrix spela og sang to av lærarane ved skulen: Kjartan Rydland (t.v.) og Vegard Asbjørnsen.
«The wind cries Mary» av Jimi Hendrix spela og sang to av lærarane ved skulen: Kjartan Rydland (t.v.) og Vegard Asbjørnsen.

Opp frå støvet

Hermod Solvi er lærar ved skulen.

– Opp frå støvet frå U. Pihl videregående skole har det reist seg ein vakker bygning. Dette har vi venta på lenge, seier han.

Fylkestannlege Lathamini Murugesh gratulerte og sa at med den nye tannklinkken kan dei gje eit betre tilbod til pasientane. Ho er og glad for at tannhelsesekretærutdanninga er lagt til skulen nær tannklinikken. Den nye tannklinikken skal ha offisiell opning seinare i haust.

– Pasientane i Åsane vil få eit betre tilbod, seier fylkestannlege Lathamini Murugesh.
– Pasientane i Åsane vil få eit betre tilbod, seier fylkestannlege Lathamini Murugesh.