Erasmus+ midlar til kompetanse-, nærings- og lokalsamfunnsutvikling

Ønsker de å reise til regionar i Europa for å få fagleg påfyll og ny kompetanse i arbeidet med å utvikle Vestland? Vestland fylkeskommune lyser ut EU-midlar til tverrsektorielt lokalt og europeisk samarbeid om å styrke opplæring og kompetanse i tråd med behova i arbeidslivet

Vi meiner det er viktig å hente inspirasjon også frå stadar og fagmiljø utanfor Noreg. Vi meiner og at det gir ekstra læring og betre resultat om fleire organisasjonar frå lokalsamfunnet/regionen reiser saman. Fylkeskommunen har difor søkt og fått midlar til tverrsektorielle lokale samarbeidsprosjekt frå EU-sitt Erasmus+program. Gjennom ordninga vil vi stimulere samfunnsaktørar i Vestland til å møte europeiske aktørar for å utveksle røynsler og kompetanse, sjå nye løysingar og moglegheiter, og ikkje minst styrkje europeisk fagsamarbeid.

Prosjekttype

Opphald/hospitering hos europeisk samarbeidsorganisasjon for tverrsektorielle grupper (staff-mobilitet)

Vilkår for støtte

  • Kommune, regionråd eller annan aktør (etter avtale med fylkeskommunen) set saman ein lokal samarbeidsgruppe, og søker og koordinerer prosjektet på vegne av denne (prosjektansvarleg).
  • Samarbeidsgruppa bør ha med tilsette frå kommunar/regionråd, vidaregåande skular-yrkesfag/fagskule (absolutt krav), næringsliv og gjerne også frå friviljug sektor.
  • Utanlandsopphaldet skal planleggast i samarbeid med ein europeisk organisasjon (hovudmottakar). Fylkeskommunen kan ev. hjelpe til med å finne europeisk samarbeidspartnar.
  • Samarbeidsgruppa deltek på same reise og utviklar ei plattform for lokalt samarbeid i etterkant.
  • Prosjekttema skal vere innanfor kommunane/regionråda sine ansvarsområde som også har tilknyting til eit eller fleire yrkesfag:
    d. reiseliv, lokalmat, næringsutvikling, helse og omsorg, folkehelse, miljø, bygg og anlegg, design, akvakultur, grøn omstilling, energi og digitalisering.
  • Kvart mobilitetsprosjekt må ha minst tre norske deltakarar og gjennomføre eit fagleg program på to-fire (arbeids)dagar.
  • Det er eit absolutt krav at vidaregåande skule-yrkesfag og/eller fagskule er med i samarbeidsgruppa.
  • Frist for gjennomføring av mobilitetsprosjekta er 31. mai 2022.

 

Finansiering

Midlane blir tildelt etter faste EU-satsar og dekkjer omlag 80-100% utgifter til reise/hospitering til ulike europeiske land, etter tal deltakarar, lengde på opphald og reiselengde. Dekkjer ikkje løn. Sjå EU-satsane nedst på sida

Søknad og søknadsfrist

De søkjer om Erasmus+staff-mobilitet gjennom regionalforvaltning.no. Løpande søknadsfrist fram til 01.02.2022

Dette tilbyr fylkeskommunen

Fylkeskommunen tilbyr råd og støtte i arbeidet med søknad og prosjektgjennomføring. Ta gjerne kontakt med oss for rådgjeving og samarbeid!

Vi koordinerer også Internasjonalt kommunenettverk Vestland som er spesielt retta mot å nytte Erasmus+ som verkemiddel i kommunalt og regionalt utviklingsarbeid. Nettverket arrangerer fleire samlingar og er open for alle kommunar, regionråd og utvalde samfunnsaktørar. 

Satsinga er forankra i Berekraftig verdiskaping - regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021 - 2033 og Strategi for internasjonalt samarbeid 2020-24

Det blir gitt tilsegn etter faste EU-satsar, som blir rekna ut etter kva det er søkt om.

Mobilitet: Reiser/hospitering

  • Land – opphald/hospitering 
    Finansiering per person, per dag ved reiser til:
    Group 1: Denmark, Luxembourg, United Kingdom, Iceland, Sweden, Ireland, Finland, Liechtenstein - 180 Euro
    Group 2: Netherlands, Austria, Belgium, France, Germany, Italy, Spain, Cyprus, Greece, Malta, Portugal -160 Euro
    Group 3: Slovenia, Estonia, Latvia, Croatia, Slovakia, Czech Republic, Lithuania, Turkey, Hungary, Poland, Romania, Bulgaria, Rep. of North Macedonia, Serbia – 140 Euro
  • Reiseutgifter: Per person frå Norego.m. Nord-Italia
    275 Euro tur/retur. Til Sør-Europa 360 Euro tur/retur

Møta skal hovudsakeleg ha innhald og sendast frå europeisk samarbeidspartnar. Det er anbefalt å overføre heile eller deler av prosjektmidlane til denne.

Informasjonsmøte 08. og 15. september 2021Ny søknadsrunde til Erasmus+ Tverrsektorielle samarbeidsprosjekt (mobilitetsprosjekt) – alle tema

Program
Kl. 10.00 Velkommen og innleiing, kva er Erasmus +?
Ved Marit Einen, seniorrådgjevar, forsking, kompetanse og internasjonalisering (FKI) og Merete Mikkelsen, leiar, Vest-Norges Brusselkontor (VNB)

Kl. 10.10 Kva er tverrsektorielle samarbeidsprosjekt?
Ved Arne Monrad Johnsen, seniorrådgjevar, FKI

Kl. 10.20 Eksempel frå Erasmus+ prosjekt ved Brynjar Stautland, prosjektleiar, Geopark Sunnhordland

Kl. 10.30 Ny søknadsrunde og gjennomgang av søknadsskjema ved Marit Einen og Ane Fisknes Storås, FKI

Kl. 10.50 Bli med på European Week of regions and cities!
ved Anna Lygre Solvang og Merete Mikkelsen (leiar), VNB

Kl. 11.00 Spørsmål

Kl. 11.15 Slutt