Tilskot til heimeladar for drosje

Vestland fylkeskommune gir tilskot til kjøp og montering av ladar heime hos drosjesjåførar som eig eller er i ferd med å kjøpe elektrisk drosje.

Ordninga gjeld fram til 1. april i tidlegare Hordaland, og fram til 1.april 2026 i tidlegare Sogn og Fjordane."

Ordninga gjeld berre i Vestland fylke utanom Bergen kommune. Løyvehavarar i Bergen kommune kan søke tilsvarande ordning frå Bergen kommune.

Kven kan søke?

  • Innehavarar av drosjeløyve. 
  • Privatpersonar, statlege byggeigarar, kommunale aktørar og burettslag/sameige kan ikkje søke.

Du må vente på tilsegn frå fylkeskommunen før du bestiller eller kjøper ladaren. Dette inneber at du som søkjar ikkje kan bestille eller kjøpe ladaren før du har mottatt tilsegn frå fylkeskommunen, med mindre anna er avtalt.

Retningslinjer for tilskuddsordninga

  • Tilskotsummen er 8 000 kroner per ladestasjon, avgrensa til 50 % av godkjende kostnadar. Det vil hovudsakeleg ikkje bli løyva tilskot til meir enn ein ladar per løyve.
  • Om løyvehavar bur i eit sameige/burettslag kan det søkast om å utvide eksisterande ladeanlegg med eitt uttak.
  • Oppkopling og anna arbeid på el-anlegg skal utførast av fagpersonar som er autorisert for dette.
  • Støtte vil bli gitt som bagatellmessig støtte. Eit føretak kan ta i mot inntil 200 000 euro over ein periode på tre år som bagatellmessig støtte. Ordninga er tilgjengeleg her.

Fylkeskommunen tar atterhald om retten til å gjennomføre tilsyn i etterkant. Brudd på vilkåra medfører skjønsmessig avkorting av tilskotet.

Behandlingstid

Saksbehandlinga tar om lag tre veker.

Du som søkjer har eitt år på å gjennomføre tiltaket og sende sluttrapport/ferdigmelding.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker. Fristen vert rekna frå den dagen dei fekk melding om vedtaket.

Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans.

Du kan sende klagen til Vestland fylkeskommune, på e-post: post@vlfk.no

Klagen må innehalde opplysningar om kva vedtak som det vert klaga på, og dei grunnar som klagen støttar seg til.

Rapportering og utbetaling

Tiltaket skal gjennomførast i tråd med dei opplysningane som er gitt i søknaden. Vesentlege endringar i tiltaket må meldast skriftleg til saksbehandlar for vurdering og godkjenning.