rød knappenål på en kalender
Illustrasjonsfoto: Shutterstock

Dette kan du vere med på i jubileumsåret

I løpet av landslovjubileet kan du delta på ei rekkje arrangement rundt om i Vestland. Bli med på teatervandring om Magnus Lagabøte i Bergen, eller få med deg historisk seminar på Baroniet i Rosendal, og mykje meir!

Vestland kan presentere eit mangfaldig og rikt jubileumsprogram for alle aldersgrupper. Du kan blant mykje anna delta på mellomalderfestival i Bergen, det vert jubileumsprogram med utgangspunkt i historia om Audun Hugleiksson i Sunnfjord, og litteraturbåten Epos legg ut på Lagabøte-turné i heile fylket.

Det blir konsertar og arrangement m.a. i regi av Festspillene i Bergen i historiske rammer i Rosenkranztårnet, Håkonshallen, Bergen Domkirke og steinkyrkjer i Sogn.

Mai

8. mai: Teatervandringa "Helt konge!". I denne teatervandringa følger vi bokstaveleg talt i fotspora til Magnus Lagabøte frå han er liten gut til han som gamal mann på 42 (!) dør i Bergen. I alt sju førestillingar i mai, alle utselde. Arrangør er Stiftelsen Bymuseet i Bergen. Sjå bymuseet.no for meir informasjon.

21. mai: Offisiell opning av jubileumsutstillinga «Kong Magnus Lagabøtes landslov 750 år» på Bryggens museum. Utstillinga tek for seg både innhaldet i Landslova og det samfunnet lova vart utvikla i og fungerte for. Her kan du sjå eit heilt ekte eksemplar av Landslova, mange mellomalderdokument, arkeologiske funn og andre kulturhistoriske skattar. NB! Utstillinga opnar for publikum 22. mai. Les meir om utstillinga.

21. mai: Verdiseglas - landgang i Bergen. Verdiseglas 2024 er ei pilegrimsferd i fleire etappar frå Sokndal/Egersund til Nidaros. Arrangør er Bjørgvin bispedøme og Regionalt pilegrimsenter Bergen. (Arrangementet er under planlegging)
Sjå 
kirken.no for meir informasjon.

23. mai: Bjørgvin bispedøme, Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke inviterer til allsong i domen. Ved biskop Ragnhild Jepsen og domkantorane Kjetil Allmenning og Sigurd Melvær Øgaard. Stad: Bergen domkirke. 

24. mai: Føredrag i Kvinnherad kyrkje ved Jørn Øyrehagen Sunde, professor ved UiO og forskar ved Baroniet Rosendal: «Frå Kristenretten på Moster 1024 til Landslova av 1274: Religion, politikk, lov og byrjinga på den norske staten». Arrangør: Kvinnerad sokneråd. Les meir om arrangementet.

25. - 26. mai: Familiehelg på Bryggens Museum: «Kong Magnus Lagabøtes landslov 750 år». Bli med på ei reise tilbake i tid, til året 1274. Då kunne kong Magnus Lagabøte presentere den aller første landslova i Noreg si historie, som vart skrive i Bergen. Det vert omvisningar i utstillinga, handverksdemonstrasjonar, verkstader og morosame aktivitetar for barn. Les meir om familiehelga på bymuseet.no

25. mai: Baroniet Rosendal: 750 års jubileum for Magnus Lagabøtes landslov: Kva rolle spela Gaut Jonsson til Mel i Rosendal i norsk politikk og lovgjeving i Noreg på 1200-talet?
Les meir på baroniet.no

26. mai: Føredrag på Agatunet: Bleiediplomet og Landslova, ved Jørn Øyrehagen Sunde. Meir info kjem på agatunet.no 

27. mai: Måndagsføredrag på Bryggens Museum: Landslova på pergament: Produksjon og bruk av norske lovhandskrifter i mellomalderen. Ved Stefan Drechsler, UiB. Meir info på bymuseet.no

 

Juni

1. juni: Verdiseglas landgang Moster. Verdiseglas 2024 er ei pilegrimsferd i fleire etappar frå Sokndal/Egersund til Nidaros. Arrangør er Stavanger bispedøme og Avaldsnes regionale pilegrimsenter. Sjå kirken.no for meir informasjon.

