Tilskot til normalladarar ved destinasjonar i Vestland
Reiselivsaktørar og andre organisasjonar kan no søke Vestland fylkeskommune om tilskot til å sette opp normalladeboksar for besøkande.
Vestland fylkeskommune har som mål at klima og miljø skal vere premiss for samfunnsutvikling. Vi skal vere ein pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp innan 2030. Samstundes skal Vestland utvikle fysisk og digital infrastruktur som sikrar mobilitet.
Elektrifisering av bilparken er eitt av satsingsområda for å nå måla om klimaomstilling. Det skal vere praktisk å køyre elbil i heile fylket og fylkeskommunen har gitt bidrag til utrulling av det offentlege hurtigladenettet over fleire år. Slik hurtiglading er godt tenleg for folk som er i farta.
Kven kan søke?
Ordninga er for reiselivsaktørar og andre organisasjonar som vil etablere offentleg tilgjengelege normalladarar for besøkande. Aktuelle plassar er til dømes overnattingsplassar og parkeringsanlegg knytt til kulturareanaar og turområde.
Vilkår for tilskot
- Det blir løyvd 10 000 kr per ladeuttak.
- Vestland fylkeskommunen bidreg med finansiell stønad. Mottakar må sjølv syte for innkjøp og montering av utstyret.
- Tilskot blir utbetalt etter at utstyret er sett i drift. Aktuelle mottakarar vil bli informert om krav til dokumentasjon og framgangsmåte for utbetaling. Utbetaling skjer etter at kvittering for innkjøpt utstyr er lasta opp.
- Einskildbedrifter eller interesseorganisasjonar kan ta imot stønad på vegne av fleire aktørar. Søkaren er ansvarleg for gjennomføring og for at vilkåra til stønad er oppfylt.
- Ladeuttaket skal vere sett opp i høve til gjeldande krav og forskrifter knytt til elbillading.
- Kvart ladeuttak skal kunne gje monaleg ladeeffekt, slik at brukarane får god praktisk nytte.
- Mottakar skal sjølv eige ladeutstyret, men drifta kan gjerast av tredjepart.
- Pris for lading skal svare til normal marknadspris for elkraft.
Ordninga har løpande saksbehandling og har ingen søknadsfrist. Det løyvast stønad så lenge budsjettet for ordninga rekker.