Tilskot til berekraftig verdiskaping

Vi lyste ut inntil 20 millionar kroner til tilretteleggjande tiltak for berekraftig verdiskaping i fylket, med prioriterte satsingar innan grøn næringsutvikling og kompetanseutvikling i arbeidslivet. Søknadsfristen er gått ut.

Midlane skal til bidra til at Vestland blir det leiande verdiskapingsfylket basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon.

Prioriterte satsingsområde i 2022

Prosjekta skal bidra til å realisere mål og strategiar i Handlingsprogram 2022-2025 for Berekraftig verdiskaping - regional plan for innovasjon og næringsutvikling. Sjå lenke til plandokumenta på høgre side.

Tema for utlysinga er knytt til to av satsingsområda i Handlingsprogram 2022-2025 Berekraftig verdiskaping: Grøn næringsutvikling og Kompetanseutvikling i arbeidslivet.

Det er utarbeida vurderingskriterier for prioritering mellom søknader som gjeld begge satsingsområda.

Grøn næringsutvikling

Målet for satsinga er eit næringsliv i Vestland med netto nullutslepp 2030, med følgjande delmål:

- Vestland har leiande posisjon internasjonalt i grøne verdikjeder
- Eit innovativt og grønt næringsliv i heile fylket

Prosjekt innan industriell symbiose, sirkulærøkonomi, nye grøne verdikjeder og fornybar energi blir prioritert.

Inntil 1 million kroner er sett av til prosjekt som kan stimulere til utvikling av sirkulære verdikjeder knytt til plast, med særleg merksemd på tiltak og handling innanfor ramma i Vestland fylkeskommune sin plaststrategi.


Kompetanseutvikling i arbeidslivet

Målet for satsinga er fleire arbeidstakarar med rett kompetanse, med følgjande delmål:

- Fleire arbeidstakarar med rett kompetanse
- Det er god tilgang på arbeidskraft
- Vi har tett samarbeid om kompetanseutvikling

Prosjekt der utdanningsinstitusjonar har ei definert rolle blir prioritert.

Industriell symbiose:
Industriell symbiose er ein prosess kor verksemder innanfor eit geografisk område deler på ressursar, til dømes energi, vatn eller avfalls- og biprodukt. Målet er høgast mogleg utnyttingsgrad av avgrensa ressursar og sirkulære modellar med minst mogleg avfall og svinn. I Vestlandporteføljen 2021 er det peika på 16 grøne hubar med stort innovasjonspotensiale gjennom industriell symbiose. Slike moglegheiter finst og i mange andre delar av fylket. Søknader om prosjekt som legg til rette for industriell symbiose som kan bidra til reduksjon i klimagassutslepp og auka konkurransekraft vil bli prioritert.

Sirkulærøkonomi:
I sirkulærøkonomi tek vi godt vare på dei produkta som vi produserer og dei materiala som dei består av, slik at vi kan bruke dei igjen og igjen – i staden for å hente ut stadig meir ressursar frå naturen. Målet er at minst mogeleg skal vere avfall, og at alt er ressursar som kan nyttast på nytt. Slik sett vert det mindre press på naturen, lågare klimagassutslepp og mindre forureining. Dette inneber m.a. at vi må designe produkta våre slik at dei let seg reparere og til slutt demontere. Tenkinga inneber produkt av god kvalitet som varer lenge, og at vi har gode system for å samle inn og tilrettelegge materiala for ny bruk.

Nye grøne verdikjeder:
Nye grøne verdikjeder som gir eit innovativt og grønt næringsliv i heile fylket eller som styrkar Vestland sin internasjonale posisjon vert prioritert.

Fornybar energi:
Behovet aukar for ny produksjon av fornybar energi. Samstundes kjenner vi fleire utfordringar ved å ta ut meir energi frå fornybare kjelder. Fylkeskommunen ynskjer prosjekt som kan gjere meir kraft tilgjengeleg i fylket. Dette kan vere gjennom å betre tilpasse produksjonen av energien til bruken, gjennom prosjektsamarbeid mellom produsentar og forbrukarar. Samspelet mellom produksjon frå ulike kjelder og energiaktørar har potensial for å komplimentere kvarandre for å få eit meir føreseieleg produksjonsmønster. Tilbydarar av energilagring kan i samspel og samarbeid med aktørar innan bruk eller produksjon frigjere nettkapasitet.

Sirkulære verdikjeder knytt til plast:
Inntil 1 million kr er sett av til prosjekt som kan stimulere til utvikling a sirkulære verdikjeder knytt til plast, med særleg merksemd på tiltak og handling innanfor innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylkeskommune sin plaststrategi.

Kompetanseutvikling i arbeidslivet - Vestland kan ikkje lukkast med den grøne omstillinga utan tilgang på rett kompetanse og tilstrekkeleg arbeidskraft.

Nye verdikjeder og forretningsområde set krav til ny kompetanse. Det må rettast spesiell innsats mot å avdekke og fylle nye kompetansebehov. Dette kan gjerast gjennom å vri eller spisse kompetansen til dei som allereie er i arbeid gjennom etter- og vidareutdanningstilbod som kan tilpassast nye behov. I tillegg kan det vere behov for å opprette nye eller endre innhaldet i ordinære utdanningstilbod.

Send søknad via regionalforvaltning.no og ha med følgjande:

  • Skildring av prosjektet
  • Søkar/prosjekteigar, kontaktinformasjon med meir
  • Bakgrunn, prosjektmål, forankring, organisering, samarbeidspartnarar, aktivitetar, målgrupper og resultat/effektar av prosjektet
  • Tidsplan, kostnadsplan og finansieringsplan
  • Det må vere samanheng mellom aktivitetar og kostnadar
  • Skjema om bagatellstøtte må følgje søknaden

Sjå brukarstøtte til regionalforvaltning her.

