Stortinget har vedtatt revidert Bømlopakke

Stortinget har no gått inn for forslaget frå Samferdselsdepartementet om revidert finansieringsopplegg på Bømlopakken.

VEGUTBYGGING: Vegane på Bømlo skal vidare byggast ut for 665 millionar kroner. Foto: Nina Rikstad/Vestland fylkeskommune
VEGUTBYGGING: Vegane på Bømlo skal vidare byggast ut for 665 millionar kroner. Foto: Nina Rikstad/Vestland fylkeskommune

Vedtaket er i tråd med dei lokalpolitiske vedtaka for å byggje ut tre prosjekt frå den opphavelege Bømlopakken i tillegg til ei ramme til mindre utbetringar på fylkesvegnettet.

Med det nye opplegget vert innkrevjinga i bomstasjon på Spissøy og i ferjesambandet Buavåg–Langevåg vidareført. Innkrevjinga skal skje i 15 år frå 2022.

Klar for å setje i gang

– Det har vore ein lang prosess frå bompengesøknad til endeleg vedteken finansieringsplan av Bømlopakken. I tillegg har det vore eit høgt engasjement blant både lokalpolitikarane og innbyggarar på Bømlo som sjølvsagt ser fram til at vegprosjekta på Bømlo blir starta, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fylkesordføraren gler seg med at den reviderte Bømlopakken no vart landa, og takkar for godt samarbeid med kommunen og tidlegare samferdsleminister Knut Arild Hareide i arbeidet med pakken.

Fylkesordføraren er difor nøgd med at Vestland fylkeskommune kan setje i gang arbeidet på dei tre prioriterte prosjekta i pakken:

Fv. 541 Sakseid–Hestaneset:

Prosjektet har godkjend reguleringsplan. Prosjektet starta i 2019, og delar av strekninga, Våge-Hestaneset, er bygd i Bømlopakken 1. Resten av strekninga skal byggjast no og dei resterande kostnadene er rekna til 243 mill.  Det er lagt opp til at prosjektet skal byggjast i 2022-2025.

Fv. 541 Ekornsæter–Sakseid:

Reguleringsplan blei vedteken i juni 2020. Kostnaden er rekna til 220 mill. kr. Det er lagt opp til at prosjektet skal byggjast i 2024–2026.

Fv. 542 Notland–Mosterhamn:

Reguleringsplan vart vedteken hausten 2019. Kostnaden er rekna til 49 mill. kr. Det er lagt opp til at prosjektet skal byggjast i 2022-2023.

I tillegg til dei tre prioriterte prosjekta, er det ei ramme til mindre utbetringsprosjekt, og sluttrekningar for ferdigstilte prosjekt er rekna til 53 mill. kr.

Den samla utbyggingskostnaden blir på 665 mill.kr., der 494 mill.kr blir dekt av bompengar og 171 mill.kr av fylkeskommunen.

Prioriterte vegprosjekt på Bømlo. Illustrasjon: Vestland fylkeskommune
Prioriterte vegprosjekt på Bømlo. Illustrasjon: Vestland fylkeskommune