2. juni: Mostratinget 2024: Verdisamtale om fortid og framtid. Inspirert av det historiske Mostratinget, skal eit moderne Mostrating gjenoppstå, denne gongen sett av dei unge.

2. juni: Bergen Domkor og folkemusikkensemblet Østerlide vil halde konsert i Håkonshallen under Festspillene i Bergen. Meir informasjon om Festspillene si markering av Magnus Lagabøte-jubileet vil bli lagt ut på nettsida til Festspillene 

8. juni: Vardesamling – Magnus Lagabøtes Landslov 750 år. Føredrag ved Professor Jørn Øyrehagen Sunde. 
Stad: Menneskerettighetsvarden (tidlegare Storevarden på Vidden, inn frå Ulriken). Ope for alle, møt opp kl 13.00 Arrangør: Raftostiftelsens Venner

5. juni: Teatervandringa "Helt konge!". I denne teatervandringa følger vi bokstaveleg talt i fotspora til Magnus Lagabøte frå han er liten gut til han som gamal mann på 42 (!) dør i Bergen. I alt fire førestillingar i juni, alle utselde. Arrangør er Stiftelsen Bymuseet i Bergen. Sjå bymuseet.no for meir informasjon.

8. juni: Vik kulturskule med jubileumsmarkering i Hove steinkyrkje.
Meir info på Vik kommune sine nettsider

9. juni: "Mellom land og lov": Historisk forteljarprogram med kreativ verkstad. Velkomen til ei kulturhistorisk høgtiding av Landslova sitt 750-årsjubileum. Me hyllar lova si arv gjennom ei samansmelting av forteljing, musikk og visuell kunst framført på viktige kulturhistoriske stader i Vestland. Me presenterer framføringar tilpassa eit vakse publikum og ein kreativ verkstad med forteljarprogram særskilt for born og unge. Stad: Halsnøy kloster. Arrangør: KulturFjorden. Sjå land-og -lov.no for meir informasjon.

9. juni: Vik kulturskule med jubileumsmarkering i Dale steinkyrkje.
Meir info på Vik kommune sine nettsider

10. juni: Vik kulturskule med jubileumsmarkering i Leikander steinkyrkje. Meir info på Vik kommune sine nettsider

21. juni: Utstillingsopning på Agatunet: Lov om land.
Meir info på
agatunet.no

21. juni"Mellom land og lov": Historisk forteljarprogram. Velkomen til ei kulturhistorisk høgtiding av Landslova sitt 750-årsjubileum. Me hyllar lova si arv gjennom ei samansmelting av forteljing, musikk og visuell kunst framført på viktige kulturhistoriske stader i Vestland. Stad: Agatunet. Arrangør: KulturFjorden. Sjå land-og -lov.no for meir informasjon.

30. juni: "Mellom land og lov": Historisk forteljarprogram med kreativ verkstad. Velkomen til ei kulturhistorisk høgtiding av Landslova sitt 750-årsjubileum. Me hyllar lova si arv gjennom ei samansmelting av forteljing, musikk og visuell kunst framført på viktige kulturhistoriske stader i Vestland. Me presenterer framføringar tilpassa eit vakse publikum og ein kreativ verkstad med forteljarprogram særskilt for born og unge. Stad: Halsnøy kloster. Arrangør: KulturFjorden. Sjå land-og -lov.no for meir informasjon.

Juli

6. juli: Verdiseglas landgang Selja. Verdiseglas 2024 er ei pilegrimsferd i fleire etappar frå Sokndal/Egersund til Nidaros. Arrangør: Bjørgvin bispedøme og Regionalt pilegrimssenter Selje. 
Sjå
kirken.no for meir informasjon.

