Tilskot til fysiske trafikktryggingstiltak

Vestland fylkeskommune deler ut tilskot til trafikktryggingstiltak på og langs fylkesveg og kommunal veg. Søknadsfrist for 2024 er sett til 1. februar.

Målgruppe og mål for ordninga

Målgruppe for tilskotsordninga er alle kommunar i nye Vestland fylke. Målet med ordninga er å styrkje trafikktryggleiken på og langs veg i kommunane. Kommunane sit på viktig kunnskap om dei lokale utfordringane. Tilskotsordninga gir kommunane ei moglegheit til å få støtte til å gjennomføre prioriterte fysiske trafikktryggingstiltak.

Kva kan ein få støtte til?

Kommunane kan søkje om tilskot til fysiske trafikktryggingstiltak på fylkesveg og kommunal veg. Det er mogleg å søkje om inntil 1 million kroner per tiltak. Me tar atterhald om fastsetting av ramma for tilskotsordninga 17. januar, som kan påverka storleiken på tilskota. Hovudutval for samferdsel og mobilitet fattar dette vedtaket.

Det vert prioritert tiltak retta mot mjuke trafikantar, særleg barn og eldre, samt tiltak som reduserer risikoen for møte- og utforkøyringsulykker. Gang- og sykkeltilbod som ikkje ligg langs køyreveg kan også få tilskot. Tiltaka som får tilskot skal innehalde enkle og kostnadseffektive løysingar som direkte medverkar til å auke trafikktryggleiken.

Viktig å merka seg

Det er krav til kommunal eigendel på minimum 50 prosent. Det er vidare stilt krav til oppdatert kommunal trafikktryggingsplan. Om nye kommunar etter samanslåing har gyldige planar frå dei gamle kommunane, kan dei søkje om tiltak forankra i desse planane. Tiltaka skal vere planavklart på søknadspunktet, dersom tiltaka krev reguleringsplan.

Søknadsfrist

Søknadsfrist for 2024 er sett til 1. februar. Det er lagt opp til ei utlysing/tildeling i året.

Kriterium

Ordninga vil vere basert på søknader frå den enkelte kommune.

  • Tiltaket må i utgangspunktet gjelde kommunal eller fylkeskommunal veg.
  • Det er krav om oppdatert kommunal trafikktryggingsplan.
  • Det er eit krav at tiltaket er planavklart, eller at tiltaket ikkje har behov for planavklaring.
  • Det er krav om kommunal medfinansiering (sjå meir om eigendel under).
  • Tiltaket skal som hovudregel gjennomførast innan utgangen av det året tilskotet vert gitt. Der tiltaket er starta opp innan slutten av tildelingsåret, kan tilskotet overførast til påfølgjande år.
  • Tilskotet vert først utbetalt når tiltaket er gjennomført og fylkeskommunen har mottatt tilfredsstillande dokumentasjon på fullføring.
  • For tiltak som ikkje er starta opp i tildelingsåret, vil tilskotet bli trekt attende.

Fastsetting av øvre grense for tilskot

Grensa for kor stort tilskot kommunane kan søkje om til det einskilde tiltak vert fastsett for kvar utlysing, ut frå den venta ramma for tilskotsordninga. Denne ramma kan endra seg frå eit år til anna. Ramma skal tillate 8-12 tilsegn om tilskot med maksimal sum. Tilskotsgrensa kjem fram av utlysinga.

Merk at det no ikkje er sett ei øvre grense for kor høg kostnad eit tiltak kan ha, slik det har vore i tidlegare tilskotsordning i Hordaland.

Tilskot gjennom ordninga vil normalt kunne dekke opp til 50 prosent av totalkostnaden for tiltaket. I særskilte tilfelle kan ordninga dekkje større delar av kostnaden. Vert sluttkostnad for tiltaket redusert i høve til totalkostnad i søknad, vert det fylkeskommunale tilskotet redusert med tilsvarande prosentdel.

Krav om eigendel

Kommunane sin eigendel av kostnaden med tiltaket vil vere minimum 50 prosent av totalkostnaden. Kommunane er ansvarlege for eventuelle meirkostnadar i høve til totalkostnad oppgitt i søknad. Dersom den venta ramma for tilskotsordninga tillèt høge einskildtilskot, kan det verte sett ein lågare sats for kommunal eigendel. Dette kjem i så fall fram av utlysinga. 

Fråvik ved tildeling

Fylkeskommunen kan redusera den kommunale eigendelen og gi
tilsegn om eit høgare tilskot ved tildeling, dersom det ligg an til at ramma for tilskotsordninga ikkje vert fullt ut nytta. Det inneber også at fylkeskommunen kan fråvika frå fastsett øvre grense for tilskot.

Dersom det er få søknadar og/eller få tiltak som fagleg kvalifiserer for tilskot, skal fylkeskommunen vurdera ny utlysing eller omfordeling av resterande midlar i tilskotsordninga til andre trafikktryggingstiltak, opp mot å gi høgare tilskot og reduksjon i kommunal eigendel for tiltaka det er søkt om.

 

Søknad

For tilskotsordninga skal det nyttast elektronisk søknadsskjema som ein finn på sida for ordninga. Ved innsending vil ein få automatisk stadfesting av at søknad er mottatt. Når søknadsfrist er utløpt, vert skjemaet stengt for innsending av nye søknadar.

Forvaltning av ordninga

Trafikktryggingsutvalet (FTU) gjer vedtak om tildeling av tilskotsmidlane på vegner av fylkeskommunen. Avdelingsdirektør for infrastruktur og veg førebur sak om tildeling av tilskot og utfører den praktiske administrasjonen av tilskotsmidlane. Midlane vert tildelt etter søknad til konkrete prosjekt/tiltak i den enkelte kommune.

Frist for ferdigstilling av tiltak

Tiltaket skal som hovudregel gjennomførast innan utgangen av det året tilskotet vert gitt. Der tiltaket er starta opp innan slutten av tildelingsåret, kan tilskotet overførast til påfølgjande år. For tiltak som ikkje er starta opp i tildelingsåret, vil tilskotet bli trekt tilbake. Tilskotsmottakarar må melda frå til fylkeskommunen om tiltaket ikkje let seg gjennomføra, eller vert ferdigstilt påfølgande år.

Rapportering og utbetaling

Tilskotet vert utbetalt når tiltaket er ferdigstilt og fylkeskommunen har mottatt tilfredsstillande rapport på fullføring. Søkjar skal fylle ut rapporteringsskjema som ein finn på sida for tilskotsordninga, og leggje ved byggjerekneskap/dokumentasjon på kostnadar, før- og etterbilete og eventuelt andre vedlegg som vert etterspurt.

Kontroll og revisjon

Vestland fylkeskommune sin revisor kan gjennomføra kontroll med at tilskotet vert nytta slik det går fram av søknad og vedtak.

Om tilskotsmottakar gir misvisande opplysningar, eller ikkje nyttar tilskotet i samsvar med vilkåra, vil tilskotet verte avkorta eller inndratt.