Tilskot til trafikktryggingsplanar

Vestland fylkeskommune deler årleg ut tilskot til kommunar som skal utarbeida eller revidera kommunal trafikktryggingsplan.

Målgruppe og mål for ordninga

Målgruppe for tilskotsordninga er alle kommunar i Vestland fylke. Ordninga har som mål å styrka det målretta trafikktryggingsarbeidet i kommunane.

Kva kan ein få støtte til?

Kommunane kan søka om tilskot på inntil 150.000 kr til utarbeiding/revisjon av kommunale trafikktryggingsplanar. Det er eit krav om minimum 50 prosent eigendel. Det vert opna for at kommunane kan nytta midlar til utgreiingar, delrapportar og liknande som er naudsynt for å sikra eit godt fagleg grunnlag for planen.

Søknadsfrist

Søknadsfrist for tilskotsordninga er i 2024 sett til 1. april. Merk at søknadsfrist kan variera frå år til år. Kommunane vert informerte ved utlysing av tilskotsordninga. 

Følgjande grunnleggande kriterium gjeld for ordninga:

  • Kommunen må gjennom søknad skildra planprosessen slik at den kommunale eigarskapen til prosessen, medverknad, forventa framdrift og kostnader kjem tydeleg fram.
  • Det er ein føremon at kommunane kan visa til eit tydeleg eigarskap til planprosessen.
  • Det er ein føremon at planarbeidet sikrar brei medverknad.
  • Det er ein føremon at planprosessen er godt forankra politisk og administrativt i kommunen.
  • Kommunen bør stå ansvarleg for prosjektleiing og gjennomføring av planarbeidet.

Krav om eigendel

Eigendelen av kostnaden med tiltaket vil vere minimum 50 prosent av totalkostnaden.

Øvre tilskotsgrense

Det er sett ei maksimal tilskotsgrense på kr. 150 000,-. Tilskot gjennom ordninga kan dekka opp til 50 prosent av totalkostnaden for tiltaket. Vert sluttkostnad for tiltaket redusert i høve til totalkostnad i søknad, vert det fylkeskommunale tilskotet redusert med tilsvarande prosentdel.

Særskilt om tildeling

Fylkeskommunen har høve til å redusera den kommunale eigendelen og gi tilsegn om eit høgare tilskot ved tildeling, dersom det ligg an til at ramma for tilskotsordninga ikkje vert fullt ut nytta. Det inneber også at fylkeskommunen kan fråvika frå fastsett øvre grense for tilskot.

Dersom det etter søknadsfristen er utgått ligg an til at ramma for tilskotsordninga ikkje vert fullt ut nytta, skal fylkeskommunen vurdera ny utlysing eller omfordeling av resterande midlar til andre trafikktryggingstiltak, opp mot å gi høgare tilskot og reduksjon i kommunal eigendel til søknadane som har kome inn.

Søknad og vedlegg

For tilskotsordninga skal de nytta søknadsskjema som de finn i høgre marg på sida for ordninga. Relevant informasjon om innsending finn de same plass. Som vedlegg til søknaden ønsker me:

  • Gjeldande/siste godkjente ts-plan for kommunen
  • Eventuell dokumentasjon på budsjett/venta kostnadar for planprosessen
  • Andre vedlegg som de meiner er relevante

Forvaltning av ordninga

Trafikktryggingsutvalet (FTU) gjer vedtak om tildeling av tilskotsmidlane. Forslag til fordeling av tilskotsmidlane vert lagt fram for politisk handsaming av avdelingsdirektør for infrastruktur og veg. Avdeling for infrastruktur og veg utfører den praktiske administrasjonen av tilskotsmidlane. 

Framdrift og gjennomføring

Tilsegn om tilskot til trafikktryggingsplanar vert gitt under føresetnad av at planprosessen vert gjennomført. Om ikkje planprosessen vert sett i verk, gir det grunnlag for å trekka attende tilsegna. Det er ikkje krav til rapportering undervegs i prosessen, men søkjarar som har fått tilsegn om tilskot må halda fylkeskommunen orientert om eventuelle endringar som har vesentleg betyding for framdrifta og gjennomføringa av planprosessen.

Rapportering og utbetaling

Tilskotet vert utbetalt når planprosessen er gjennomført og fylkeskommunen har mottatt tilfredsstillande rapport på fullføring. Søkjar skal fylla ut rapporteringsskjema som de vil finna på sida for tilskotsordninga, og legga ved dokumentasjon på kostnadar og eventuelt andre vedlegg som vert etterspurt.

Kontroll og revisjon

Vestland fylkeskommune sin revisor kan gjennomføra kontroll med at tilskotet vert nytta slik det går fram av søknad og vedtak.

Om tilskotsmottakar gir misvisande opplysningar, eller ikkje nyttar tilskotet i samsvar med vilkåra, vil tilskotet verta avkorta eller inndratt.