27. juli: Verdiseglas landgang Nidaros. Verdiseglas 2024 er ei pilegrimsferd i fleire etappar frå Sokndal/Egersund til Nidaros. 
Meir informasjon kjem på 
kirken.no

28. juli: "Mellom land og lov": Historisk forteljarprogram. Velkomen til ei kulturhistorisk høgtiding av Landslova sitt 750-årsjubileum. Me hyllar lova si arv gjennom ei samansmelting av forteljing, musikk og visuell kunst framført på viktige kulturhistoriske stader i Vestland. Stad: Eidfjord gamle kyrkje. Arrangør: KulturFjorden. Sjå land-og -lov.no for meir informasjon.

August

6. august: Arverett og erstatning som følgje av Svartedauden. Voss hausten 1349: Svartedauden herjar og legg gard og grend aude. På Finne døyr jordeigar Eirik Erlendsson og alle i hans næraste familie. Kven skal no styra eigedomane på Voss og i Hardanger?  Ingebjørg Simonsdotter, åleinemor til vesle Elin, reiser sak i 1350 og krev arveretten til Finnesgodset på vegne av den nyfødde dottera si. Fortidsminneforeininga Voss lokallag inviterer til samling i Finnesloftet for å få saka kommentert og analysert av nokre av dagens fremste ekspertar på Magnus Lagabøte si Landslov. Les meir om arrangementet på fortidsminneforeningen.no

14. - 15. august: Teatervandringa "Helt konge!". I denne teatervandringa følger vi bokstaveleg talt i fotspora til Magnus Lagabøte frå han er liten gut til han som gamal mann på 42 (!) dør i Bergen. Ledige billettar. Arrangør er Stiftelsen Bymuseet i Bergen. Sjå bymuseet.no for meir informasjon.

17. august: Jubileumsarrangement i Finnesloftet: kristenrett og ølbrygging. Voss lokallag og Vestnorsk kulturakademi inviterer til foredrag, ølsmaking, omvisning og middag. Med blant andre rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde: Om kristenretten, øl, ølhus, gilde og gildeskål. Les meir om arrangementet på fortidsminneforeningen.no

17. august"Mellom land og lov": Historisk forteljarprogram med kreativ verkstad. Velkomen til ei kulturhistorisk høgtiding av Landslova sitt 750-årsjubileum. Me hyllar lova si arv gjennom ei samansmelting av forteljing, musikk og visuell kunst framført på viktige kulturhistoriske stader i Vestland. Me presenterer framføringar tilpassa eit vakse publikum og ein kreativ verkstad med forteljarprogram særskilt for born og unge. Stad: Agatunet. Arrangør: KulturFjorden. Sjå land-og -lov.no for meir informasjon.

21. - 22. august: Teatervandringa "Helt konge!". I denne teatervandringa følger vi bokstaveleg talt i fotspora til Magnus Lagabøte frå han er liten gut til han som gamal mann på 42 (!) dør i Bergen. Ledige billettar. Arrangør er Stiftelsen Bymuseet i Bergen. Sjå bymuseet.no for meir informasjon.

25. - 27. august: Gulatinget 2024 arrangerer demokrati- og menneskerettseminar for ungdom. Les meir på gulating.no 

28. - 29. august: Teatervandringa "Helt konge!". I denne teatervandringa følger vi bokstaveleg talt i fotspora til Magnus Lagabøte frå han er liten gut til han som gamal mann på 42 (!) dør i Bergen. Ledige billettar. Arrangør er Stiftelsen Bymuseet i Bergen. Sjå bymuseet.no for meir informasjon.

September

1. september: "Mellom land og lov". Historisk forteljarprogram. Velkomen til ei kulturhistorisk høgtiding av Landslova sitt 750-årsjubileum. Me hyllar lova si arv gjennom ei samansmelting av forteljing, musikk og visuell kunst framført på viktige kulturhistoriske stader i Vestland. Stad: Ådlandstova, Stord. Arrangør: KulturFjorden. Sjå land-og -lov.no for meir informasjon.

