Verdsarv i Vestland

Det er tre innskrivingar frå Vestland på verdsarvlista til UNESCO – Bryggen i Bergen, Urnes stavkyrkje og Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden. Fylkeskommunen følger forvaltinga av områda tett.

I tillegg til dei tre oppføringane er kvernsteinsbrota i Hyllestad på Riksantikvaren si tentative liste til verdsarvnominasjon. Innskriving på verdsarvlista til Unesco er det høgaste internasjonale kvalitetsstempelet eit område kan få. Verdsarvlista har som mål å verne den uerstattelege kultur- og naturarven i verda. Noreg har totalt åtte stadar på verdsarvlista.

Innskrivinga på verdsarvlista gjev ikkje områda noko eige vern. Vernet av stadane skjer gjennom lovverket og forvaltninga i kvart enkelt land. Fylkeskommunen har ei ekstra merksemd på verdsarvområda og følger dei tett.

Tilskot til kulturminne i verdsarvområde

Du kan også tilskot frå fylkeskommunen til kulturminne i verdsarvområde. Fristen for å søkje tilskot for 2020 er gått ut, og vi kjem tilbake med informasjon om søknadsprosessen for 2021.

Verdsarvråd og forvaltingsplanar

Det er oppretta eigne samarbeidsorgan i form av verdsarvråd for både Bryggen, Urnes stavkyrkje og Vestnorsk fjordlandskap. Forvaltninga av verdsarvstadane er delt mellom ulike forvaltningsledd etter kva oppgåver som skal løysast.

Det er laga forvaltingsplanar for BryggenUrnes stavkyrkje og Vestnorsk fjordlandskap. Planane fortel korleis ein ønsker at verdsarvstadane skal utvikle seg i framtida, samt kva og kven som har forvaltingsansvar.