Internasjonalt kommunenettverk Vestland

Tilsette i kommunar og regionråd innafor fag- og tenesteområda som kan ha nytte av samarbeid med europeiske partnarorganisasjonar kan delta i denne nettverksgruppen.

Nettverket er ein arena for prosjektutvikling og samarbeid om å nytte EU-program som verkemiddel for kompetanseheving og utvikling av lokalsamfunn og tenester.

Det er og ein møteplass for erfaringsutveksling om internasjonalt samarbeid som inspirasjon og drivar til ønskja samfunnsutvikling. To år etter oppstart i Hordaland er alle kommunar og regionråd i Vestland velkomne til å delta. Fylkeskommunen koordinerer nettverket.

Alle samfunnsområde er påverka av koronakrisa, og kommunane står overfor mange og til dels heilt nye utfordringar. Vi meiner europeisk samarbeid er ein viktig ressurs for å hente kunnskap og inspirasjon til nye og betre måtar å løyse utfordringane på.

Prosjekttype

EU-programma støttar både enkle og større prosjekt. Du kan søkje om støtte til korte utvekslingsopphald («mobilitetar») hos europeiske samarbeidspartnarar for å få ny kunnskap og utveksle erfaringar. EU støttar og strategisk samarbeid over fleire år i innovative prosjekt og aktivitetar. Dei fleste prosjekt har ein kombinasjon av fysiske og digitale samlingar. Det skal vere eit tilbod som passar både for kommunar med og utan tidlegare erfaring med å søke EU-prosjekt.

I nettverket har fleire kommunar allereie søkt og fått midlar, andre ventar på svar på søknadar eller er i prosess med planlegging av prosjektsøknadar. Fleire kommunar har gått saman om felles prosjekt.

Om lag tre nettverksmøte årleg

Til no har nettverket hatt tre fysiske samlingar i året. Vi ser for oss både digitale og fysiske samlingar framover, retta inn mot å få sendt inn søknadar til ulike fristar. Den første samlinga i år er eit webinar den 17. juni 2020.

Innhaldet vil rette seg etter ønskje og behov frå deltakarane. Viktige punkt på programmet vil vere gjennomgang av aktuelle EU-program, eksempel på prosjekt (god praksis), korleis bygge lokale og europeiske partnarskap, prosjektutvikling og søknadsskriving.

Kven kan delta?

Tilsette i kommunar og regionråd innafor fag- og tenesteområda som kan ha nytte av europeiske samarbeid.  

Tverrsektorielt samarbeid og forankring

Kommunane bestemmer prosjekttema ut frå eige ønskje og behov, og kan vere innafor dei fleste av kommunane sine ansvarsområde. Til dømes står grønt skifte, digitale løysingar og sosial inkludering høgt både på EU og Noreg/kommunane sin politiske agenda.

EU-programma legg og vekt på at lokalt og regionalt tverrsektorielt samarbeid er naudsynt for å løyse framtidas utfordringar. Det kan vere mellom kommune, næringsliv, utdanning (grunn- og vidaregåande skule mm) og frivilleg sektor med meir.

Aktuelle tema for kommunane har til no vore innan:

  • helse og omsorg
  • lokalsamfunnsutvikling
  • entreprenørskap
  • reiseliv
  • grøn vekst
  • akvakultur
  • klimautfordringar
  • skule- og bibliotekutvikling
  • vaksenopplæring, ungdomsarbeid
  • integrering og inkludering

Fleire tema og ulike partnarskap er aktuelle ut frå målsettinga med dei ulike programma. Det er og særs viktig at prosjekta er godt forankra i kommuneleiinga.

Erasmus+ programmet peiker seg ut som ei god plattform både for enkle og meir omfattande prosjekt. Erfaring viser at dei fleste deltakarane i nettverket ønskjer å starte med eit besøk til ein partnarorganisasjon i Europa for å hente inn kompetanse og inspirasjon, før samarbeid i meir strategiske prosjekt.  Fylkeskommunen vil og tidleg på hausten 2020 lyse ut Erasmus+ midlar til enkle tverrsektorielle prosjekt.

Mange av EU sine program og prosjekttypar har neste søknadsfrist i februar-april 2021. På samlingane vil vi gi råd og rettleiing i søknadsprosessen både til Erasmus+ og eventuelt til andre utvalde EU-program.

Internasjonalt kommunenettverk vart opprette basert på innspel frå fleire kommunar som opplevde at det var krevjande å kome i gong med internasjonalt prosjektsamarbeid.

Målsettinga er å få til eit tettare samarbeid mellom kommunane og med fylkeskommunen om å nytte europeisk samarbeid og finansiering til å finne nye løysingar for å skape berekraftige og attraktive lokalsamfunn.