4. - 5. september: Teatervandringa "Helt konge!". I denne teatervandringa følger vi bokstaveleg talt i fotspora til Magnus Lagabøte frå han er liten gut til han som gamal mann på 42 (!) dør i Bergen. Ledige billettar. Arrangør er Stiftelsen Bymuseet i Bergen. Sjå bymuseet.no for meir informasjon.

9. september: Middelalderforum: Norsk og islandsk lov før Landslova, ved Már Jónsson, professor i historie ved Háskóli Íslands. Stad: Frille og Dyvekes vinkjeller, Bergen. Arrangør: Middelalderklyngen, UiB. Meir info på uib.no

11. - 12. september: Teatervandringa "Helt konge!". I denne teatervandringa følger vi bokstaveleg talt i fotspora til Magnus Lagabøte frå han er liten gut til han som gamal mann på 42 (!) dør i Bergen. Ledige billettar. Arrangør er Stiftelsen Bymuseet i Bergen. Sjå bymuseet.no for meir informasjon.

13. september: I samband med fagdag for elevar ved Voss Gymnas vert det ope foredrag om gotisk skrift på Voss bibliotek ved Yngve Nedrebø, Statsarkivet i Bergen. Utstilling av elevarbeid i etterkant. Arrangør: Voss bibliotek og Fortidsminneforeininga Voss lokallag. 

17. september: Jordeskiftesak i 1293 med tungt etterspel i 1303. Rettsprosessen er omtala i ni diplom og involverer meir enn 30 personar. Peter Bonde, kjend for å ha oppført Finnesloftet på Voss i 1295, var ein av aktørane som hadde ein sentral rolle i saka som vart handsama under Landslova. Finnesloftet (og Agatunet) er difor den naturlege staden å samlast når ekspertane på mellomalderrett skal gå i djupna i denne omfattande rettsprosessen. Arrangør: Fortidsminneforeininga Voss lokallag. For meir informasjon, sjå fortidsminneforeningen.no

16. - 19. september: Internasjonal forskarkonferanse i regi av Universitetet i Bergen: The Landslov of 1274 – Multiple Perspectives i aulaen ved Universitetet i Bergen. For meir informasjon sjå Fleirfaglege perspektiv på Magnus Lagabøtes landslov | Middelalderklyngen | UiB 

18. - 19. september: Teatervandringa "Helt konge!". I denne teatervandringa følger vi bokstaveleg talt i fotspora til Magnus Lagabøte frå han er liten gut til han som gamal mann på 42 (!) dør i Bergen. Ledige billettar. Arrangør er Stiftelsen Bymuseet i Bergen. Sjå bymuseet.no for meir informasjon.

19. september: Bjørgvin bispedøme, Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke inviterer til temakveldar i høve verdiåret: Tema: Om tru.
Gjest: Kultur-og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Lesing og musikk v/Den Nationale Scene og Kyrkjekultur Vest A/S. Les meir på kirken.no 

20. september: Fagdag for rettslære-studentar ved Voss Gymnas: Korleis knekka koden og tolka innhaldet i ein rettsprotokoll frå 1293? Ved Knut K. Finne og Gunnstein Akselberg. Arbeidet vert innleiia med ei inspirasjonsøkt i Finnesloftet før fagdagen. Utstilling av elevarbeid i etterkant. Stad: Voss bibliotek. Arrangør: Voss bibliotek og Fortidsminneforeininga Voss lokallag. 

20. september: Skål gode grannar! Fortidsminneforeininga Voss lokallag inviterer til veitla «Skål gode grannar» i Finnesloftet. Tema vert mellom anna lovverket knytt til den eldgamle heimabryggkulturen og ikkje minst nyare forsking på den mange hundre år gamle gjærkulturen «kveik». For meir informasjon, sjå fortidsminneforeningen.no

21. - 22. september: Bergenhus Middelalderfestival/Stiftelsen Bymuseet i Bergen. Sjå bymuseet.no for meir informasjon. 

