Informasjon om drosjeløyve
Krav om drosjeløyve gjeld for alle som vil drive persontransport mot vederlag (betaling) utanfor rute med motorvogn registrert for inntil ni personar. Det gjeld også dei som tilbyr drosjetenestar via digitale plattformer. Det er fylkeskommunen som er løyvemyndigheit.
Det er ingen behovsprøving av drosjeløyve. Du kan søkje om så mange løyver du vil. Kvart løyve kostar 3 700 kr, og kan berre brukast i drosjebilane.
Drosjeløyve må fornyast kvart tiande år. Dei som hadde drosjeløyve når dei nye reglane tredde i kraft, må fornye løyve sitt innan 1. november 2030.
Vilkår for å få drosjeløyve og søknadsskjema finn du her.
Krav om bankgaranti og taklampe
Krav til garanti vart gjeninnført frå 1. januar 2023. Garantisum er 5000 euro for det fyrste løyve og 2500 euro for påfølgande løyve. Løyvehavar som allereie driv verksemd skal levere garanti innan 1. januar 2024.
Garantisummar for 2023:
- Fyrste løyve kr 53000
- Påfølgande løyve kr 26000
Utstyr i drosjen
Bilen må være registrert i motorvognregisteret som drosje hjå Statens vegvesen. Drosjer skal til EU- kontroll (periodisk køyretøykontroll) kvart år.
Det er krav om taksameter for alle drosjar. Kontakt Justervesenet for meir informasjon om krav til taksameter.
I tillegg innførast det krav om loggføring av den geografiske posisjonen til drosjen, som markerer start- og sluttpunkt for kvar tur. Opplysningane skal lagrast i 60 dagar.
Krav om dokumentasjon på godkjend taksameter
Frå 1. januar 2023 blir det krav om dokumentasjon på at godkjend taksameter er installert i drosjen. Dette må på plass før løyve kan setjast i drift. Løyvehavar som allereie driv verksemd skal levere slik dokumentasjon innan 1. januar 2024. Dokumentasjon skal i fyrste omgong skje gjennom ein eigenerklæring som skal sendast til fylkeskommunen. Eigenerklæringa finn du her.
Krav til merking av drosjen
- Drosjer skal være merka på sidedøra med fylkesbokstav og løyvenummer.
- Om løyvenummeret startar med ein eller fleire nullar er det ikkje nødvendig å ta med desse.
- Merkinga skal være minst 10 cm høg og i ein farge som står i kontrast til fargen på bilen.
- Alle drosjar skal ha taklampe. Taklampe skal merkast «TAXI» i tillegg til fylkesbokstav og løyvenummer. Taklampe skal godkjennast av Statens vegvesen.
- Drosjeløyve etter 1. november 2020 vil få fylkesnummer 46 og fylkesbokstav VE for Vestland. (Fylkesbokstav R er frå tidlegare Hordaland og S er frå tidlegare Sogn og Fjordane.)
Når må eg køyre?
Det er ikkje noko krav til å halde løyve i drift til visse tider eller på visse stadar. Løyvehavar kan sjølv velje når dei vil drive løyve. Drosjesentralar og andre kontraktar kan stille eigne krav om når løyve skal vere i drift.
Kven kan eg køyre for?
Det er ikkje krav om å være tilslutta til ein drosjesentral. Løyvemyndigheitene kan ikkje pålegge nokon å tilslutta seg til ein drosjesentral, eller krevje endringar i sentralens reglement eller køyrelister. Det betyr at drosjeeigar som vil slutte seg til ein drosjesentral må ha ein avtale med sentralen.
Kven kan køyre drosjen?
Sjåføren i bilen må ha kjøresetel i tillegg til førarkort. Krav om kjentmannsprøve forsvinn, slik at køyresetelen er gyldig i heile landet. Kontakt politiet for meir informasjon om køyresetel
Dei som vil ha køyresetel må ha bestått drosjesjåføreksamen hjå Statens vegvesen, eller ha yrkessjåførkompetanse (YSK) for persontransport, og ha hatt førarkort utan avbrot i minst to år. Kontakt Statens vegvesen for meir informasjon om drosjesjåføreksamen
Kor kan eg køyre?
I utgangspunktet kan drosjane no køyre kor dei vil i heile Noreg. Men det finst nokon unntak, som. t.d. einerett og miljøkrav. Det er løyvehavars plikt å setje seg inn i kor det er innført einerett og kva miljøkrav som gjeld i dei forskjellige kommunane. Informasjon finn ein på nettsida til den aktuelle fylkeskommunen.
Fylkeskommunen kan innføre einerett
Fylkeskommunen kan tildele einerett i enkelte kommunar eller områder. Einerettane fungerer omtrent som dei gamle løyvedistrikta, og beskyttar dei som har einerettar mot konkurranse. Når det er innført einerett eit sted kan ikkje andre enn den som har fått tildelt einerett utføre drosjetransport i form av praiing, oppstilling på haldeplass, eller bestilling av enkeltturar i det området eineretten gjeld for.
