Søk tilskot til hurtigladeplassar for elbil

Du kan søke tilskot til utbygging av offentleg tilgjengelege hurtigladeplassar i Vestland.

Fylkeskommunen ønsker å gjere hurtigladetilbodet betre for reisande i fylket. 

Moglegheit for lading undervegs er avgjerande for at det skal vere praktisk å køyre elbil i heile fylket.  Det er framleis behov for offentleg stønad for å bygge ut ladeplassar fleire plassar i fylket. Målet til fylkeskommunen er at det ikkje skal vere lenger enn 50 km køyrestrekning mellom ladeplassane. Samstundes skal det vere nok ladeuttak, for å unngå ladekø.

Fylket har lenge vore i front med utrulling av ladeplassar og fylkeskommunen aukar no innsatsen, særskilt innan ladarar til større køyretøy og ved sjukehusa. 

Kva støttar vi?

Vestland fylkeskommune støtter etablering av ladeplassar med følgjande tre delutlysingar:

Delutlysing 1 - styrking av nettverket av offentlege hurtigladeplassar

Søk om tilskot til etablering av nye og styrking av eksisterande ladeplassa som ikkje kan byggast ut på kommersielt grunnlag aleine.

Kommunar og hurtigladeoperatørar kan søke. 

Delutlysing 2 – Hurtigladarar med høg effekt og drosjeprioritering ved sjukehusa

Delutlysinga skal støtte etablering av hurtigladarar ved sjukehusa med taxiprioritering og høg effekt. Ladeinfrastrukturen skal etablerast innan 2 minutts køyretid frå av- og påstigingsplass for pasient. 

Delutlysing 3 – Etablering av ladeinfrastruktur for større køyretøy

Delutlysinga skal støtte etablering av ladeinfrastruktur for større køyretøy.

Målet med utlysingane

Vestland fylkeskommune har satt av 18,6 millionar til stønadsmidlar til ladeinfrastruktur til elektriske køyretøy. Målet med utlysinga er å utvide ladetilbodet i Vestland for å gjere det det praktisk å bruke elbil i heile fylket.

Fylkeskommunen tilbyr derfor investeringsstønad til deg som vil etablere offentleg tilgjengelege ladeplassar. Ordninga skal gjere det mogleg å bygge ut hurtigladeplassar på stader der utbygging ikkje kan skje på kommersielt grunnlag aleine.  

Det er berre utbygging av offentleg tilgjengelege hurtigladeplassar som vert omfatta av denne ordninga. Nokre av ladeplassane skal ha taxiprioritering. Det skal takast ivare ved skilting. Tilskotsordninga støttar ikkje heimelading/normalladeuttak for drosje eller ladeanlegg i private burettslag og sameige.

 

Kommunar og private hurtigladeoperatørar kan søke på delutlysing 1. Helseføretaka og private hurtigladeoperatørar kan søke på delutlysing 2 og private hurtigladeoperatørar kan søke på delutlysing 3.

Hurtigladeoperatøren skal vere eit lovleg etablert føretak. Føretaket må ha tilstrekkeleg finansiell styrke til å kunne etablere og drifte hurtigladetilbod. Vestland fylkeskommune tar atterhald om å krevje dokumentasjon på desse minimumskrava i søknadsdialogen. Relevant dokumentasjon vil vere attest for skatt og meirverdiavgift, firmaattest og leverandøren sitt årsrekneskap, inkludert noter med styre- og revisjons melding frå dei to siste åra.

Søkjarar kan samarbeide med til dømes andre ladeoperatørar, eigedomsforvaltarar, handels- og serviceverksemder, kraftselskap i prosjektet. Det er òg ønskeleg om ladeoperatøren får finansiering frå andre eksterne aktørar for å gje rom for å utbetre ladetilbodet utover det denne ordninga gjev rom for åleine. Døme på dette kan vere tilskot frå kommunar eller Merkur-programmet. Merkur-programmet gjeld spesifikt for Merkur-butikkane i distrikta.

Tilskotsordninga skal ikkje vere i konkurranse med tilsvarande ENOVA-ordning. ENOVA avkortar deira stønad tilsvarande dersom det er innvilga stønad frå andre offentlege aktørar. Vestland fylkeskommune støttar derfor ikkje prosjekt det er søkt om ENOVA-stønad til.

Delutlysing 1 - Styrking av nettverket av offentlege hurtigladeplassar 

Søk om tilskot til etablering av nye og styrking av eksisterande ladeplassa som ikkje kan byggast ut på kommersielt grunnlag aleine.

Kommunar og hurtigladeoperatørar kan søke. 

