Nattestenger fylkesveg 57 ved Dalsfjorden

I samband med vegarbeid forbi Holmeli i Fjaler vert fylkesveg 57 stengd på kveld og natt andre veka i januar.

Stengingane startar måndag 8. januar, og held fram kvar natt til og med natt til fredag.

Dronebilde av ein bø der det øvste jordlaget er fjerna i ein del av området. Bak denne bøen går ein asfaltert veg, og ein anleggsveg til høgre i bildet. Der står to bilar, langs vegen står ei oransje gravemaskin, på andre sida av vegen står ein lastebil.
KVIKKLEIRE: I dette området på Holmeli skal kvikkleira gravast ut og fraktast vekk, før holet blir fylt igjen med stein og faste masser. (Foto: Stian Støfringstøl/Vestland fylkeskommune).

Bakgrunnen for stengingane er oppstart på arbeidet med å fjerne kvikkleire frå eit område der vegen skal utvidast.

– Dette er eit ekstra sikringstiltak. Vi ynskjer ikkje å ha persontrafikk forbi området i den avgjerande perioden der kvikkleira skal klippast – altså når vi startar på den første utgravinga, seier Bjørn Andre Storøy, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.

Entreprenørservice AS, firmaet som bygger ny veg mellom Holmeli og Nistadlia, har brukt vekene før jul til førebuing av denne operasjonen. No varslar vêrmeldingane ein tørr periode, noko som er ein fordel når potensielt våt leire skal fraktast til eit eige deponi.

Opningstider:

Det vil bli nokre opningar for passering i stengetida, målet er at desse skal vere tilpassa pendlarar på strekninga.

– Vi har vore i kontakt med kommunen, blålysetatane og Skyss, og har prøvd å tilpasse opningstidene til deira passeringstider. Men dette vil bli heft for nokre, det er ikkje til å unngå, seier prosjektleiaren.

På dagtid vert vegen open, stengetidene som har vore til no vil utgå denne veka.

•    Vegen vert stengd kl.19.45, open kl. 21.30-22.00
•    Vegen vert stengd frå kl. 22.00-06.00, ope for gjennomkøyring kl. 24.00

Publisert 3. januar 2024