Får klima- og miljøprisen for gjenbruk, reparasjon og deling av klede

Klima- og miljøprisen 2023 går til gjenbruksbutikken Upscale AS på Sandane, med eigar og drivar Eva Sessford i spissen.

Marthe Hammer og Jon Askeland saman med vinnar av klima- og miljøprisen 2023.
KLIMA- OG MILJØPRIS: Juryleiar Marthe Hammer og fylkesordførar Jon Askeland delte ut klima- og miljøprisen 2023 til Upscale AS ved eigar og drivar Eva Sessford. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

– Upscale er eit bevis på at det går an å satse på nyskapande og grøne bedrifter også i distrikta, og at det er ein marknad for sirkulære forretningsmodellar. Forretningsmodellen hennar er nyskapande fordi ei abonnementsordning, der kundar kan abonnere på klesbyte, skapar ein økonomisk tryggleik gjennom eit føreseieleg inntektsgrunnlag, sa Marthe Hammer, juryleiar for prisen, før fylkesordførar Jon Askeland overrekte prisen..

Miljøprogrammet til FN anslår at klesindustrien globalt står for om lag ti prosent av dei årlege klimagassutsleppa, som er meir enn alle internasjonale flygingar og sjøfart samla.

– Kjekt å faktisk gjere ein skilnad

Klima- og miljøprisen til Vestland fylkeskommune vart delt ut under møtet til fylkestinget i Loen 15. juni. Prisvinnaren hadde teke turen over Nordfjorden frå Sandane og tok imot 70 000 kr, eit diplom og blomar.

– Denne anerkjenninga gir eit sterkt bidrag til å kunne skalere Upscale vidare. Skal ein ut og finne samarbeidspartnarar og investorar gir ei slik anerkjenning definitivt litt ekstra tyngde og aukar kjennskapen til Upscale. Det første eg tenkte då eg fekk vita det, var at det alltid er kjekt når ein får tilbakemelding på at arbeidet ein gjer, faktisk gjer ein skilnad. Eg har eigentleg aldri angra på at eg slutta som forskar. Eg elskar at eg gjennom å drive Upscale kan jobbe direkte med folk sine haldningar til klima og miljø og gi dei reiskapar til å gjere noko med eige forbruk, seier Eva Sessford, som har bakgrunn som forskar i klimageologi.

Kvinne på utandørs stand ved eit bord med fleire symaskiner.
Upscale og Eva med eigen stand på Passion for Ocean-festivalen i Bergen. (Foto: privat)

Arbeider for å endre forbruksvanar

Upscale AS har eit månadleg abonnementsystem, der både enkeltpersonar og familiar kan levere inn og ta ut klede. Bedrifta sel òg enkeltplagg og tek imot donasjonar. I tillegg driv Eva med redesign og reperasjonar av ukonvensjonelle materiale, der ho blant anna har spesialisert seg på kalkposar, belte og veske laga av gamle klatretau. Verksemda har også tilbod om sykurs, reparasjonskurs og verkstadar for både barn og vaksne, der dei lærer å sy nyttige ting av brukte tekstilar og øydelagde klede.

– Dette er noko som involverer heile lokalsamfunnet og bidreg til haldningsskapande arbeid. Mange unge er opptekne av gjenbruk, reparasjon og deling av klede, men Eva er med og synleggjer moglegheitene også for vaksne og eldre. Ho arbeider aktivt for å endre forbruksvanane til folk. Det er eit godt døme på at globale utfordringar blir løyste lokalt, slår Marthe Hammer fast.

Kvinne i festdrakt på utandørs huske i tre.
Upscale driv med blant anna redesign og klesreparasjonar, og Eva har sydd fleire festdrakter av andre klede. (Foto: privat)

Går opp vegen for andre

Eva opna gjenbruksbutikken Upscale i Sandane sentrum hausten 2019 og har sidan då fått kundar også utanfor Gloppen kommune. I tillegg til arbeidet sitt lokalt, held ho kurs og føredrag andre stadar både i fylket og resten av landet.

– Eva går opp vegen for andre og er til god inspirasjon for satsingar innan ombruk og sirkulærøkonomi. Ho held jamlege sykurs, reperasjonskurs og verkstader for både barn og vaksne, der dei lærer å sy nyttige ting av brukte tekstilar og reparere øydelagde klede. Dette involverer heile lokalsamfunnet og bidreg til haldningsskapande arbeid, seier Marthe Hammer.

Vil gjere konseptet tilgjengeleg for fleire

Eva har også jobba hardt og målretta for å endre brukthandellova til fordel for små og nyskapande gjenbruksbutikkar og deltok blant anna i ei høyring i Stortinget om dette hausten 2022. Framover ønskjer ho å gjere gjenbruk og miljøvenleg forbruk tilgjengeleg for endå fleire, særleg på mindre stadar.

Tre personar framfor ein stor blå skjerm med teksten Stortinget.
Eva Sessford (t.v.) på Stortinget, då ho jobba for å endre brukthandelslova. (Foto: privat)

– No er eg saman med styret mitt i planleggingsfasen om korleis ei slik satsing kan sjå ut, og korleis vi skal gå fram. Eg vil seie at Upscale er eit dynamisk konsept, så om vi skal starte opp ein ny stad, er det ikkje sikkert det blir med akkurat same oppskrift som på Sandane. Det er viktig å spele på både særpreget til samfunnet ein er etablert i, og på kompetansen og interessa til dei som skal drive. Men det som er sikkert er i alle fall at Upscale er synonymt med sirkulærøkonomi og å legge til rette for eit berekraftig forbruk, fortel Eva.

Om klima- og miljøprisen

Prisen skal vere til heider for einskildpersonar, lag, organisasjonar og/eller verksemder som har utmerka seg innanfor klima og miljøvernarbeid i året som gjekk, eller har vist god innsats over tid.

Føremålet med prisen er å inspirere og hjelpe fram klima- og miljøarbeidet i fylket. Vestland fylkeskommune er særleg opptekne av at prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med ei klimaomstilling av Vestland, og motivere til vidare innsats.

Klima- og miljøprisen blir delt ut ein gong i året, og desse har fått prisen tidlegare:

2022: Osvassdragets forvaltningslag og Mjåtveitelvas foreining
2021: Invertapro AS
2020: Bergen Havn