Nasjonal transportplan (NTP)

Arbeidet med neste NTP (2022-2033) er i gang, og i mai skal fylkestinget i Vestland levere sine innspel til prioriteringar på samferdsleområdet.

Gjennom tre dialogmøte spreidd utover regionen skal synspunkta frå heile fylket løftast fram gjennom dialog med kommunane, partane i arbeidslivet, miljøorganisasjonar, interesse- og trafikantorganisasjonar innan samferdsle og offentlege instansar.  

Vestland fylkeskommune legg stor vekt på å involvere kommunar og andre samarbeidspartar i dette arbeidet. På denne nettsida gir vi nærmare informasjon om arbeidet med Nasjonal Transportplan 2022-2033, og om fylkeskommunen sitt arbeid med innspel. Fylkestinget skal handsame høyringsfråsegn i ekstraordinært møte 12. mai 2020.

Samferdselsdepartementet har bedt fylkeskommunane om å vektleggje følgjande i arbeidet med innspela:

  • Løysingane må vere i prioritert rekkjefølgje
  • Løysingane må kunne handtere utfordringane. Samanhengen mellom utfordringar og framlegg til løysingar skal vere godt skildra.
  • Fylkeskommunane er bedne om å kome med framlegg til korleis dei kan bidra til kostnadsreduksjon og redusert planleggingstid i føreslegne løysingar.  

Samferdsledepartementet vil i det vidare arbeidet leggje vekt på

- samfunnsøkonomisk lønsemd og effektivitet
- målstrukturen for NTP 2022-33
- realistiske forventningar om fordeling på dei ulike landsdelane
- teknologisk utvikling, særleg å unngå å gjere store avgjerder for investeringar i løysingar som er særleg teknologisk sårbare.

 

 

 

Nyheitssaker om NTP:

Det er kome 67 innspel til Vestland fylkeskommune sitt høyringsfråsegn til Nasjonal transportplan 2022-2033.

Innspela finn du her:
Innspel NTP 2020.pdf
Vedlegg innspel til NTP 2022.pdf
Innspel som er kome inn etter fristen.pdf

Her er ei liste over dei som har sendt innspel i alfabetisk rekkjefølgje:

  1. Arbeiderpartiet, 10 kommunelag
  2. Askøy kommune
  3. Atheno – Industriutvikling i Sunnhordland
  4. Aurland kommune
  5. Bremanger kommune
  6. Bergen Næringsråd
  7. Breim Bondelag
  8. Bjørnafjorden, Samnanger, Kvam, Ullensvang og Kvinnherad – Fellesuttale
  9. Bømlo Næringsråd
  10. Hardangervidda-tunnelene
  11. E134 Haukelivegen AS
  12. Eidfjord kommune
  13. Eidfjord Næringslag
  14. Etne kommune
  15. Fikse Næringsforening
  16. Fjordvegen rute 13
  17. Forum Nye Bergensbanen
  18. Gloppen kommune
  19. Gode vegar og Stryn næringssamskipnad
  20. HAFS regionråd
  21. Hordfast AS
  22. Høyanger kommune
  23. Interesseutvalet for rv. 52 og rv. 5
  24. Kinn kommune
  25. Kvam herad
  26. Kystrådet
  27. Kystvegen Ålesund-Bergen SJEKK
  28. LO i Indre Hardanger
  29. LO Vestland
  30. Lyntogforum Vestlandsbanen
  31. Lærdal kommune
  32. Maskinentreprenørenes forbund (MEF)
  33. Måløy vekst/Styringsgruppen for Stad skipstunnel
  34. NAF avd. Bergen og omegn
  35. NAF avd. Fjordane og Ytre Sogn
  36. Naturvernforbundet Hordaland
  37. NHO Vestlandet
  38. Nordfjordbrua Anda-Lote
  39. Nordfjordrådet (v kommunane Stad, Stryn og Gloppen)
  40. Nordhordland Næringslag
  41. Norges Lastebileier-forbund (NLF)
  42. Norges Miljøvernforbund
  43. Regionrådet Nordhordland
  44. Samarbeidsrådet for Sunnhordland
  45. Samarbeidsutvalet i Sunnfjord
  46. Sauda kommune
  47. Sauda vekst AS
  48. Sogn og Fjordane Bondelag og Hordaland Bondelag
  49. Sogn og Fjordane næringsråd
  50. Sogn Regionråd
  51. E39 Stamvegutvalet i Sogn og Fjordane
  52. Stamvegutvalet
  53. Stord kommune
  54. Stord Næringsråd
  55. Stryn kommune
  56. Sunnfjord Venstre
  57. Sunnhordland lufthamn AS
  58. Sveio kommune SJEKK
  59. Trygg Trafikk
  60. Ullensvang kommune
  61. Ullensvang reiseliv
  62. Vaksdal Næringsselskap
  63. Vegforum øst-vest
  64. Voss kommune
  65. Vossaløysinga AS
  66. Øygarden kommune
  67. Årdal kommune

