Søk Erasmus+ vaksenopplæring via fylkeskommunen

Via fylkeskommunen kan skular, kommunar og andre organisasjonar som arbeider med vaksne si læring (formell og ikkje-formell) søke om midlar til kompetanseheving, styrke ferdigheiter og kvalifikasjonar, og utveksle erfaringar med kollegaer i Europa.

Fylkeskommunen er akkreditert gjennom Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, og kan sende ein felles Erasmus+-søknad på vegne av eit konsortium, dvs. vaksenopplæringssektoren i Vestland. Deltakarar i konsortiet kan søke om midlar via fylkeskommunen gjennom heile programperioden 2021–27.

Kven kan søke?

  • kommunar og vidaregåande skular
  • tilsette i vaksenopplæring (formell og ikkje-formell)
  • flyktningtenesta
  • studieforbund
  • frivillige organisasjonar
  • karriererettleiing og etablerarteneste
  • andre som arbeider med vaksne si læring (formell og ikkje-formell)

Målgruppe

Tilsette i formell og ikkje-formell vaksenopplæring

Kva kan de få støtte til?

De kan få støtte til reise og opphald, og kursavgift for følgande aktivitetar:

  • Hospitering/reiser til europeisk samarbeidsorganisasjon
  • Delta på kurs eller konferansar i Europa
  • Invitere ekspert til Noreg

Prioriterte tema

Inkludering, integrering av flyktningar, tilbod til vaksne med grunnskule som høgaste fullførte utdanning, vaksne med behov for opplæring i norsk og vaksne som treng påfyll innanfor grunnleggande ferdigheiter, herunder digitale kompetanse, kvalifisering av innvandrarar til auka deltaking på arbeidsmarknaden og mangfaldsleiing.

Land de kan reise til

Dei 27 EU-landa samt Island, Liechtenstein, Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia. Det er ikkje naudsynt å vite nøyaktig kor de vil reise på søknadstidspunktet.  

Slik søkjer du

Fylkeskommunen sender inn ein fellessøknad som de kan delta i. For å bli med sender de inn ein forenkla søknad til oss ved å bruke søknadsskjema til høgre. Hugs vedlegg.

Vedlegg som må følge med søknaden

Signaturskjema ADU - Vaksenopplæring

Søknadsfrist

1. februar 2022

Gjennomføring av prosjektaktivitetar: 1. juni 2022–31. august 2023

Kontaktpersonar:

Erasmus+ er verdas største utdannings- og opplæringsprogram, og gjer det mogleg å søke om midlar til å gjennomføre ulike aktivitetar som bidreg til kvalitet og utvikling i opplæringssektoren gjennom europeisk samarbeid.

Erasmus+ støttar mobilitet (utveksling) og samarbeidsprosjekt i heile utdanningsløpet; barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning, høgare utdanning og vaksenopplæring.

Sentrale satsingsområde er kvalitet i undervisning og opplæring, inkludering, digitalisering, innovasjon og kopling mellom utdanning og arbeidsliv.

Du kan lese meir om Erasmus+, og dei ulike aktivitetane ein kan søke midlar til på HK-dir. 

Vestland fylkeskommune har søkt og fått innvilga «Erasmus+ Akkreditering» innan vaksenopplæring i perioden 2021-27.

Akkrediteringa betyr at fylkeskommunen koordinerer, og lyser ut midlar til internasjonale mobilitetsprosjekt innan vaksenopplæring (formell og ikkje formell); vidaregåande skular, kommunar, frivillige organisasjonar og andre.

Fylkeskommunen deltek i Erasmus+programmet for å bidra til å auke kvaliteten i opplæringa og styrke kompetanse til dei tilsette.

I akkreditering for vaksenopplæring er hovudtema kompetanseheving for tilsette, mangfaldsleiing, integrering, og kvalifisering av innvandrarar til auka deltaking på arbeidsmarknaden.

Det blir gitt tilsegn etter faste EU-satsar, som blir rekna ut etter kva det er søkt om.


Mobilitet

  • Korte reiser/hospitering: Land
    Finansiering per person, per dag ved reiser til:
    Gruppe 1: Denmark, Luxembourg, United Kingdom, Iceland, Sweden, Ireland, Finland, Liechtenstein - 180 Euro
    Gruppe 2: Netherlands, Austria, Belgium, France, Germany, Italy, Spain, Cyprus, Greece, Malta, Portugal -160 Euro
    Gruppe 3: Slovenia, Estonia, Latvia, Croatia, Slovakia, Czech Republic, Lithuania, Turkey, Hungary, Poland, Romania, Bulgaria, Rep. of North Macedonia, Serbia – 140 Euro
  • Kurs-/konferanseavgift
    Det blir gitt 80 Euro per deltakar per dag
  • Ekspert til Noreg
    Ein ekspert frå Europa kan kome til Vestland/din kommune og halde kurs/seminar/ha innlegg på konferansar. Finansiering etter «Gruppe 1».
  • Reiseutgifter:Per person frå Norego.m. Nord-Italia
    275 Euro tur/retur. Til Sør-Europa 360 Euro tur/retur