27. - 29. september: Folkefest på Ålhus i anledning 750-årsjubiléet for Landslovene i Norge. Tiltaka skal ha særleg vekt på Audun Hugleiksson si rolle i utforming av Landslovene. Med blant andre rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde. Arrangør: Sunnfjord kommune. Meir informasjon kjem.

30. september: Middelalderforum: Kristian IVs norske lov av 1604: Meir enn berre ei dansk omsetting, ved Helen F. Leslie-Jacobsen, førsteamanuensis i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen. Stad: Frille og Dyvekes vinkjeller, Bergen. Arrangør: Middelalderklyngen, UiB. Meir info på uib.no

Oktober

14. oktober: Middelalderforum: Kva kan kjeldene fortelje om kvar Landslova i Codex Hardenbergianus er produsert? Ved Anna Catharina Horn, forskar i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo. Stad: Frille og Dyvekes vinkjeller, Bergen. Arrangør: Middelalderklyngen, UiB.
Meir info på
uib.no.

31. oktober: Bjørgvin bispedøme, Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke inviterer til temakveldar i høve verdiåret. Tema: Rettferd – reformasjonsdagen. Gjest: Professor Paul Otto Brunstad. Stad: Bergen domkirke.
Informasjon kjem på
kirken.no 

November

18. november: Middelalderforum: Farmannalova av 1276 ved Jens Eike Schnall, førsteamanuensis i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen. Stad: Frille og Dyvekes vinkjeller, Bergen. Arrangør: Middelalderklyngen, UiB.
Meir info på
uib.no

21. november: Bjørgvin bispedøme, Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke inviterer til temakveldar i høve verdiåret. Tema: Fred – Cross of Nails.
Gjest: Lagmann, dr. juris Hanne Sophie Greve. Stad: Bergen domkirke.
Informasjon kjem på
kirken.no

Desember

9. desember: Middelalderforum: Lovreglar i Landslova som ikkje alle var like nøgde med, ved Else Mundal, professor emerita ved Universitetet i Bergen. Stad: Frille og Dyvekes vinkjeller, Bergen. Arrangør: Middelalderklyngen, UiB. Meir info på uib.no 

 

Arrangement som enno ikkje er tidfesta

 

Litteraturbåt på turné 

Litteraturbåten Epos dreg på Magnus Lagabøte-turne i heile fylke. Program kjem på epos.no 

Handverk i landslovas tid 

Bjørgvin handverkslag sine formidlingaktivitetar og deltaking på arrangement relatert til landslovjubileet vil bli formidla via handverkslagets blogg  

Alt er lov - Alver, Austrheim og Osterøy kommunar 

«Alt er lov» er eit samarbeid mellom kultureiningane i kommunane, skulane og biblioteka i Nordhordland. Prosjektet er delt inn i tre delar: Eit kunstprosjekt, ei føredragsserie og eit vandreteater. 

Prosjektet har oppretta ei side der dei kjem til å leggje ut informasjon etter kvart: Alver kommune - Magnus Lagabøtes landslov 750 år 

Gulen kommune: Gulatinget 2024, Finna Stad 

Prosjektet består av workshops og samlingar i dei små lokalsamfunna i Gulen, og ei utstilling på Tusenårsstaden Gulatinget knytt til jubileumsarrangement i august 2024. Informasjon kjem på nettstaden Gulatinget 

Hesthamar Skrivargard: Rettsløypepodkast om Landslova  

Stiftinga Hesthamar skrivargard skal i samarbeid med Agatunet/HVM lage ein podkast som fordjupar seg i mellomalderen, Lagmannsstova på Aga, lagmann Sigurd Brynjulvsson og sjølve Landslova. Planlagt lansert i løpet av hausten. Informasjon vert lagt ut på hesthamar-skrivargard.no 

Bergen Domkor og Østerlide – turné til Sogn

Bergen domkor og folkemusikkensemblet Østerlide markerer Magnus Lagabøte-jubileet med musikalsk historieforteljing og konsert i Håkonshallen 2. juni. Dei dreg og på turné til steinkyrkjer i Sogn. Meir informasjon kjem. 