Her kjem ein kostnadsoversikt for store prosjekt som enten ligg inne i Nasjonal transportplan 2018-29, eller der det pågår planarbeid. Tal er oppgitt i milliardar kroner. 

Prosjekt Overslag
2018-kr
Statlege midlar 2018-2023 Statlege midlar 2023-2029 Anna finansiering 2018-2029
Rv. 555 Sotrasambandet 9600 4500 600 4500
E39 Hordfast *(s) 40 000   14 000 5000
E16 Arna-Stanghelle 11 000   7600 3400
E39 Vågbotn-Klauvaneset (s) 5400   200 100
E16 Ringveg øst Arna-Vågsbotn 4500   2200 2300
E16 Nærøydalen 1700   1700  
E134 Røldal-Seljestad 2900   2400 500
E134 Vågsli-Røldal (s) 4000   250 50
Jernbane Arna-Stanghelle (s) 10 250   7250  
E39 Myrmel-Lunde 500 280 220  
Rv. 5 Kjøsnesfjorden 1100 1100    
E39 Bogstunnelen-Gaular grense 1100   1100  
E39 Byrkjelo-Sandane, strekningsvise tiltak   1000    
E39 Skjersura 700   700  
E39 Våtedalen 1300   1300  
Stad skipstunnel 2699 1504 1195  

* (s) står for start. Det vil seie at prosjektet ligg inne i gjeldande NTP-periode, men er ikkje fullfinansiert. 

Store prosjekt som er omtala i NTP 2018-29:

Rv. 555 Sotrasambandet

Prosjektet omfattar 9,4 km med 4-felts motorveg i tillegg til kryss og gang- og sykkelveg mellom Bergen og Sotra, og er vedteke som eit OPS-prosjekt. Alle reguleringsplanar er no vedtekne. Det ligg inne med oppstart i første del av NTP 2018-29, og førebuande arbeid med flytting av kraftline til Sotra pågår. OPS-kontrakt er lyst ut i januar 2020, og det er venta oppstart av arbeidet i 2021. 
Totalkostnad er i NTP 2018-29 sett til 9,6 mrd kr, av dette 4,5 mrd i bompengar. 

E39 Hordfast

Prosjektet omfattar om lag 50 km med 4-felts motorveg med gang- og sykkelløysingar og kryss mellom Stord og Os. Det er to store brukryssingar, Bjørnefjorden og Langenuen. 
Statleg kommunedelplan for strekninga E39 Stord- Os (Svegtjørn-Ådland) er utarbeida og vedteke av Kommunal- og moderniseringsdepartementet hausten 2019. 
Kostnad for prosjektet er førebels kostnadsrekna til 35 mrd kr. Oppstart kan tidligast bli i 2023.
I NTP 2018-29 ligg prosjektet inne i 2. del med 19 mrd, av desse 5 mrd i bompengar. Prosjektet er ikkje fullfinansiert i NTP 2018-29.

