Eigenerklæring om driftsvilkår for drosje
Før du startar drift av ditt drosjeløyve må du sende inn eigenerklæring om driftsvilkår, jf. yrkestransportforskrifta § 48c.
Du må sende inn:
- Stadfesting frå Justervesenet på at taksameter er montert i drosjen. Brevet har du motteke digitalt frå Justervesenet, og har overskrifta "Bekreftelse på mottatt melding om installasjon av taksameter".
- Kopi av vognkortet som visar registreringsnummer, eigar av bilen og at bilen er registrert som drosje i motorvognregisteret.
Det er dagleg leiar som må logge inn i skjemaet for å finne dei aktuelle løyva det skal sendast inn eigenerklæring på.
OBS!
- Det er ikkje gyldig dokumentasjon å sende inn kopi frå Justervesenet eller Statens vegvesen si nettside.
- Løyvehavarar som fekk tildelt løyve før 1. januar 2023 skal og levere eigenerklæring.
Kan kalle tilbake løyve
Løyvestyresmakta kan kalle tilbake løyve når løyvehavaren ikkje fyller dei krava som er sette i forskrifter og vilkår, eller ikkje rettar seg etter forskrifter og vilkår som gjeld for å drive verksemda, jf. yrkestransportlova § 29 første ledd.