Skal grave vekk kvikkleire ved Dalsfjorden 

Dei neste månadane skal vegprosjektet mellom Holmeli og Nistadlia flytte 3000 kubikk med kvikkleire. 

Arbeidet med å utbetre strekninga på fylkesveg 57 starta i april i år. Det er sprengt ned mange høge fjellskjeringar for å utvide vegen, men det står att mykje arbeid.  

På grunn av sprengingsarbeid og fjerning av kvikkleire vil trafikken på fylkesvegen førast over på fleire omkøyringsvegar ved Holmeli denne vinteren.

– Grundige grunnundersøkingar

Det var under prosjektering av den nye fylkesveg at det vart oppdaga to kvikkleirefelt ved Holmeli, der vegen skal utvidast. No står denne strekninga for tur. 

HOLMELI: På det skraverte området skal det gravast ned åtte meter, til ein kjem ned på kvikkleira. Den skal gravast ut og fraktast vekk, før holet blir fylt igjen med stein og faste masser.
HOLMELI: På det skraverte området skal det gravast ned åtte meter, til ein kjem ned på kvikkleira. Den skal gravast ut og fraktast vekk, før holet blir fylt igjen med stein og faste masser.

– Å jobbe med kvikkleire er utfordrande, men vi har god kontroll på omfanget. Det er teke mange grunnprøver og gjort grundige undersøkingar, seier byggeleiar Svein-Henning Råheim. 

Kvikkleire er i utgangspunktet fast, men blir det utsett for stort trykk eller rørsle, kan den forvandle seg til ei flytande leiresuppe.  

– Kvikkleira har ikkje vore ein trugsel mot dagens veg, men den vil ikkje tole belastninga av ein ny veg, forklarer Råheim.  

Kvikkleire-basseng 

Løysinga blir å grave vekk kvikkleira, laste den på lastebil og køyre den til eit eige deponi – eit basseng som er mura opp for å halde på massane. Holet på Holmeli vert deretter fylt opp med stein og stabile massar slik at vegbygginga kan halde fram.

I denne perioden vil trafikken gå på ein omkøyringsveg godt utanom det største kvikkleireområdet. 

– Omkøyringsvegen skal leggast godt inn i terrenget, så den ligg trygt på berg og faste masser. Når det er gravearbeid tett på omkøyringsvegen kan det bli behov for å stenge fylkesveg 57 noko meir en dei stengetidene som er no. Det vil i så fall bli på nattestid for å belaste trafikantane minst mogleg. 

For å komme ned til kvikkleira må det gravast eit stort hol. Det skal lastast ut ca. 10 000 kubikk med masse, det tilsvarar ca. 1 000 lastebillass. Av dette er ein tredjedel kvikkleire. Det kan bli grisete på vegane når dette skal fraktast vekk, men vi vil prøve å halde vegane så reine som det let seg gjere, seier byggeleiaren. 

DEPONI: Det er mura opp eit basseng som er cirka 54 meter langt og 27 meter breitt, og kan romme opp til 5000 kubikkmeter med kvikkleire.
DEPONI: Det er mura opp eit basseng som er cirka 54 meter langt og 27 meter breitt, og kan romme opp til 5000 kubikkmeter med kvikkleire.

Kvikkleira skal lagrast i bassenget inntil vidare. Kva som på sikt skal gjerast med den er enno ikkje avklara. 

– Kvikkleira vil ikkje vere til skade for miljøet, og bassenget blir sikra slik at det ikkje er fare for at folk eller dyr kan dette oppi, seier byggleiaren.