Tilskot til trafikktryggingsaktivitetar

To gongar om året deler Vestland fylkeskommune ut tilskot til aktivitetar og prosjekt som fremmar trafikksikker åtferd blant trafikantane. Søknadsfrist for første tildeling i 2025 er 1. desember 2024. Frist for andre tildeling blir 1. september 2025.

Føremål

Tilskotsordninga skal bidra til at fleire trafikantar har ei trafikksikker åtferd.

Kven kan søkje?

Kommunar, skular og barnehagar (inkludert FAU), helsestasjonar, lag og foreiningar, organisasjonar, institusjonar, aksjonsgrupper og kommunale medverknadsorgan (råd for menneske med nedsett funksjonsevne, eldreråd, ungdomsråd e.l.) kan søke om tilskot.

Ordninga gjeld aktivitetar og prosjekt innanfor Vestland fylke. Landsomfattande organisasjonar kan ikkje bli tildelt midlar sentralt. 

Kva tiltak kan det søkjast om?

Det kan søkjast om tilskot til aktivitetar og prosjekt som bidrar til god åtferd i trafikken. Dette inkluderer mindre investeringar som er naudsynte for gjennomføringa av aktivitetar og prosjekt, eller som vil bidra til eit større utbyte av desse.

Ei rekke typar tiltak fell inn under omgrepa aktivitetar og prosjekt, til dømes haldningsskapande tiltak, informasjonstiltak, trafikkopplæring, arrangement, kampanjar, aksjonar, pilot- og prøveprosjekt, med meir. 

Prosjekt kan til dømes vera vidareutvikling og utprøving av nye tiltak, utvikling av ny kunnskap og nye samarbeidsformer, med meir. For å verta tildelt prosjektmidlar er det ein føresetnad at erfaringane frå prosjekta kan delast med andre i etterkant.

Tilskotsordninga prioriterer særskilt aktivitetar og prosjekt knytt til:

• Systematisk trafikktryggingsarbeid i barnehage og skule
• Sårbare og risikoutsette trafikantar
• Risikoåtferd i trafikken 
• Bruk av sikringsutstyr
• Hjartesone
• Trafikksikker kommune

Systematisk trafikktryggingsarbeid i barnehage og skule kan vera:
• Systematisk trafikkopplæring
• Skule- og heim-samarbeid
• Kurs- og kompetanseheving for tilsette
• Valfag trafikk i ungdomsskulen

Tilskot til aktivitetar og prosjekt innan trafikkopplæring i barnehage og skule føreset at den aktuelle barnehage/skule jobbar systematisk med trafikkopplæring, i tråd med rammeplan for barnehage og læreplanar for skuleverket.

For søknadar om tilskot til trafikkopplæring arrangert av eksterne tilbydarar, vert barnehagar og skular med godkjenning som Trafikksikker barnehage/skule prioriterte ved tildeling.

Trygg Trafikk gir støtte til etablering av valfag trafikk og etter- og vidareutdanning for lærarar. Dette er difor ikkje dekka av tilskotsordninga. 

Sårbare og risikoutsette trafikantar kan vera:

• Barn og unge på veg til skule og fritidsaktivitetar
• Unge førarar
• Eldre
• Folk til fots, på sykkel og på elsparkesykkel 
• Trafikantar med annan trafikkultur
• Førarar av moped, lett-MC og tung MC

Risikoåtferd i trafikken kan vera:

• Ruspåverka køyring
• Høg fart
• Aktlaus framferd
• Manglande merksemd
• Dårleg risikoforståing

Bruk av sikringsutstyr kan vera:

• Sikring av barn i bil
• Beltebruk i bil og buss
• Bruk av sykkelhjelm og sykkellys
• Bruk av refleks

Hjartesone
Det vert gitt tilskot til aktivitetar og prosjekt som fremmar trygg ferdsel til skulen til fots og på sykkel, og som bidrar til redusert foreldrekøyring og anna biltrafikk nær skulen. Ein føresetnad for tilskot er at skulane det gjeld har starta, eller skal starta, eit arbeid med Hjartesone. 

For tilskot til fysisk tilrettelegging, som til dømes skilting og oppmerking, droppsone, etablering av nytt køyremønster osb., sjå tilskotsordninga for fysiske trafikktryggingstiltak.

