Fv. 541 Hestaneset–Sakseid–Ekornsæter

Fylkesvegstrekninga er prioritert som eit av fleire tiltak på det tidlegare riksvegnettet i Bømlopakken. Etter planen blir fv. 541 nord-sør-vegaksen på Bømlo.

Om prosjektet

Frå Våge til Sakseid gartneri går den nye vegen på eksisterande veg. Frå gartneriet på Sakseid til Ekornsæter går vegen hovudsakleg i urørt terreng. Totalt er vegstrekket 7 km langt, med ei gang- og sykkelvegbru attmed brua over Kulleseidkanalen. Det kjem og ei bru på omlag 50 meter over utløpet frå Oldereidtjørna. Det blir gang- og sykkelveg på heile strekket frå Sakseid til Ekornsæter gjennom sentrum til Våge skule.

Fakta

Fase: Byggefase
Veg: fv. 541
Område: Bømlo
Kostnad: 463 millionar kroner (2021-kr)

Signering av kontrakt med entreprenør

September 2024

Start på prosjektering og bygging

Hausten/vinteren 2024

Snart start på arbeidet

Det er signert ein avtale mellom konkursbuet i Bertelsen & Garpestad as, B45 Anlegg as, Laje as og Vestland fylkeskommune. B45 Anlegg as, med støtte frå mellom anna Laje as blir ny totalentreprenør. Sjå meir informasjon under.

Relatert informasjon

Kontaktpersoner

Aurora Walvig Bjerkelund

Byggeleiar - Vestland fylkeskommune