Grøn region Vestland
Grøn region Vestland er merkelappen på Vestland fylkeskommune sin samordna innsats for berekraftig omstilling i næringsliv og industri. Frå no av samlar vi dei grøne kreftene under éin felles paraply. .
Som del av Grøn region Vestland finn du:
- Dei sirkulære hubbane
- Klimapartnarar Vestland
- Invest in Vestland
- Styrka Marin Innsats
- One Ocean Havbyen Bergen
Saman skal desse mobilisere næringslivet, kople kompetanse og kapital, og leggje til rette for nye grøne verdikjeder, investeringar og arbeidsplassar i Vestland.
Dei sirkulære hubbane er motoren
Vestlandsporteføljen med dei 19 grøne hubbane er motoren i arbeidet. Hubbane er geografisk forankra rundt næringsknutepunkt i heile fylket. Dei brukar industriell symbiose som strategi, det vil seie at bedrifter samarbeider om å utnytte kvarandre sine ressursar, overskotvarme og avfall slik at det som er restavfall for éi bedrift blir ein ressurs for ei anna. Målet er å redusere utslepp, kutte kostnader og skape nye verdikjeder.
Grøn region Vestland inviterer til nylansering i Bergen 2. september. Les meir om arrangementet!