Bømlopakken

Bømlopakken har bidrege til ein vesentleg betre vegstandard som har betra framkome og trafikktryggleik på Bømlo. Stortinget gjekk 20. desember 2021 inn for revidert Bømlopakke. Vedtaket er i tråd med dei lokalpolitiske vedtaka for å byggje ut tre prosjekt frå den opphavelege Bømlopakken i tillegg til ei ramme til mindre utbetringar på fylkesvegnettet.

Om prosjektet

Bømlopakken omfattar oppgradering og nybygging av store delar av vegnettet i Bømlo kommune. Dette vil gje moderne og trafikksikre vegar som er tilpassa den forventa befolkningsveksten på Bømlo.

Fakta

Fase: Byggefase
Veg: Bømlopakke 1 inneheld 18 større og mindre vegprosjekt. I revidert Bømlopakke gjenstår fullføring av tre vegprosjekt, i tillegg er det sett opp ei liste på tre reserveprosjekt om det er midlar att i pakken.
Område: Bømlo
Kostnad: Søknad om delvis bompengefinansiering av Bømlopakken vart godkjent i Stortinget 16.juni 2009. 900 mill. kr. (2020-prisnivå) Revidert finansieringsopplegg for fylkesvegprosjektet og -tiltak i Bømlo kommune (revidert Bømlopakke) vart godkjent i Stortinget 20.desember 2021. 665 mill kr (2021-kroner)

Notland-Mosterhamn

Vassbakk & Stol har fått arbeidet med å bygge den nye fylkesvegen. Arbeidet starter i desember 2023.

Fv. 541 Hestaneset – Sakseid – Ekornsæter

Arbeidet med fylkesvegen blir lyst ut på konkurranse i desember. Byggearbeid startar i 2024-2026.

Sjå kartet i fullversjon.

Dei tre prioriterte prosjekta er: 

Fv. 541 Sakseid – Hestaneset. 
Fv. 542 Notland – Mosterhavn.
Fv. 541 Ekornsæter – Sakseid. 

Om det står at midlar i pakka, er det sett opp ei reserveliste beståande av følgjande prosjekt:

Fv. 5000 Totlandsvegen – Grindheimsvegen.
Fv. 5002 Laurhammerkjosen – Olakjosen.
Fv. 4996 Grønnevik – Sakseid.

Den samla utbyggingskostnaden i revidert Bømlopakke blir på 665 mill.kr. der 494 mill.kr blir dekt av bompengar og 171 mill.kr av fylkeskommunen.

Prosjekta fv. 541 Sakseid-Hestaneset og fv. 541 Ekornsæter -Sakseid vil bli slått saman til eit stort prosjekt, kalla fv. 541 Hestaneset – Sakseid – Ekornsæter.

 

Relatert informasjon

Det står att å fullføre følgjande strekningar:

Fv. 541 Hestaneset - Sakseid - Ekornsæter

Fv. 542 Notland-Mosterhamn

Fv. 5000 Totlandsvegen - Gindheimsvegen

Fv. 5002 Laurhammerkjosen - Olakjosen

Fv. 4996 Grønnevik - Sakseid

I St.prp. nr 78 (2008-2009) er det lagt opp til utbygging av 18 vegprosjekt på dåverande riks- og fylkesvegnett i Bømlo kommune. Utbygginga starta opp i 2008, og følgjande strekningar er fullførte:

Fv. 11 Langevåg-Eidesvik
Fv. 542 Hollundskjosen–Hollundsdalen
Fv. 541 Rundkjøring Rubbestadneset
Fv. 542 Hollundsdalen-Stokkabekken
Fv. 542 Stokkabekken–Rubbestadneset
Fv. 14 Svortland-Økland 
Fv. 542 Stokkabekken-Siggjarvåg
Fv. 542 Røyksund–Eikeland 
Fv. 18 Urangsvåg-Brandasund
Fv- 541 Hestaneset-Tjong
Fv. 541 Tjong-Løvegapet
Fv. 19 Rubbestadneset–Rolfsnes
Fv. 541 Sakseid-Hestaneset (del1)

Stortinget har vedtatt revidert Bømlopakke.

Arbeidet med Bømlopakken starta nyåret 2000.Bømlo kommune sette ned ei vegnemnd som fekk i oppdrag å sjå på kva tiltak som måtte gjerast for å oppgradera vegnettet på Bømlo. Til dette arbeidet vart Norconsult engasjert som konsulent og dei utarbeidde det første dokumentet: Vegplan for Bømlo (Bømlopakken), som var klar i 2002.

Kommunestyret handsama planen den 18.11.02 og gav i dette vedtaket politisk klarsignal til at arbeidet med ei konkretisering av pakken med forslag til finansiering og søknad om bompengar skulle inngå.

Planen med tilhøyrande bompengesøknad vart handsama i kommunestyret den 03.04.06.

Saka vart lagt fram for Fylkestinget i Hordaland 13.06.07. Fylkestinget stilte seg positive til finansieringsløysinga og tilrådde bompengesøknaden.

Grunna kostnadsauke og endring i prioritering mellom prosjekta i høve tidlegare handsaming av søknaden, blei eit revidert opplegg lagt fram og godkjent i kommunestyret 15.12.08.

Fylkestinget godkjente 17.03.09 revidert bompengesøknad og tilrådde at bompengeandelen vart utvida frå maks 313 mill. kr (2005-kr) til 642 mill. kr (2008-kr).

Innstilling frå Samferdselsdepartementet om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak i Bømlo kommune vart lagt fram og godkjent i statsråd den 29.mai 2009, jf. Innst.S.nr.343 (2008–2009).

Søknad om delvis bompengefinansiering av Bømlopakken vart godkjent i Stortinget 16.06.09, jf. St.prp.nr 78 (2008–2009) Om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak i Bømlo kommune.

Bompengjeinnkrevjing

Med revidert Bømlopakke blir det fortsatt innkrevjing i bomstasjon på Spissøy og i ferjesambandet Buavåg–Langevåg (mellom Bømlo kommune og Sveio kommune) vidareført. Alle som passerer inn og ut av Bømlo kommune, må betala bompengar. Innkrevjinga skal skje i 15 år frå 2022.

Bompengar blir krevd inn med AutoPASS i tovegs heilautomatisk bomstasjon.

Bompengetakstar

Takstar og bompengeopplegg vert uendra frå Bømlopakke 1.

Det regionale bompengeselskapet Ferde AS er ansvarleg for innkrevjinga av bompengar. Sjå prisar hos Ferde. 

Kontaktpersoner

John Nordseth Nesse

Prosjektleiar

Sjå meir informasjon om Bømlopakken

Rapportar og proposisjonar