Ofte stilte spørsmål

Her er nokre av spørsmåla mange stiller oss om dagsturhyttene.

Er det lov å overnatte i hyttene?

Det er ikkje lov å overnatte i hyttene. Dette er dels på grunn av branntryggleik, og dels fordi vi ønskjer at alle skal kunne bruke hyttene fritt utan å føle at dei forstyrrer andre. Men det er mange fine område rundt hyttene der ein kan slå opp telt eller spenne opp ei hengekøye. 

Kvar kan eg gå på do?

Ein del av hyttene har sanitæranlegg. Viss hytta du er på ikkje har sanitæranlegg vil vi tilrå at de følgjer Norsk Friluftsliv sine råd om sporlaus ferdsel og tek omsyn.

Kvar kan eg kaste søppel?

Det er ikkje søppelbøtter på hyttene. Alt av søppel tek du med deg heim. 

Kven kan eg ta kontakt med om eg har spørsmål om hytta?

Kvar hytte har ein ansvarleg i kommunen og dei fleste hytter har ein tilsynsorganisasjon. På hytta si eiga side på vestlandfylke.no/dagsturhytta, finn du kontaktinformasjon. Fleire av hyttene har også eigne grupper eller sider på Facebook der ein kan finne informasjon. 

Kor langt er det å gå til hyttene?

Det varierer kor langt det er, og kor krevjande stien er, til kvar hytte. På hytta si eiga side på vestlandfylke.no/dagsturhytta, finn du informasjon om avstand og om stien til hytta. 

Kvar finn ein parkering?

Parkeringsplassar til dagsturhyttene er merka med sige dagsturhyttaskilt. Det varierer kor mange plasser det er, men på hytta si eiga side på vestlandfylke.no/dagsturhytta, finn du også informasjon om parkering.