Sjå andre søkbare fylkeskommunale ordningar

Ordninga er ikkje retta mot bedriftsstøtte, etablerarstøtte, produktutvikling, økonomisk støtte til enkeltbedrifter eller privatpersonar.

Messer, arrangement eller konferansar får normalt ikkje støtte frå denne ordninga.

Midlane kan ikkje dekke:

  • Driftskostnadar i næringsverksemd eller organisasjonar, så lenge det ikkje er del av eit definert utviklingsprosjekt
  • Kausjon eller anna økonomisk garanti
  • Direkte eller indirekte investeringar i eigenkapital i verksemder
  • Fysiske investeringar
  • Lovpålagde oppgåver
  • Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt

Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar med definerte utviklingsprosjekt kan søkje. Føretak kan søkje dersom tiltaket er eit fellestiltak knytt til næringsutvikling.

  • Støttedel frå fylkeskommunen er normalt inntil 50 prosent av godkjent kostnadsoverslag til prosjektet. I særskilte tilfelle, som til dømes forstudium og forprosjekt, kan prosjektet få ei høgare støttesats. Det kan vere at EØS-reglane for offentleg støtte likevel gjer at maksimal støttesats blir lågare. Krava i statsstøtteregelverket gjeld og kan påverke kor mykje og kva støtte det er mogleg å gje.
  • Reglar for godkjend timesats for eige arbeid følgjer reglane som til ei kvar tid gjeld i Innovasjon Norge.
  • Prosjekt kan normalt ikkje få støtte frå fleire finansieringskjelder som fylkeskommunen disponerer, eller har overført til andre.

Basert på retningsliner for verkemiddelbruk vil desse kriteria særleg ligge til grunn for vurdering av søknader knytt til utviklingsmidlar innan grøn næringsutvikling og kompetanseutvikling i arbeidslivet:

Bidrag til å nå mål for utlysinga:
Søknaden må vere tematisk relevant og retta mot måla under grøn næringsutvikling og kompetanseutvikling i arbeidslivet.

Tilretteleggjande tiltak:
Fylkeskommunen støttar tilretteleggjande tiltak, som rettar seg mot generelle utfordringar, og er tiltak på samfunnsnivå. I hovudsak skal midlane gå til mjuk infrastruktur som til dømes klyngesamarbeid, utviklingsarbeid, kompetanseheving og tilrettelegging for næringsutvikling. Det vil bli lagt vekt på at fleire aktørar samarbeider.

Effekt over eit større geografisk område:
Mindre prosjekt utan regional effekt eller overføringsverdi i form av tema eller metodeutvikling får normalt ikkje støtte.

Gjennomføringsevne:
Det vil bli lagt vekt på at søkjar har gjennomføringsevne. Det vil mellom anna seie at det vert vurdert kva kompetanse søkjar har eller vil knyte til seg, organisering og metodebruk og sårbarheita i prosjektet. Prosjektsøknaden må vere realistisk, og risikofaktorane må vere klargjort.

Utløysande effekt:
Tilskot frå fylkeskommunen skal ha utløysande effekt. Det vil seie at utviklingsprosjektet ikkje vil bli gjennomført utan tilskotet frå fylkeskommunen, eller at det ikkje vert gjennomført i ønska omfang eller til ønska tid.

I vurderinga kan det òg bli lagt vekt på å ha ei god fordeling av midlar på mindre prosjekt/forprosjekt, hovudprosjekt og prosjekt innan ulike tematiske og geografiske område.I dette ligg det at søknader kan bli prioriterte framfor andre for å sikre at den samla støtta frå ordninga fordeler seg best mogleg og bidrar til måloppnåing

EØS-regelverket for offentleg støtte (statsstøtteregelverket) gjeld, og kan påverke kva støtte det er mogleg å gje under denne ordninga.

Dersom prosjektet er omfatta av EØS-regelverket blir eventuelle tilskot tildelt etter den såkalla gruppeunnataksforordninga (GBER) eller reglane om bagatellmessig støtte. Desse reglane kan avgrense moglegheitene til å støtte prosjekta, heilt eller delvis.

I søknadsskjemaet må du svare på om di verksemd har motteke bagatellmessig støtte etter EØS-regelverket dei tre siste åra, eller om verksemda har motteke eller søkt anna støtte etter EØS-regelverket til dette prosjektet (GBER). Skjema for stadfesting av tidlegare motteke bagatellstøtte skal ligge ved søknaden, og skal fyllast ut og sendast inn uansett om det er motteke bagatellstøtte dei siste tre åra eller ikkje.

Artiklane under gruppeunnataksforordninga (GBER) som er mest aktuelle å bruke finn de i tabellen under:

 

Artikkel

Forstudie/forprosjekt

Artikkel 25

Utviklingsprosjekt

Artikkel 25

Innovasjonsklynger

Artikkel 27

Opplæringsstøtte

 Artikkel 31

 

Nærare om regelverket for gruppeunnataksforordninga (GBER) - Kommisjonsforordning 651/2014 av 17. juni 2014 – uoffisiell norsk oversetning.

Mindre støtteutbetalingar omtalast som bagatellmessig støtte. Under unntaket for bagatellmessig støtte kan eit føretak ta i mot inntil 200 000 euro over ein  periode på tre år. Dersom GBER ikkje kan nyttast, kan fylkeskommunen vurderer å tildele støtta som bagatellmessig støtte i tråd med regelverket.