E39/E16 Arna- Vågsbotn –Klauvaneset (ringveg øst)

Prosjektet E39/E16 Arna- Vågsbotn –Klauvaneset omfattar i underkant av 20 km med 4-felts motorveg med kryssløysingar og gang- og sykkelveg i Bergen kommune 
Planprogram og silingsrapport for kommunedelplan er på høyring sommaren 2019. Det er venta vedtak i Bergen kommune i løpet av 2019. Prosjektet kan byggjast i to delstrekningar. I NTP 2018-29 ligg Vågsbotn –Klauvaneset inne med ei lita oppstartsløyving i slutten av planperioden. Arna-Vågsbotn ligg inne med 4,5 mrd kr, av desse 2,3 mrd i bompengar. 
Fylkestinget har vedteke å arbeide for å realisere Vågsbotn-Klauvaneset før Arna-Vågsbotn. 
Det er lagt inn 1,5 mrd i bompengar i byvekstavtalen for Bergen til prosjektet.
Tidligaste oppstart av bygging er 2025.  
I utgreiing om Ringveg øst og E39 nord i Åsane frå 2016 vart det framlegg om vidare samband for E39 mellom Rådal og Arna. Dette er ein føresetnad for å få ein fullverdig ringveg, og denne delstrekninga vil vere aktuelt prosjekt i kommande NTP-rullering. 

E39 Myrmel – Lunde

Føremålet med prosjektet er utbetring av E39 på strekninga mellom Myrmel og Lunde som i dag har dårleg standard. Vegen er smal, har varierande bereevne, nedsett fartsgrense og dårleg trafikktryggleik. Statens vegvesen planlegg anleggsstart i 2022.
Prosjektet omfattar utbetring og omlegging av 3,7 km smal og svingete veg i Sunnfjord kommune (tidlegare Gaular), nord for Sande.

E39 Skjersura og E39 Votedalen

Begge prosjekta er prioriterte skredsikringsprosjekt i andre seksårsperiode i NTP 2018 – 2029. Det er førebels ikkje gjort planarbeid på dei to prosjekta.

E16 Stanghelle-Arna/Vossebanen (K5)

Prosjektet omfattar er eit fellesprosjekt mellom SVV og Bane Nor for både veg og jernbane på strekninga med felles rømningssystem mellom jernbane og veg. Lengde er i underkant av 30 km, av dette er om lag 9 km planlagt som 4-felts veg mellom Arna og Trengereid, resten av vegen som 2-feltsveg. Jernbanen er planlagt som dobbeltspor. 
Det er valt å utarbeide reguleringsplan utan å gå vegen om kommunedelplan. Planprogram for reguleringsplan og silingsrapport er sendt over til kommunal- og moderniseringsdepartementet, men er førebels ikkje vedteke. Tidlegaste moglege oppstart er i 2022. 
I NTP 2018-29 ligg det inne 11 mrd til vegdelen i 2. del av planperioden, av dette 3,4 mrd som bompengar. For jernbandelen ligg det inne 7,25 mrd kr, som inneberer at det manglar 3 mrd kr. i NTP 2018-29 for fullfinansiering. Det er lagt opp til at oppstart kan skje på delstrekninga Arna-Trengereid med finansiering i bompengelån.

E134 Vågslid-Seljestad

Det ligg føre vedteke reguleringsplan for E134 Vågslid-Seljestad. Arbeid med bompengesøknad er starta opp. 
Det er planlagt som to delprosjekt
• E134 Røldal-Seljestad. Prosjektet er fullfinansiert i 2. periode av NTP 2018-29, med vedtak i Stortinget at oppstart kan skje ved bompengelån i 1. periode av NTP.
• E134 Vågslid –Røldal. Prosjektet ligg inne med oppstartsløyving i slutten av planperioden NTP 2018-29. 

E16 Hylland-Sleen (Nærøydalen)

