Tilskot til utvikling av berekraftig sjømatproduksjon i Vestland

Vestland fylkeskommune lyser ut inntil 6 millionar kr i tilskot til forsterka innsats for berekraftig sjømatproduksjon i Vestland.

Føremålet med tilskotsmidlane er å løyse sentrale utfordringar kring berekraftig matproduksjon, primært knytt til akvakultur. Midlane skal gå til tiltak eller prosjekt som fremmar ei god forvaltning og ei berekraftig marin verdiskaping. 

Bakgrunn for tilskotsordninga

Vestland fylkeskommune sin regionale plan for innovasjon og næringsutvikling for 2021–2033 stadfestar at fylket er på veg inn i den største omstillinga på lang tid. Klima- og miljøutfordringane vi står overfor skaper eit langsiktig behov for omstilling i nærings- og samfunnsliv, og framtidas utvikling skal og må skje i ei meir berekraftig retning – miljømessig, økonomisk og sosialt.

Planen slår fast at Vestland skal vere ein leiande havregion, og at akvakultur er ei viktig næring, men peikar også på sentrale utfordringar knytt til arealbruk, verdikjeder, utslepp og interessekonfliktar. Det er utfordringar som må løysast dersom vi skal få til den berekraftige verdiskapinga som vi ønskjer framover. Denne tilskotsordninga skal bidra til slike løysingar. 

Kva kan få støtte?

Tiltak som skal bidra til å løyse sentrale utfordringar kring berekraftig marin matproduksjon, primært knytt til akvakultur. 

Midlane skal gå til tiltak for å skaffe ny kunnskap, eller til målretta prosjekt som fremmar ei god forvaltning og ei berekraftig verdiskaping. 

Midlane skal gå til prosjekt/tiltak som kan redusere havbruksnæringa si negative påverknad på miljø, naturmangfald og klima. Det kan vere relevant å knytte prosjekt/tiltak til Grøn Region Vestland. 

Søknadsfrist

Søknadsfristen var 25. november 2022. Det er førebels ikkje avklart om tilskotsordninga blir vidareført.

  • Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar som er registrerte i einingsregisteret kan søkje.
    • Ei enkelt bedrift kan stå som søkjar til fellestiltak dersom det blir gjort i samarbeid med og til nytte for fleire bedrifter.  
    • Tildeling til verksemder må skje innanfor statsstøtteregelverket. 
    • Det vert ikkje gjeve støtte til utvikling av enkeltbedrifter. 

Samarbeidsprosjekt vert prioriterte. 

Søknaden må innehalde

  • ein omtale av tiltaket det blir søkt om støtte til, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskotsordninga 
  • plan for gjennomføring, medrekna aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar 
  • forventa resultat, og planlagt formidling av resultata 
  • budsjett for prosjektet/tiltaket, inkludert finansieringsplan. Budsjettet må vere i samsvar med planlagde aktivitetar 
  • søknadssum 
  • andre relevante opplysningar søkjar meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert under «Vilkår for tildelinga» 
  • Driftskostnader i næringsverksemd eller organisasjonar kan normalt ikkje støttast. 
    • Vedlikehald av aktivitet vert heller ikkje støtta. Vedlikehald er aktivitetar som er naudsynte for å vidareføre eit produkt eller ei teneste på same nivå som i dag.  
  • Fysiske investeringar/infrastruktur. 
  • Kausjon eller anna økonomisk garanti. 
  • Direkte eller indirekte investeringar i verksemder sin eigenkapital. 
  • Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt. 
  • Prosjektet skal vere i tråd med mål og strategiar fylkeskommunen har for berekraftig verdiskaping i Vestland. 
  • Midlane skal gå til prosjekt som har som føremål å løyse felles utfordringar knytt til næringsutvikling. 
  • Prosjekt skal ha regional effekt eller overføringsverdi i form av tema eller metodeutvikling. 
  • Søknaden må vere tydeleg på kva som har utløyst behov for det planlagde tiltaket/prosjektet, og omtale på kva måte tiltaket er forankra i sjømatnæringa og hjå aktuelle samarbeidspartar. 
  • Det vil bli lagt vekt på at søkjar har gjennomføringsevne. Det vil mellom anna seie at det vert vurdert kva kompetanse søkjar har eller vil knyte til seg, organisering og metodebruk og sårbarheita i prosjektet. Prosjektsøknaden må vere realistisk, og risikofaktorane må vere klargjort.   
  • Tilskot frå fylkeskommunen skal ha utløysande effekt. Det vil seie at utviklingsprosjektet ikkje vil bli gjennomført utan tilskotet frå fylkeskommunen, eller at det ikkje vert gjennomført i ønska omfang eller til ønska tid.    
  • Søknadane vert vurderte opp mot gjeldande regelverk, og tilskot må mellom anna tildelast i tråd med regelverket om offentleg støtte. Tilskot som vert vurdert som offentleg støtte jamfør EØS-avtalen blir i hovudsak tildelt som bagatellstøtte.  
  • Maksimal støttedel frå fylkeskommunen er normalt inntil 50 prosent av totalbudsjettet til prosjektet utan mva. I særskilde tilfelle som til dømes forstudiar og forprosjekt kan prosjekt støttast med ein høgare sats. Dette skal grunngjevast særskilt i søknaden. 
  • Reglar for godkjend timesats for eige arbeid følgjer Innovasjon Norge sine til ein kvar tid gjeldande reglar. Tal timar skal spesifiserast både i søknad og ved levering av rapport/rekneskap. 
  • Prosjekt kan normalt ikkje få støtte frå fleire finansieringskjelder som fylkeskommunen disponerer, eller har overført til andre.