Markering av Magnus Lagabøtes landslov i Moster Amfi  

Fleire andre arrangement utanom dei i kalenderoversikta er under planlegging, og program vert lagt ut på mosteramfi.no 

Allereie gjennomførte arrangement

Februar

12. februar: Middelalderforum: Kongens palatium i Bergen. Kongsgarden på Holmen då kong Magnus Lagabøte gav landslova i 1274 ved Alf Tore Hommedal, førsteamanuensis i middelalderarkeologi ved Universitetsmuseet i Bergen.
Stad: Frille og Dyvekes vinkjeller
, Bergen. Arrangør: Middelalderklyngen, UiB. Meir infouib.no.

22. februar: Bjørgvin bispedøme, Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke inviterer til temakveldar i høve verdiåret. Tema: Guds fire døtre: Miskunn, Rettferd, Fred, Sanning. Gjestar: Professor Jørn Øyrehagen Sunde og professor Alf Tore Hommedal. Leiar i komiteen for Landslovsjubileet i Vestland, fylkesordførar Jon Askeland, opnar. Stad: Bergen domkirke. Meir informasjon på kirken.no 

Mars

18. mars: Middelalderforum: Bryllaup og ekteskap i Landslova: Eit verdsleg eller eit kyrkjeleg tema? Ved Knut Høiaas, museumspedagog ved Bymuseet i Bergen. Stad: Frille og Dyvekes vinkjeller, Bergen.
Arrangør: Middelalderklyngen, UiB. Meir info på uib.no

21. mars: Bjørgvin bispedøme, Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke inviterer til temakveldar i høve verdiåret. Tema: Miskunn –bioteknologi og fosterdiagnostikk. Gjest: Professor Geir Sverre Braut, medlem av bioteknologirådet. Stad: Bergen domkirke.
Meir informasjon på
kirken.no 

April

9. april: Lokalhistorisk webinar: Kysten og demokratiutvikling. Det blir blant anna fleie spennande innlegg knytta til landslovjubileet. Arrangør: Fylkesarkivet i Vestland og Bibliotekutvikling Vestland. Program og påmelding på vestlandfylke.no

15. april: Middelalderforum: Rettarbøtene i Landslova: Møtet mellom gammal og ny rett i 1274 ved Brage Thunestvedt Hatløy, postdoktor i rettshistorie ved Universitetet i Bergen. Stad: Frille og Dyvekes vinkjeller, Bergen. Arrangør: Middelalderklyngen, UiB.
Meir info på
uib.no.

17. - 18. april: Internasjonal forskarkonferanse: Moster 1024 - «Crossroads of Religion and Law in the Conversion of Norway»internasjonal i Universitetetsaulaen i Bergen.
Sjå fullt program på
Moster 2024  

19. april: Ekskursjon til Moster, med sving innom kulturminnet Lysekloster, Noreg sitt eldste cistercienserkloster. For meir informasjon og påmelding, sjå moster2024.no 

25. april: Premiere på teatervandringa "Helt konge!". I denne teatervandringa følger vi bokstaveleg talt i fotspora til Magnus Lagabøte frå han er liten gut til han som gamal mann på 42 (!) dør i Bergen. Vert arrangert to gongar i veka fram til 20. juni. Arrangør er Stiftelsen Bymuseet i Bergen. Sjå bymuseet.no for meir informasjon.

25. april: Bjørgvin bispedøme, Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke inviterer til temakveldar i høve verdiåret. Tema: Guds fire døtre i kunsten. Gjest: Professor emeritus Gunnar Danbolt. Stad: Bergen domkirke.
Meir informasjon på
kirken.no 

Vestland fylkeskommune logo Bergen kommune logo Universitetet i Bergen logo Bymuseet logo
Statsforvaltaren i Vestland logo Den norske kyrkja logo Høgskulen på Vestlandet logo Moster 100 år logo