Prosjektet omfattar ei strekning på om lag 8 km på E16 mellom Voss og Aurland kommune. 
Prosjektet ligg inne som skredsikringsprosjekt i NTP 2018-29 med ei ramme på 1,7 mrd. kr. Det ligg føre godkjend reguleringsplan for tiltaket frå 2016.
Rv. 5 Kjøsnesfjorden, skredsikring
Riksveg 5 går gjennom Kjøsnesfjorden, ein sidearm til Jølstravatnet, og er ein viktig del av aust-vest sambandet for Sogn og Fjordane med tilknyting til korridoren Oslo-Bergen.
Eksisterande vegtrase langs Kjøsnesfjorden er svært utsett for skred. Terrenget er veldig bratt, med fleire skredløp nedetter fjellsida. Det er gjort sikringstiltak mot skred i fleire omgangar opp gjennom tida, men framleis er enkelte parti utsett for ras og stenging av vegen på grunn av rasfare.
Prosjektet skredsikring av rv.5 Kjøsnesfjorden er ei vidareføring av tidlegare arbeid, og skredsikringstiltaket vil vere ein tunnel på om lag 6,5 km forbi det skredutsette området.
Tunnelen skal byggast som ei forlenging av den eksisterande Støylsnestunnelen vestover til Kjøsnes, og samla lengd blir 8,4 km. "Gamlevegen" langs vatnet blir gang- og sykkelveg tilknytt riksvegnettet.
Prosjektet starta opp hausten 2019.

Stad skipstunnel

Skipstunnel frå Moldefjorden til Kjødepollen. Lengde 1700m, djupne 12m, seglingsbredde 26m, tunellbredde 36m, seglingshøgde 33m, total høgde 50 m. Uttak av 3 millionar faste kubikk fjell. Utdjuping i Saltasundet, breidde 135m, djupne 14,3m. I tillegg skal det byggast nye vegtrasear, ei bru samt entrings- og ledekonstruksjonar.
I 2019 fekk Kystverket i oppdrag frå Samferdsledepartementet å foreta ein ny gjennomgang av prosjektet. Målet med gjennomgangen var å få kostnadane ned på det nivået som er avsett i NTP 2018 -  2029. Kystverket har konkludert med at Stad skipstunnel kan byggast innanfor dei rammene som er avsett i NTP 2018 – 2029.
Andre aktuelle store prosjekt i NTP 2022-2033
I dette avsnittet omtalar vi prosjekt der det ligg føre eller pågår planarbeid, men som ikkje vart prioritert i NTP 2018-2029.

E 16 Sleen-Tvinno

Prosjektet ligg i Voss kommune, og trasealternativa som blir planlagde er rundt 15 km lange. 
Arbeid med kommunedelplan pågår. Prosjektet er ikkje omtala i NTP 2018-29, men samferdselsdepartementet har godkjent at kommunedelplan kan ferdigstillast. 

E134 Bakka-Solheim

E134 Bakka-Solheim går delvis i Hordaland (Etne kommune) og delvis i Rogaland. Strekninga er om lag 36 km lang, 
Det ligg føre godkjend kommunedelplan for prosjektet. Det kan vere aktuelt å del opp prosjektet i mindre parsellar, der Bakka-Mo som ligg i Etne kommune er vurdert som mest aktuelt i første byggjetrinn. Prosjektet vart i 2015 rekna til om lag 4 mrd kr. 
Det kan vere aktuelt å dele prosjektet opp i mindre delstrekningar, der Bakka-Mo i Etne kommune er peikt på som mogleg første byggetrinn. 
Prosjektet ligg ikkje inne i NTP 2018-29. Det er difor ikkje starta opp arbeid med reguleringsplan. 

E39 Heiane-Ådland/Nordre Tveita

Strekninga er om lag 7 km lang, og går vest for Leirvik i Stord kommune. Vegen er planlagt som ein 4-feltsveg med gang- og sykkelveg langs dagens E39. 
Vedtak av kommunedelplanen vart gjort i 2017. Prosjektet vart kostnadsrekna til 2,325 mrd 2015-kroner. Ettersom prosjektet ikkje ligg inne i NTP 2018-29, er ikkje arbeid med reguleringsplan starta opp. 

E39 Bokn-Stord 

Strekninga er totalt 70 km , og strekkjer seg frå Stord i nord til avslutninga av Rogfast i Bokn kommune i Rogaland. Arbeid med planprogram og silingsrapport for kommunedelplan pågår.
Prosjektet ligg ikkje inne med løyving i NTP 2018-29, med unntak av ein oppstartsløyving for strekninga Aksdal –Våg i Tysvær kommune i Rogaland.