Tilskot skal vere avgjerande for at projektet kan realiserast. Delutlysinga gjeld for heile vestland, unntatt bergensområdet (kommunane Bjørnafjorden, Bergen, Øygarden, Askøy og Alver). Det gjerast unntak for ladeplassar i bergensområdet som gagnar drosjenæringa og sambruk mellom bil/båt i vesentleg grad.

Utlysinga skal bidra til å oppnå måla i fylket sin strategi for vidare utvikling av hurtigladetilbodet i Vestland (pdf). Fylkeskommunen kan gje lovleg stønad til einskildføretak for å realisere samfunnsnyttige tiltak som ikkje kan gjerast på kommersielt grunnlag åleine. Nokre ladeoperatørar oppgraderer ladeplassane sine med betre ladeutstyr på kommersielt grunnlag.

 Fylkeskommunen kan derfor ikkje gje tilskot til oppgradering av eksisterande ladeplassar i umiddelbar nærleik til slike ladeplassar. Det gjerast unntak for ladeplassar som ikkje vil påverke konkurransen negativt, eller som gagnar drosjenæringa og sambruk mellom bil/båt i vesentleg grad.

Sjå kart med status for ladetilbod. Klikk på punkta i kartet for meir informasjon.

Delutlysing 2 – Hurtigladarar med høg effekt og drosjeprioritering ved sjukehusa

I samband med vedtak i fylkestinget 16. mars 2022, ønskjer Fylkestinget - at det vert etablert lynladarar ved alle sjukehusa og at det vert vurdert løysingar som prioriterer drosjene. I følgje Norges Taxiforbund er 2 minutts køyretid mellom ladeplass og av- og påstigingsplass som tilfredsstillande. 

Delutlysing 3 – Etablering av ladeinfrastruktur for større køyretøy

Det er pr. 28. februar 2023 registrert 39 elektriske lastebilar Vestland og utviklinga er stigande. Mellom anna BIR og andre transportfirma melder om at dei har fleire køyretøy i bestilling. I følgje nasjonal ladestrategi vil målet om 50 prosent elektrisk del av nyregistrerte lastebilar innan 2030 gjere at det vil vere behov for mellom 1 500 og 2 500 hurtigladarar tilrettelagt for større køyretøy i Noreg i 2030.

Transportbransjen peiker på at utrullinga av offentleg tilgjengelege ladarar til storbil går særskilt treigt i Vestland. Deira standpunkt er at utrullinga må kome i gang straks dersom dei skal investere i elektriske lastebilar. Det peikast på at dersom det offentlege nettverket av ladarar er sterkt nok, så slepp kvar og ein å sette opp hurtigladarar på tomta si, noko som tar beslag i verdifull nettkapasitet i området. Det vil vere arealeffektivt og samfunnsøkonomisk fordelaktig å legge til rette for sentralt plassert infrastruktur framfor at kvar einskild syt for sin eigen.

Desse ladeplassane stiller krav til nok areal, nok elektrisk kraft og god oversikt/trafikkavvikling, ettersom lastebilar har store blindsoner. Dei færraste av dei eksisterande hurtigladeplassane i fylket møter desse krava og det er derfor behov for å sjå på nye lokalitetar.

Eit konkret forslag i nasjonal ladestrategi er å bygge ut ladarar på plassar som er tilrettelagt for kvile, slik at bilane kan lade samstundes som at sjåførane kviler.

Ein slik ladeplass vil vere til god nytte for langtransport, men ikkje fullt så nyttig for lastebilar meint for lokal distribusjon og renovasjon. Det bør derfor byggast ut ladeplassar som er tilpassa desse bilane i tillegg.

Større køyretøy som vert levert i dag kan i stor grad nytte same type ladeinfrastruktur som personbilar og varebilar. Etter kvart er det venta at fleire modellar vil bli utstyrt med MCS, som er ein ny standard som gjev monaleg større ladeeffekt enn dagens CCS-standard (lynladar).

CCS-standarden kan gje ladeeffekt opp til 350 kW, noko som kan reknast om til ein ladetid på ein time og eitt kvarter for ein lastebil med 540 kWh. Til samanlikning vil lading med MCS-standarden gje ein ladetid på om lag 40 minutt. Ladeeffekten for langtransport bør vere over 450 kW. På døgnkvileplassar kan ein greie seg med utstyr som gjev lågare ladeeffekt, ettersom bilane vert ståande i fleire timar på desse plassane. I byrjinga kan det vere tilstrekkeleg med etablering av AC-ladarar med høg effekt på desse plassane. 

