Snøbrøyting og rydding

Areal for brøyting og rydding omfattar køyreareal, sideareal og ferdsleareal for gåande og syklande.

Dette er definert i kontrakt og Handbok R610 Standard for drift og vedlikehald av riksvegar. Inntil vidare vil handbok R610 også gjelde for fylkesvegane i Vestland fylke.  Snøbrøyting og rydding vil omfatte all brøyting og rydding som er omtalt i kontrakten som t.d.: 

  • Vegbane med vegskulder for køyrande
  • Ferdselsareal for gåande og syklande
  • Busslommer med og utan leskur
  • Rasteplassar som er opne om vinteren
  • Kontroll- og veieplassar
  • Kvileplassar
  • Kollektivtrafikkterminalar
  • Landområde til ferjekaier
  • Innfartsparkeringsplassar
  • Snuplassar
  • Havarilommer
  • Kjettingplassar og strøsandplassar

Brøyteberedskap er ein del av denne oppgåva. Effektiv brøyting, snø- og isrydding med hyppige tiltak er eit viktig grunnlag.

Føremålet med snøbrøyting er å fjerne laus snø frå eit brøyteareal. Brøytearealet kan omfatte møteplassar, busslommer, rasteplassar, snuplassar, parkeringsplassar, gang- og sykkelfelt, fortau mv i tillegg til sjølve køyrebana.

Snøbrøyting vert vanlegvis utført med plog montert på ein lastebil.  Traktor, høvel eller hjullastar kan også brukast som bæremaskin.

Snøbrøyting bør utførast under eller straks etter eit snøvêr. Det er viktig å etterstreve at snøbrøyting blir utført før periodar med mykje trafikk for å unngå at snøen blir køyrt ned til et snødekke som er vanskeleg å fjerne med plog. For å få best mogleg effekt av plogen bør brøytehastigheita ikkje vere over 40 km/t.

Meir om driftskontrakter