Einerettar påverkar ikkje kontraktmarknaden, som for eksempel skuleskyss eller pasienttransport.
Fylkeskommunen bestemmer kva områder som skal være einerettsområder i forskrift. Einerettane lysast ut på anbod. Kor det er innført einerettar og kven som har einerettane i Vestland fylke blir annonsert på våre nettsidar om einerett.
Fylkeskommunen kan innføre miljøkrav
Løyvemyndigheten kan fastsette forskrift om øvre grense for miljøskadeleg utslepp for drosjekøyring. Den øvre grensa kan variere frå kommune til kommune. Kva som er grensa for kvar kommune vil annonserast på våre nettsider om miljøkrav.
Frå 1. april 2024 blir det innført miljøkrav til drosjenæringa i tidlegare Hordaland fylke. Frå 1. april 2026 blir dei samme krava innført i resten av Vestland fylke.
Maksimalprisforskrifta vil gjelde i fleire kommunar
Tre kommunar i Vestland er unnateke frå maksimalpris: Bergen, Askøy og Øygarden. Kontakt Konkurransetilsynet for meir informasjon om maksimalprisforskrifta.
Andre typar løyver
Selskapsvognløyve og handikapløyve med liten bil
Selskapsvognløyve og løyve for transport for funksjonshemma tilknytt bil med inntil ni sitjeplassar (inkludert fører) er ikkje gyldige etter 1. november 2022. Etter denne dato må dei ha drosjeløyve for å fortsette verksemda.
Overgangsordning for maxitaxi og handikapløyver med stor bil
Drosjeløyve tilknytt bil med 10–17 sitjeplassar (inkludert fører) og løyver for transport for funksjonshemma tilknytt bil med 10–17 sitjeplassar (inkludert førar) gjeld til 1. november 2025. Etter denne dato må dei ha turvognløyve for å fortsetja verksemda. Statens vegvesen er løyvemyndigheit for turvognløyve.
Du må melde frå om endringar i føretaket eller opphøyr.
- Du må melde frå til fylkeskommunen viss føretaket ditt endrar namn.
- Viss føretaket endrar organisasjonsnummer/foretaksnummer, til dømes fordi du byttar organisasjonsform, må du søkje nytt løyve med det nye organisasjonsnummeret.
Informasjon til deg som vil søkje om drosjeløyve
Du må melde frå om endring av innehavar/dagleg leiar eller transportleiar. Bruk eDialog, slik at du også kan sende dokumenter som er unntatt offentlighet.
Ny daglege leiar/transportleiar må ha god vandel, og må sende politiattest som ikkje er eldre enn tre månader til fylkeskommunen.
Oppseiing og tilbakekall
Oppseiing må framleis sendast til fylkeskommunen
Dei som vil seie opp drosjeløyve sitt må gje beskjed til løyvemyndigheiten og levere tilbake det originale løyvedokumentet. Det er ikkje lenger naudsynt å melde frå til fylkeskommunen tre månader i forvegen, men det kan vere at avtalar mellom løyvehavaren og sentralen stiller slike krav.
Fylkeskommunen kan tilbakekalle løyve
Løyvemyndigheiten kan kalle tilbake løyve når løyvehavaren ikkje fyller krav og vilkår til å ha løyve, eller ikkje rettar seg etter forskrifter og vilkår for å drive løyve.
Ved dødsfall eller konkurs kan løyvemyndigheiten kalle tilbake løyvet utan varsel. Viss dei attlevande vil fortsetje verksemda kan løyve kallast tilbake etter seks månader, ikkje tre år som tidlegare.
Krav om fagkompetanse for løyvehavarar frå 1. juni 2023.
Krav til fagkompetanse er oppfylt når den som søkjer om drosjeløyve har bestått drosjeløyveeksamen frå Statens vegvesen. Du som søkjer om drosjeløyve vil og ha tilfredsstillande fagkompetanse viss du:
- hadde drosjeløyve før 1. november 2020
- oppfyller fagkompetansekrava for gods- eller turvognløyve
- har fått godkjenning frå Statens vegvesen på vitnemål eller kompetansebevis utsteda av offentleg myndigheit i annan EØS-stat eller Sveits som bevis på tilsvarande kompetanse
Det er ein overgangstid på eit år for løyvehavar som har fått utsteda drosjeløyve etter 1. november 2020. Det betyr at du må ha bestått drosjeløyveeksamen innan 1. juni 2024.
Ta kontakt med Statens vegvesen for meir informasjon om eksamen for løyvehavar.
Offentlig utval ser på heile drosjenæringa
Dei nye krava som gjeld frå 1. januar og 1. juni 2023, er ein del av regjeringas plan for å sikre ein seriøs drosjebransje. I tillegg til dei endringane som har tredd i kraft, jobbar regjeringa med fleire problemstillingar knytta til drosjenæringa. Blant anna blei det i mai 2022 nedsett eit offentleg utval som skal gjere ein heilhetleg vurdering av drosjenæringa.