E39 Eikefet-Romarheim

Strekninga omfattar ein 8,4 km lang tunnel mellom Eikefet og Romarheim i Lindås kommune. Det ligg føre godkjend reguleringsplan frå 2014 for prosjektet. Prosjektet vart kostnadsrekna til i underkant av 1,3 mrd 2013-kroner.
Prosjektet vart omtala med oppstart i siste del av planperioden i NTP 2014-23, men vart ikkje omtala i NTP 2018-29. 

E39 Flatøy-Eikefettunnelen

Prosjektet omfattar ein strekning som i dag er på om lag 27 km og omfattar m.a. ny Hagelsundbru mellom Flatøy og fastlandet ved Knarvik. Brua er planlagt for 4 felt. 
Arbeid med kommunedelplan pågår. Prosjektet er ikkje omtala i NTP 2018-29, men samferdselsdepartementet har godkjent at kommunedelplan kan ferdigstillast. 

E39 Byrkjelo - Grodås

I samarbeid med kommunane Gloppen, Stryn og Hornindal har Statens vegvesen utarbeidd forslag til kommunedelplan med konsekvensutgreiing for E39 Byrkjelo-Grodås. Kommunedelplanen låg ute til offentleg ettersyn frå 21. november 2018 til 21. januar 2019. Innspela frå høyringa er handsama, og planen er gått tilbake til kommunane for endeleg vedtak.
Føremålet med planarbeidet er å fastsette traseen for ny E39 frå Byrkjelo i Gloppen kommune til Grodås i Volda kommune (tidlegare Hornindal) og plassering av bru over Indre Nordfjord. Reisetida mellom Skei og Ålesund skal kortast ned.

E39 Bogstunnelen – Gaular grense

Det er utarbeidd kommunedelplan med konsekvensutgreiing for E39 frå Bogstunnelen i Høyanger kommune til Gaular grense. Formålet med planen er å fastleggje framtidig vegløysing for E39 med tilknytingar.
Valt alternativ gir ei kort dagsone i Bogen med parallellført gang- og sykkelveg og av/påramping for trafikk til og frå Vadheim. Rampen med nordgåande trafikk går i dagen i tilnærma same trase som eksisterande E39, mens rampen med sørgåande trafikk vert leia i ein tunnel under ny E39, med akselerasjonsfelt og ein felles brei portal ved dagsona i Bogen. Trafikk frå/mot sør til Vadheim kan dermed nytte rampane og gamlevegen for å kome til og frå.
Forslaget til kommunedelplan viser ein ny 4,2 km lang tunnel frå Bogen, som vil føre bilistane til Ytredalen, der E39 vil fortsetje i dagen fram til grensa mellom Høyanger og Gaular kommune. I Ytredalen er det planlagt eit kanalisert T-kryss som vert kopla til eksisterande E39.

E39 Langeland – Moskog

Formålet med planarbeidet er å finne gode trafikale løysingar for både gjennomgangstrafikken og for alle kategoriar i lokaltrafikken i Førde.
Det er gjennomført planarbeid for å vurdere framtidige veglinjer forbi Førde i Sogn og Fjordane. I tillegg til å sjå på moglege veglinjer for E39 vart det vurdere korleis E39 best kan bli knytt opp mot det lokale vegnettet i Førde og til rv. 5 vidare vestover mot Florø.
Kommunestyra i Gaular og Førde vedtok i 2013 at alternativ 3 Myra–Brulandsberget–Viegjerdet skal vere framtidig trase for E39 forbi Førde. Vedtatt trasé går inn i lang tunnel ved Skilbreivatnet over Langeland og ned til Brulandsberget. Der blir det ein kort dagsone med kryss, før vegen går inn i ny tunnel opp til Moskog.

Rv. 7 Hardangervidda

Regjeringa har lagt opp til ein funksjonsdeling mellom Rv 52 og Rv 7 der Rv 52 vil vere hovudsamband for næringstrafikk og Rv 7 for reiseliv og persontrafikk mellom Austlandet og Vestlandet. Det er gjennomført ein KS1 for KVU over Hardangervidda. Det er varsla at i kommande NTP vil regjeringa kome med feit ein heilskapleg framlegg til ambisjonsnivå for den vidare planlegging av tiltak på Rv 52 og Rv 7. 
I KVU for Rv 7 er det tilrådd eit konsept med ein ny trase over Hardangervidda med 5 kortare tunellar som kan byggjast ut trinnvis. I KS2 er tilrådinga at val av eventuelle investeringar på Rv7 over Hardangervidda bør utsetjast til ein ser heilskapen i investeringar i aust-vest-sambanda. Konseptet med korte tunnelar er kostnadsrekna til om lag 4,4 mrd 2018-kronar, der tunnel under Dyranut er rekna til litt over 2 mrd kr. 