Trafikksikker kommune
Det vert gitt tilskot til aktivitetar og prosjekt som bidrar til å styrka og ta vare på satsinga på trafikksikkerheit under godkjenning, i godkjenningsperioden og ved regodkjenning som Trafikksikker kommune. 

For tilskot til planarbeid, sjå tilskotsordninga for kommunale trafikktryggingsplanar

 

Kva kostnadar dekker ordninga?

Tilskotet kan nyttast til kostnader som er direkte knytt til planlegging og gjennomføring av aktivitetane/prosjekta.

Tilskotet kan ikkje nyttast til kostnadar knytt til ordinær drift og administrasjon av søkjar si verksemd.

Det er mogleg å søkje om midlar til tiltak som blir gjennomført før sak om tildeling er handsama politisk. Tiltaket kan ikkje vere gjennomført før søknad er sendt.

Søknadsfristar og tildelingar

Tilskotsordninga har to årlege søknadsfristar med påfølgande tildelingar etter politisk vedtak i trafikktryggingsutvalet (FTU). Søknadsfrist for første tildeling i 2025 er 1. desember 2024. Frist for andre tildeling i 2025 blir 1. september 2025.

Kriterium

a) Søknadane vert vurderte etter aktivitetane/prosjekta sin venta verknad på trafikksikker åtferd.

b) Søknadane vert vurderte etter kost/nytte, der verknaden av tiltaket og kor mange som drar nytte av tiltaket spelar inn.

c) Søknadane vert vurderte ut frå den informasjon og dokumentasjon søkjar har sendt inn. Det er søkjar sitt ansvar å syta for at søknaden er tilstrekkeleg skildra for fylkeskommunen si vurdering av tildeling.

d) Trafikktryggingsaktivitetar i kommunar som inngår i Trafikksikker kommune-arbeidet vert prioriterte ved tildeling.

e) Frivillige organisasjonar som driv med kontinuerleg og regionalt forankra trafikktryggingsarbeid vert prioriterte ved tildeling

Krav til eigendel

Dersom du søker tilskot til eit tiltak med samla kostnad over 50 000 kr er det krav om eigendel på 25 prosent av beløpet som overstig 50 000 kr. Det vil seie at dersom tiltaket har ein samla kostnad på 60 000 kr er det krav om 2 500 kr i eigendel. Reknestykket vert då slik: (Søknadssum - 50 000 
kr) * 0,25 = Eigendel. Ein kan i dette dømet då søkja om tilskot på 57 500 kr

Søknad

For tilskotsordninga skal det nyttast elektronisk søknadsskjema som ein finn på sida for ordninga. Ved innsending vil ein få automatisk stadfesting av at søknad er mottatt. Når søknadsfrist er utløpt, vert skjemaet stengt for innsending av nye søknadar. Etter ei tid vert skjema opna att for søknadar til neste tildeling.

Forvaltning av tilskotsordninga

Vestland fylke sitt trafikktryggingsutval (FTU) gjer vedtak om tildeling av tilskotsmidlane på vegner av fylkeskommunen. Avdelingsdirektør for mobilitet og kollektiv førebur saka om tildeling av tilskot og utfører elles den praktiske administrasjonen av tilskotsmidlane. Midlane vert tildelt etter 
søknad til konkrete aktivitetar/tiltak innanfor det geografiske området til Vestland fylke.

Rapportering og utbetaling

Løyvd tilskot vert utbetalt etter at aktiviteten/tiltaket er gjennomført og søkjar har levert inn rapport. Om gjennomføring av aktiviteten/tiltaket er avhengig av at tilskotet vert utbetalt i forkant, må søkjar ta kontakt med fylkeskommunen. Det er ønskeleg at søkjar opplyser om dette behovet i søknaden. Søkjar skal nytte rapporteringsskjema som ein finn på sida for tilskotsordninga og leggje ved dei vedlegg som eventuelt vert etterspurt. 

Kontroll og revisjon

Vestland fylkeskommune sin revisor kan gjennomføra kontroll med at tilskotet vert nytta slik det går fram av søknad og vedtak. Om tilskotsmottakar gir misvisande opplysningar, eller ikkje nyttar tilskotet i samsvar med vilkåra, vil tilskotet verte avkorta eller inndratt.