Håkonshallen i Bergen med blå himmel bak
KONGENS BYGG: Som einaste stad i Noreg har Bergen fleire kulturminne direkte knytt til Magnus Lagabøte og kongssetet hans. Håkonshallen var kongens representasjonsbygg. Foto: Bymuseet i Bergen.

Landslova 750 år – klart vi må feire!

Landslova vart laga i Håkonshallen i Bergen og i år feirar vi at det er 750 år sidan denne viktige lova for den tidlege statsdanninga i Noreg vart til.

Heile Vestland, ja faktisk fleire stader i Noreg, vil markere denne viktige lova som skulle få så mykje å seie i tida etter den vart laga i 1274, men som vi òg ser spor av i gjeldande lov, 750 år seinare.

Den tredje riksdekkande lova i Europa

I mellomalderen var det slett ikkje vanleg å ha landsdekkande lover.  Landslova, som kong Magnus Lagabøte kan ta mykje av æra for, var den tredje av totalt fire riksdekkande lovbøker frå høg- og seinmellomalderen. Då den var ferdig i 1274, bidrog den til å regulere forhald det var mykje usemje om og gje grupper som ikkje stod så sterkt i samfunnet betre rettsvern. Lova var gjeldande rett til ho vart avløyst av Christian V si norske lov i 1687.

Bergen var Skandinavias største by og Noreg sitt viktigaste rikssete

Som einaste stad i Noreg har Bergen fleire kulturminne direkte knytt til Magnus Lagabøte og kongssetet hans. Håkonshallen var kongen sitt representasjonsbygg og Rosenkrantztårnet var bustaden til kong Magnus. I vår noverande domkyrkje, som den gongen var Olavskyrkja til fransiskanarane, fekk Magnus undervisning, og her vart han gravlagd. Nonneseter kloster fekk ei stor pengegåve frå kong Magnus, slik at dei kunne utvide klosterkyrkja si.

Forskarkonferansar, stor utstilling og tingsamlingar for unge

Arrangementa i Vestland spenner vidt med fagleg fordjuping gjennom to internasjonale forskarkonferansar der Moster 2024 og Mellomalderklynga ved UiB er arrangørar for kvar sin. Ei stor utstilling på Bryggens Museum, med omfattande formidlingsprogram, er tyngste satsing i programmet.

Det vert tingsamlingar for unge på Moster og på Gulatinget. På Moster skal dei kome fram til fem saker som er viktige for ungdom i framtida, og overlevere dette til Stortinget. På Gulatinget skal dei ha demokrati og menneskerettar på dagsorden.  

Omfattande arrangement i heile Vestland

I 1274 var sjøvegen og kontakten mellom storbyen Bergen og bygdene langs Vestlandskysten omfattande. Det er difor naturleg at jubileet blir markert i heile Vestland. For fleire av stadene i fylket vårt er koplinga til landslova tydeleg, som i Sunnfjord med jubileumsprogrammet «Ein gut, ei borg, ei rose, ei lilje»: historia om Audun Hugleiksson frå Ålhus i Jølster som var heilt sentral i arbeidet med landslova.

Ved Agatunet i Hardanger blir det utstilling i Lagmannsstova - vårt eldste ivaretekne rettslokale - om korleis Landslova regulerte vanlege folk sitt liv. I tillegg finn ulike kulturarrangement i by og bygd stad gjennom heile 2024. Mange av dei kan du lese om allereie no i arrangementsoversikta vår. 

Innhald og program for jubileet i Vestland er forankra jubileumskomiteen leia av fylkesordførar Jon Askeland.

Medlemmer elles er:

Prosjektet er leia av Anna Elisa Tryti, prosjektdirektør Vestland fylkeskommune.

Vestland fylkeskommune logo Bergen kommune logo Universitetet i Bergen logo Bymuseet logo
Statsforvaltaren i Vestland logo Den norske kyrkja logo Høgskulen på Vestlandet logo Moster 100 år logo