Rv. 13 Vikafjellet

Rv 13 omfattar opphavleg 3 ulike delprosjekt på Rv 13 mellom Voss og Vik kommunar (Rv13 Kvassdalen, Vikafjellstunnelen og Bøadalen-Tistel). Det ligg føre godkjend reguleringsplan for Bøadalen-Tistel, og fylkedelplan frå 2006 for Vikagjellstunnelen. Rv 13 Kvassdalen på Hordaland-sida er ikkje planlagt.  Samla kostnad vart i NTP 2018-29 anslått til 4,9 kr i 2019, av dette 3 mrd kr til Vikafjellstunnelen.  
Vikafjellstunnelen låg opphavleg inne med oppstartsløyving i siste del av NTP 2014-23. I NTP 2018-29 og i Stortinget si handsaming av saka, er det peikt på behov for ytterlegare utgreiing for å sjå om kostnadene kan reduserast, under føresetnad av tilstrekkeleg vintertryggleik. 

Rv. 13 Oddadalen

Det ligg føre ein godkjent kommunedelplan med konsekvensutgreiing for Rv13 Oddadalen frå 2015. Den planlagte strekninga er 12,7 km lang og går frå Grostøl ved Rv134 og til Sandvinvatnet.  Prosjektet er ikkje finansiert og har ikkje vore omtala i NTP

Rv. 13 Tyssedal- Odda sentrum 

Det ligg føre ein godkjent reguleringsplan for Rv 13 på strekninga mellom Tyssedal og Odda sentrum frå 2015. Prosjektet er ikkje finansiert og ligg ikkje inne i NTP.

Rv. 5 Erdal – Naustdal

Prosjektet er primært eit skredsikringsprosjekt der strekninga aust for Naustdal er svært skredutsett og skal skredsikrast.
Kommunedelplan riksveg 5 Erdal–Naustdal er eit planprosjekt som skal avklare trase og standard for framtidig riksveg på strekninga. Hovudføremålet med prosjektet er skredsikring, og det vil bli ein tunnel forbi det mest skredutsette partiet aust for Naustdal. Ulike alternativ for tunnel vil bli vurderte.

Konseptvalutgreiingar

Vi vil her nemne aktuell prosjekt som har vore framført som aktuelle for NTP, og prosjekt der det ligg føre konseptvalutgreiing. 