Elektrifisering av småbåtar krev ladeinfrastruktur. Vestland fylkeskommune ønsker å legge til rette for elektrifisering ved å støtte infrastrukturutbygging. Sambruk mellom ulike transportmiddel er ei ønska tilnærming for at infrastrukturen skal nå ut til fleire potensielle brukarar. Moglegheita for sambruk mellom bil og båt vert vekta med 10 prosent i delutlysing 1. 

Delutlysing 1 – Styrking av nettverket av offentlege hurtigladeplassar

Søknadar vert evaluert med omsyn til søkt tilskotssum per ladeuttak, ladetilbodet elles i nærleiken, ladeeffekt pr ladeuttak, nytteverdi for drosjenæringa og for småbåtar. Med ladeuttak meinast ladeuttak som kan nyttast til ein kvar tid. Det vil seie at ein ladestolpe med to uttak, der eitt kan nyttast om gongen vert definert som eitt ladeuttak. Likeins, vert ein ladestolpe med fire uttak, der det er plass til to bilar definert som to ladeuttak.

Tabell 1. Evalueringskriterier for delutlysing 1.

Evalueringskriterium

Poengintervall

Vekt

Kr/kW: Omsøkt stønadsbeløp pr installert kW

0-10 i høve til lågaste og høgste kr/kW

40

Lokalisering i høve til nettverket av hurtigladarar

0-10

20

Omsøkt stønadsbeløp pr ladeuttak

0-10 i høve til lågaste og høgste søknadssum pr ladeuttak

20

Moglegheit for sambruk med båt

0-1

10

Nytteverdi drosje

0-10

10

 

Delutlysing 2 – Hurtigladarar med høg effekt og drosjeprioritering ved sjukehusa

Kvalifiserte søknadar er ladeplassar innan 2 minutts køyretid frå av- og påstigingsplass for pasient. Dette skal dokumenterast i søknaden.

Tilbydd ladeeffekt skal vere minimum 149 kW, der effekta ikkje delast på fleire enn to ladeuttak. 

Søknadar evaluerast med omsyn til omsøkt tilskotssum per ladeuttak og ladeeffekt pr ladeuttak, slik det går fram i tabell 2.

Tabell 2. Evalueringskriterier for delutlysing 2

Evalueringskriterium

Poengintervall

Vekt

Omsøkt stønad pr ladeuttak

0-10 i høve til lågaste og høgste søknadssum pr ladeuttak

40

Kr/kW: Omsøkt stønadsbeløp pr installert kW

0-10 i høve til lågaste og høgste kr/kW

60

 

Delutlysing 3 – Etablering av ladeinfrastruktur for større køyretøy

Tilbydd ladeeffekt skal vere minimum 149 kW

Søknadar evaluerast med omsyn til søkt tilskotssum per ladeuttak, ladeeffekt pr ladeuttak og tilrettelegging for framtidig utviding til MCS, slik det går fram i tabell 3.

Tabell 3. Evalueringskriterier for delutlysing 3.

Evalueringskriterium

Poengintervall

Vekt

Kr/kW: Omsøkt stønadsbeløp pr installert kW

0-10 i høve til lågaste og høgste kr/kW

70

Omsøkt stønad pr ladeuttak

0-10 i høve til lågaste og høgste søknadssum pr ladeuttak

20

Tilrettelegging for framtidig utviding til MCS

0-1

10

Søknadsfrist er 5. juni 2023 kl. 09.00. Søknadane vil vere til politisk behandling i utval for næring  22. juni 2023. Svarbrev vil bli sendt kort tid etter politisk behandling.

Fylkeskommunane kan dekke opptil 100 prosent av godkjente investeringskostnadar. Driftskostnader vert ikkje dekka.

Fylkeskommunen gir investeringsstønad til prosjekt som er avhengig av stønad for å bli realisert. Prosjekt som allereie er vedtatt gjennomført eller sett i gang blir ikkje støtta. 

Om søknaden gjeld utviding av ladetilbod på ladeplassar, er det ikkje eit krav om å etablere AC-ladetilbod viss dette allereie finst på ladeplassen.

Ordninga innfrir vilkåra til det alminnelege gruppeunntaket (GBER) og ordninga er dermed førehandsgodkjent av ESA. Det vil seie at stønadsordninga er lovleg i medhald av EØS-avtalen sine regler om offentleg stønad.

Stønad blir utbetalt på etterskot. Tidsfrist for driftsetting og fakturering er 1 år etter signert tilsagnsbrev. Tilskotsmottakar kan søkje om utviding av fristen.

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan tre veker. Fristen blir rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ein klage må innehalde kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar du meiner bør gjerast. 

Klage på vedtak gjort av Vestland fylkeskommune sendast til Vestland fylkeskommune på e-post til post@vlfk.no.