Baroniet i Rosendal.
FOREDRAG: I samband med 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov vert det foredrag på Baroniet i Rosendal 25. mai. Tema er kva rolle Gaut Jonsson til Mel i Rosendal spela i norsk politikk og lovgjeving i Noreg på 1200-talet (Foto: Baroniet Rosendal)

Pengedryss til arrangement i fylket

21 aktørar over heile Vestland har til saman fått to millionar kroner i støtte frå Vestland fylkeskommune til ulike arrangement og prosjekt som skal markere at landslova er 750 år. I tillegg vil alle bibliotek i fylket få tilbod om aktivitetar knytt til jubileet. 

Vestland fylkeskommune fekk inn 26 søknader med ein samla søknadssum på nær 4, 5 millionar kroner.

Mange gode søknadar

Eit av hovudmåla med ordninga er å stimulere til samhandling mellom kunnskapsmiljø og kunst- og kulturlivet elles for å aktualisere landslova, og fremje varige institusjonelle samarbeid. Det kom inn mange gode søknader frå store delar av fylket, med stor variasjon både når det gjeld storleik, geografisk omfang og tematisk tilnærming.

Vestland har fleire kulturminne frå perioden kring Magnus Lagabøte sin regjeringstid og Landslova. Dei dannar ei flott historisk ramme kring fleire arrangement.  

 

Ungdomar på bibliotek.
BIBLIOTEKA: I tillegg til tildelingane til markering av landslovjubileet har hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune løyvd 500 000 kroner til ulike tilbod i biblioteka. Lokale fag- og folkebibliotek vil i løpet av 2024 få tilbod om tiltak for å formidle kunnskap og opplevingar om Landslova. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Variasjon og mangfald 

Prosjekta har ei variert målgruppe og omfattar eit mangfald av kunst- og kulturfagleg innhald. Blant prosjekta finn vi Mellomalderfestival i Bergen, jubileumsprogram med utgangspunkt i historia om Audun Hugleiksson i Sunnfjord, samarbeidsprosjektet «Alt er lov» i Nordhordland og Lagabøte-turné med litteraturbåten Epos.

Bokbåten Epos til kai.
BOKBÅTTURNÈ: Litteraturbåten Epos dreg i 2024 på Lagabøteturne i heile fylket. Målet er å auke kunnskapen og bakgrunnen for lovene vi har i dag, og om Magnus Lagabøtes Landslov (Foto: Vestland fylkeskommune)

Det blir konsertar og arrangement mellom anna i regi av festspela i Bergen i historiske rammer i Rosenkrantztårnet, Håkonshallen, Bergen Domkirke og steinkyrkjer i Sogn. Nokre prosjekt går i djupna på kjeldematerialet frå mellomalderen som til dømes på Voss, der tema blir korleis ein kan spore innhald frå Landslova i den juridiske praksisen i ei norsk bygd i overgangen mellom 1200- og 1300-talet.

Utstilling og kunnskapsformidling

Baroniet i Rosendal/Den Weis-rosenkroneske, skal formidle kunnskap om «Gaut Jonsson til Mel» i dagens Rosendal si rolle i norsk politikk og lovgjeving i Norge på 1200-talet.

Oversiktsbilde frå Agatunet i Hardanger.
JUBILEUMSUTSTILLING: Utstillinga «Lov om land» opnar på Agatunet i Hardanger 21. juni, og handlar om korleis Landslova regulerte livet til vanlege folk gjennom rettsreglar som gjeld jordskifte, odel og frukthagar – og korleis ho vart handheva i praksis. (Foto: Arvid Aga/Agatunet)

Ved Agatunet blir det utstilling i Lagmannsstova. Det unike rettsdokumentet, Bleiediplomet, vart gjeve her. Målet er å syne korleis Landslova regulerte livet til vanlege folk gjennom rettsreglar som gjeld jordskifte, odel og frukthagar – og korleis ho vart handheva i praksis, gjennom døme frå diplomatariet.  

Vestland fylkeskommune logo Bergen kommune logo Universitetet i Bergen logo Bymuseet logo
Statsforvaltaren i Vestland logo Den norske kyrkja logo Høgskulen på Vestlandet logo Moster 100 år logo