Omgitt av kunst på nye Åsane vidaregåande skule

Nye Åsane vidaregåande skule og kulturhus husar ikkje berre skule, bibliotek, tannklinikk og ulike kulturarenaer. Her er også store mengder kunst i ulike former og fargar – og det møter deg alt før du kjem inn i bygningen.

foto av kunstverk utanfor Åsane vidaregåande skule
SKULPTURGRUPPE VED INNGANGEN: Utanfor Åsane vidaregåande skule og kulturhus står skulpturgruppa "Transformasjonar, fasar, utvikling" av Annika Oskarsson og Thomas Nordström. (Foto: Pål Hoff)

To store skulpturar av Annika Oskarsson og Thomas Nordström står på plassen utanfor nybygget. Dei ønskjer velkomen, samstundes som dei peikar ut og opp mot «noko» der ute. Ved inngangspartiet til biblioteket finn vi ein del til av den same skulpturgruppa, tre «kokongar», som heng under taket.

Skal treffe ulike brukargrupper

Vidare innover i bygget kjem kunsten til syne som video, fargerike og tredimensjonale veggmåleri, trykk på bjørkefinér, magasinkollasjar, ei hylle fylt med historier, vegginstallasjonar med lys og arbeid i handlaga japansk papir. Variasjon er eit stikkord.

– Kunsten skal snakke til dei ulike brukargruppene i bygget. Her har vi alt frå små barn og pensjonistar i kulturhusdelen til unge vaksne på den vidaregåande skulen. Vi vil ha kunst som er open for tolking og refleksjon for folk i ulike aldersgrupper, med ulike interesser og utgangspunkt. Det har også vore viktig å få kunst som kommuniserer med arkitekturen, slik at bygget og kunsten vert opplevd heilskapleg, seier Grethe Unstad, som har vore kunstnarisk konsulent for byggeprosjektet sidan 2017.

foto av kunst på Åsane vidaregåande skule
FARGERIKT VEGGMÅLERI: Kunstverket "Å samle på farge / Collecting Color" av Katrine Giæver er ein fargekomposisjon som eit tredimensjonalt måleri vi kan bevege oss rundt i. Kunstnaren har teke utgangspunkt i dei mange arkitektoniske elementa og har laga ein fargekomposisjon som går både med og mot arkitekturen. (Foto: Pål Hoff)

Det er offisiell opning av Åsane vidaregåande skule og tannklinikk fredag 16. oktober. Sjølve bygget har fått namnet Hjørnesteinen. HLM arkitektur, b+b arkitekter og Smedsvig landskapsarkitekter har forma anlegget, og  Constructa Entreprenør AS har vore entreprenør.

Kunst i offentlege rom

Fylkestinget har vedteke at fylkeskommunen skal setje av 1,2 prosent av entreprisekostnad til kunst i fylkeskommunale nybygg. Dette er del av fylkeskommunen sitt arbeid med kunst i offentlege rom, å plassere kunst på dei stadane vi ferdast og som er vårt felleseige. Det meste av kunsten i slike prosjekt er bestilt av og vert laga spesielt for bygget. Det blir alltid oppnemnt eit kunstutval, som jobbar med å finne passande kunst og kunstnarar som passar til både bygget og staden.

– Kunst i offentlege rom – til dømes på skular og møteplassar – er tilgjengeleg for alle. Det er kunst for dei som ikkje aktivt oppsøkjer kunst på kunstgalleri og -utstillingar. Det er kunst som oppsøkjer oss. Difor er det særleg viktig med brukarmedverknad og forankring når vi driv med dette arbeidet. På det området har vi gjort eit stort og svært grundig arbeid i Åsane, seier Ronny Skaar som er seksjonssjef for kunst- og kulturutvikling i Vestland fylkeskommune.

Hordaland fylkeskommune starta arbeidet med kunst til Åsane alt i 2017 med forprosjektet Kunstpilot, som fekk 500 000 kr i støtte frå KORO.

foto av kunst på Åsane vidaregåande skule
DIGITALTRYKK OG SVIPENNTEIKNINGAR: Kunstnar Njål Lunde har med kunstverket "Rekonstruksjoner" teke utgangspunkt i den lokale faunaen Haukåsmyrane i Åsane. Verket er sett saman av digitaltrykk og svipennteikningar på bjørkefinér og er montert på betongvegg i atriet og bibliotektrappa. (Foto: Pål Hoff)

Prioriterte elevar og lærarar

Målet med forprosjektet var å integrere kunstfagleg tenking tidleg i prosessen med prosjektering og bygging. Prosjektet ønska også å fange opp tankar og refleksjonar frå dei som skulle bruke bygget. Elevane og tilsette ved den vidaregåande skulen er den største brukargruppa og vart prioriterte.

– Vi ønskte innspel frå elevar og lærarar om kva dei ønska at den nye skulen skulle vere, og kva dei meiner skaper gode møteplassar, fellesskap, tryggleik. Vi ville høyre kva dei meiner engasjerer, kva som skaper identitet, og korleis kunstprosjekt kan spele ei rolle i dette. Responsen blant både elevar og lærarar var svært god. Gjennom arbeidsverkstadar med ulike kunstnarar starta vi ein stor samtale om kunst i offentlege rom, fortel Grethe Unstad, som leia arbeidet.

foto av kunst på Åsane vidaregåande skule
HYLLE MED HISTORIER: Kunstverket "Vår hylle er fylt med historier" av Mia Øquist starta som eit formidlingsprosjekt der kunstnaren deltok i kunstpiloten i samarbeid med skulen. Det vart utgangspunktet for eit sosialt kunstprosjekt, der delar av skulekvardagen på den gamle skulen er "arkivert" i ei hylle på den nye. (Foto: Pål Hoff)

I tillegg til samarbeidet med elevar og lærarar, heldt forprosjektet også informasjon- og dialogmøte med andre brukargrupper.

Gode tilbakemeldingar

Unstad trur den tidlege og grundige involveringa av dei som faktisk brukar bygget til dagleg, har gitt kunst som kommuniserer godt med brukarane.

– Vi har allereie fått gode tilbakemeldingar på kunsten i bygget. Mange ulike kunstuttrykk er representerte, men aktiv fargebruk er noko som går att i fleire av dei. Fleire av kunstnarane har også teke utgangspunkt i det som finst i nærmiljøet rundt bygget, til dømes den lokale faunaen. Inngangspartiet med atriet gir også eit veldig godt møte med både bygget og kunsten. Det er generøst og lyst med særprega gangbruer og eit godt fellesområde for alle brukarar, seier Unstad, som oppmodar alle som har moglegheit til å ta turen innom Åsane for å sjå både nybygget og kunsten.

foto av kunsten ved Åsane vidaregåande skule
FUGLEPERSPEKTIV: Kunstnar Elly Prestegård har laga tre arbeid i handlaga washi/japansk papir i kombinasjon med trykk. Eitt av arbeida – "Fugleperspektiv" – er eit tredelt arbeid ved heisen. (Foto: Pål Hoff)

Tredelt utgangspunkt

Kunstnarane som har laga kunsten i Åsane vidaregåande skule og kulturhus fekk dette utgangspunktet:

  • Det heile mennesket
  • Kunst som identitetsbyggar
  • Kunst som kommunikasjon