KVU Strynefjellet

Rv. 15 Lægervatn – Skora er behandla i KVU rv. 15 Strynefjellet, som vart godkjent av Samferdsledepartementet 26. juni 2018. I godkjenningsbrevet stod m.a.:
«Statens vegvesen (SVV) har utarbeidet KVU for rv15 over Strynefjellet. KVUen har vært underlagt ekstern kvalitetssikring KS1. SVV har med bakgrunn i KVU og gjennomført KS1 utarbeidet supplerende dokumenter, herunder revidert tilleggsutredning og to tilleggsnotater til denne. Dokumentene har vært underlagt KS1. Samferdselsdepartementet legger til grunn følgende hovedlinjer for videre planlegging av rv15 over Strynefjellet: 
1.Konsept B1 blir lagt til grunn for videre planlegging av rv. 15 over Strynefjellet. 
2.Det legges til grunn en økonomisk ramme for endringslogg på 4100 mill. 2018-kr. 
3.Prosjektet er ikke prioritert i NTP 2018-2029. Prosjektet vil måtte vurderes opp mot andre prosjekt ved kommende rulleringer av NTP. 
4.Prioritering av midler skjer gjennom de årlige budsjetter. 
5.Det skal legges til rette for eventuell tilkobling til fremtidig helårsvei til Geiranger. Slik arm til Geiranger vil ligge på fylkesveinettet. Prioritering av veien tilligger derfor fylkeskommunale myndigheter. 
6.Hensynet til verneområder og villrein skal ivaretas i planprosessen, bl.a. ved tidlig involvering av miljømyndighetene.
Denne avgjerda gjer at konsept B1 vert lagt til grunn i SVV sitt NTP-arbeid så langt. Det blir ikkje sett i gang meir planarbeid før prosjektet er prioritert i NTP. 
Statens vegvesen legg til grunn at det ikkje vert gjort midlertidige tiltak på strekninga. Framkomsten på dagstrekninga vil bli som i dag. Tunnelane vil måtte få restriksjonar som følgje av manglar i høve til tunnelsikkerheitsforskrifta.
KVU Gol-Voss
Konseptvalutgreiinga for Gol – Voss tok sikte på å greie ut om rv 7 eller rv 52 skal vere hovudvegsamband mellom aust og vest i tillegg til E134. Regjeringa meldte i 2017 at det skal vere ein funksjonsdeling der Rv7 Hardangervidda skal utviklast som hovudvegsamband for persontrafikk med vekt på dei moglegheitene som er for turisme, og med omsyn til villreinproblematikken. Rv 52 Hemsedal skal vere hovudveg
• Målet for konseptvalutgreiinga Gol–Voss vart å greie ut om rv. 7 eller rv. 52 skulle vere hovudvegsamband mellom Aust- og vestlandet i tillegg til E134. Samferdselsminster har bestemt funksjonsfordeling mellom rv. 7 som skal vera hovudvegsamband for reiseliv og persontrafikk og rv. 52 som skal vere hovudvegsamband for næringstrafikk. Regjeringa har varsla at ein vil kome attende til vidare utbyggingsstrategi i komande NTP. 
Statens vegvesen og kvalitetssikringsrapport (KS1) tilrår ei vidare utbygging over Haukeli med 5 tunnelar. For rv 52 er vintertryggleik og betre framkome m..a. utanom Hemsedal sentrum sentralt. 

Hordalandsdiagonal

I aust-vest utgreiinga frå Statens vegvesen (2017) vart det rådd til å utarbeide ein KVU for eit vegsamband mellom E134 og Bergen. Det vart rådd til ein trase mellom E134 via Odda og over bru over Hardangerfjorden Vidare enten via Fusa med tilknyting til E39 ved Os, eller via Norheimsund mot E16 ved Trengereid. Regjeringa har fram til no ikkje ønska å setje i gang eit arbeid med å utgreie ein Hordalandsdiagonal. 

