Ein ganske "digg" skule opna i Åsane

– Ganske digg, seier elevar om den nye skulen dei onsdag 19. august flytte inn i. Flunkande nye Åsane vidaregåande skule stod klar til å ta imot 800 elevar og 200 tilsette.

GLADE ELEVAR – NY SKULE: Brage Helløy (f.v.), Kaspar Toppe, Samuel Gebrehiwet, Øystein Sagen og Mikal Sebak.
GLADE ELEVAR – NY SKULE: Brage Helløy (f.v.), Kaspar Toppe, Samuel Gebrehiwet, Øystein Sagen og Mikal Sebak.

– Dette er ein svær oppgradering frå den gamle skulen vi hadde før. Då heldt vi til i brakkar og ein gammal bilverkstad. No har vi gått rundt og sett på den flotte skulen. Vi likar spesielt den opne plassen når vi kjem inn på skulen, seier elevane Brage Helløy, Kaspar Toppe, Samuel Gebrehiwet, Øystein Sagen og Mikal Sebak. Dei går i andre klasse på klima, energi og miljø.

– Vi har ikkje gått på ein så fin skule før, seier Malin Vassdal (f.v.), Anine Gjerde, Sandra Saxstad, Sigve Vambheim, Ann Elisabeth T. Herland, Anne Sofie Romslo og Henriette Aadland.
– Vi har ikkje gått på ein så fin skule før, seier Malin Vassdal (f.v.), Anine Gjerde, Sandra Saxstad, Sigve Vambheim, Ann Elisabeth T. Herland, Anne Sofie Romslo og Henriette Aadland.

Akkurat som på hotell

Elevar på vg3 påbygg er og svært nøgde.

– Dette er ein kjempefin skule. Vi har ikkje gått på ein så fin skule før. Den er stor, moderne og open. Kantina her er fantastisk med pizzabar. Her er det både kokker og servitørar. Det har vi ikkje hatt før. Det er akkurat som hotell, ikkje som heime, seier Malin Vassdal, Anine Gjerde, Sandra Saxstad, Sigve Vambheim, Ann Elisabeth T. Herland, Anne Sofie Romslo og Henriette Aadland.

– Eg har fått teikna min eigen verkstad, og er godt nøgd, seier Kenneth Soltveit, lærar på TIP. Oppe bak er klasseromma med utsikt til alle verkstadene.
– Eg har fått teikna min eigen verkstad, og er godt nøgd, seier Kenneth Soltveit, lærar på TIP. Oppe bak er klasseromma med utsikt til alle verkstadene.

«Once in a lifetime»

I ein av dei mange verkstadene på den nye skulen er lærar Kenneth Soltveit i gang med å gjere klart for å ta imot dei første elevane på teknikk og industriell produksjon (TIP).

– Det har blitt svært bra her. Dette er «once in a lifetime» å få oppleve dette. Det er som å kjøpe ny bil og kjenne godlukten av den. Dette får eg ikkje vere med på fleire gonger i livet. Motivasjonen for oss til å vere her, kan ikkje bli betre. Eg hadde ikkje trudd at vi skulle få det så smakfullt, seier Soltveit.

Undervisinga i klassane går som normalt. Her er lærar Knut Ovrid i ein av klassane på klima, energi og miljø på vg2. Dei kan gå ut i lære som røyrleggar, blikkenslager eller taktekkar.
Undervisinga i klassane går som normalt. Her er lærar Knut Ovrid i ein av klassane på klima, energi og miljø på vg2. Dei kan gå ut i lære som røyrleggar, blikkenslager eller taktekkar.

Formidabel overgang

Tilsette har fått vere med på å planlegge den nye skulen.

– Alle vi som jobbar her, har fått vere med å bestemme og påverke korleis vi skal ha det. Eg har fått teikna min eigen verkstad, og er godt nøgd med den, sjølv om alt eg ville ha, ikkje er på plass. Den gamle verkstaden var på 18 ganger 12 meter. Her har vi 20 ganger 27 meter, pluss eige areal til sveising. Det er ein formidabel overgang, seier Soltveit.

På storskjerm ved inngangen: 7,5 timar med videokunst laga av Anne Marthe Dyvi.
På storskjerm ved inngangen: 7,5 timar med videokunst laga av Anne Marthe Dyvi.

Bygge ny kultur

Soltveit har jobba på Åsane vidaregåande skule sidan 2006. No har han fått mange nye kollegaer.

– Vi er 15 her. Berre ein tredel kjem frå den gamle skulen. Resten kjem frå Knarvik, Bergen maritime og Laksevåg vidaregåande skuler. No skal vi bygge ny, felles kultur saman, seier Soltveit.

På den aller første dagen fekk alle elevane omvising klassevis.
På den aller første dagen fekk alle elevane omvising klassevis.

"Ingen annan like god skule"

Noko gammalt utstyr er flytta frå den gamle skulen, mens mesteparten av utstyret i verkstadene er nytt. Samarbeid med Volvo er innleia. Elevane skal mellom anna få mekke på deira bilar. Ut på hausten blir ungdomsskuleelevane i Åsane invitert til skulen.

– Vi vil vise dei kor fint vi har fått det og kva vi har å tilby. Åsane vidaregåande skule skal bli den føretrekte vidaregåande skulen for elevar i Åsane. Dei vil ikkje finne ein annan like god skule, seier lærar Kenneth Soltveit.

– Eg er godt nøgd med den nye skulen, seier rektor Jens-Petter Storheim.
– Eg er godt nøgd med den nye skulen, seier rektor Jens-Petter Storheim.

Imponert over innsatsen

Rektor Jens-Petter Storheim tok imot 800 elevar den første dagen, oppdelt i puljar.

– Her får elevane det beste skuletilbodet i heile Noreg. Vi har godt oppfylte klassar og lange ventelister. Eg er godt nøgd med den nye skulen. Det er godt å vere her. Dei tilsette har vore her ei veke alt og ytt over evne med rydding og utpakking. Eg er imponert over innsatsen kollegaene har gjort, seier rektor Storheim.

Kunstverket «Å samle på farge» er laga av Katrine Gievær.
Kunstverket «Å samle på farge» er laga av Katrine Gievær.

Følgjer smittevernreglane

Undervisinga ved skulen går som normalt, med nokre unntak. Klassane er samla som før og skal jobbe saman i faste grupper. Men det gule farenivået inneber at dei ikkje kan ha nærkontakt med andre klassar eller andre elevar, men må halde avstand.

– Vi følgjer smittevernreglane. Det er ein krevjande situasjon. Alle må vere ekstra nøye med handvask. Handhygiene er viktig, seier rektor Jens-Petter Storheim.

Den offisielle opninga av skulen skjer fredag 25. september.