Byvekstavtale Bergen

Våren 2018 inviterte Samferdsledepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet partane Hordaland fylkeskommune og kommunane Bergen, Lindås, Askøy, Fjell og Os til forhandling om ny byvekstavtale. Gjennom byvekstavtalar inngår stat, fylkeskommunar og kommunar eit forpliktande samarbeid om å finansiere eit meir miljøvenleg transporttilbod i storbyområda. Kommunar og fylkeskommunar som inngår byvekstavtale med staten skal leggja til rette for ein arealbruk som mellom anna byggjer opp under staten sine investeringar i kollektivtransport, sykling og gange. Det er eit tydeleg mål at den framtidige veksten i transportarbeid skal takast med dei miljøvenlege transportformene, og ikkje med personbil.  Byvekstavtalane vert utarbeida etter forhandlingar der finansiering av transport- og miljøtiltak, og særleg tilrettelegging for kollektivtrafikk, sykkel og gange, er viktige tema. Avtalane består av ei rekkje tiltak og verkemidlar som bompengefinansierte bypakkar, midlar til veg og jernbane, arealtiltak, belønningsmidlar og ordninga med statleg delfinansiering av store kollektivprosjekt ("50/50-ordninga"). Partane i byvekstavtalane forpliktar seg til å bidra med finansiering og tiltak innanfor sine ansvarsområde. Kommunar og fylkeskommunar forpliktar seg samstundes til å bidra til ein arealbruk i byområda som aukar kollektivbruken og gjer det enklare å vera syklist og fotgjengar.  Intensjonen bak ein slik avtale er i følgje staten: «transportløsninger som sikrer innbyggerne bedre mobilitet, og at veksten i persontransport tas med kollektivtransport, sykkel og gange (nullvekstmålet). Samordnet areal- og transportplanlegging vil være et viktig virkemiddel i avtalene.»  
Forhandlingsutvalet signerte onsdag 4. desember 2019 ferdigforhandla byvekstavtale for perioden 2019-2029. Avtalepartar er Samferdsledepartementet (SD), Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), Vestland fylkeskommune og kommunane Bergen, Alver, Askøy, Øygarden og Bjørnafjorden. Det geografiske området til dei fem kommunane utgjer også avtaleområdet. Avtalen er ikkje gjeldande før alle lokale avtalepartar har fatta politiske vedtak, og avtalen har vore handsama av regjeringa. (Pr 12. februar har fylkestinget, bystyret samt kommunestyret i Askøy fatta vedtak.) Avtalen forpliktar partane i avtaleområdet til å nå målet om nullvekst i personbiltransporten. Staten på si side har forplikta seg til å bidra med 13,3 milliardar (2020-kr) gjennom heile avtaleperioden. Utanom finansiering av Bybanen til Fyllingsdalen sikrar avtalen 722 mill. årleg til programområdetiltak og belønningsmidlar, ei auke på kring 250 mill. årleg i høve til det som ligg i gjeldande byvekstavtale. Saman med eit fylkeskommunalt bidrag på 270 mill. kr årleg har avtalen ei totalramme på 15 802 mrd. 2020-kr.  
Gjennom forhandlingar er det definert fire satsingsområde som inngår som ein del av byvekstavtalen: 
• Satsingsområde gange og sykkel   
• Satsingsområde kollektivtransport  
• Satsingsområde innfartsparkering  
• Satsingsområde miljøvennleg teknologi og innovasjon  
Gjennomføring av byvekstavtalen skal styrast etter prinsipp om porteføljestyring.  Prioritering av konkrete prosjekt skal skje gjennom årlege handlingsprogram med utgangspunkt i best mogleg måloppnåing.

Bybanen

Bergen kommune har starta opp reguleringsplanarbeid for Bybanen på strekningen Bergen sentrum til Åsane. Denne strekninga vil utgjere femte byggetrinn (BT5) for Bybanen i Bergen. Bergen kommune er planmynde og har ansvaret for å utarbeide reguleringsplanar for Bybanen. Arbeidet skjer i samarbeid med staten og Vestland fylkeskommune, som er byggherre, eigar og drifter av Bybanen. 
• Bybanen i Bergen har vore i drift sidan 2010, og har i tre byggetrinn blitt bygd mellom Bergen sentrum og Flesland. 
• Fjerde byggetrinn mellom sentrum og Fyllingsdalen er under bygging. Planlagt ferdigstilling i 2022. 
• Femte byggetrinn mellom sentrum og Åsane (Vågsbotn). Reguleringsplanarbeid er i gang, traseen er planlagt ferdig bygd i 2031.
Formålet med arbeidet er å utarbeide reguleringsplan og teknisk forprosjekt for Bybanen frå sentrum til Åsane (traséen går helt til Vågsbotn). I tillegg skal det regulerast ein samanhengande sykkeltrasé frå sentrum til Åsane (traséen går heilt til Vågsbotn). 
Reguleringsarbeidet er delt inn i seks reguleringsplanar.
Traséen frå sentrum (Kaigaten) til Åsane (Vågsbotn) er ca. 12,5 km lang og har 13 haldeplassar. Hovudsykkelruta er omlag 14 km lang. Forlenging av Fløyfjellstunnelen er omlag 2,5 km med ramper og kryssløysinga i Sandviken og Eidsvåg. Lengde på ny tunnel blir omlag 5,3 km. 
Bybanen BT5 er berre tekstleg omtala i den framforhandla byvekstavtalen for Bergensregionen, det betyr at finansiering ikkje er klar. Totalkostnaden på prosjektet er venta å bli 13 mrd. kr, inkludert grunnerverv, ny Fløyfjellstunnel, sykkelveg, veganlegg og sjølve banen.