REA3011 - kjemi 1

Liste med aktuelle øvingar

Molekylbyggjesett

  • Byggje enkle organiske og uorganiske molekyl
  • Visa og forklara bindingstypar og isomeri

Reaksjonsfart

  • Føreseie og vise korleis ulike faktorar påverkar reaksjonsfarten
  • Skrive reaksjonslikningar

Kjemisk jamvekt

  • Føreseie og vise korleis ytre inngrep påverkar ei jamvekt
  • Skrive reaksjonslikningar

Felling

  • Føreseie og vise kva som skjer ved blanding av saltløysningar
  • Skriva reaksjonslikningar

Tillaging av løysningar

  • Fortynna løysningar til ynskt molaritet eller laga dei frå fast stoff
  • Gjere utrekningar

Protolyse av salt og gassar i vatn

  • Føreseie og vise korleis pH blir endra
  • Skrive reaksjonslikningar

Syrebasetitrering

  • Planleggje og gjennomføre syrebasetitrering
  • Skrive reaksjonslikningar og grunngje val av indikator

Eigenskapar hjå alkoholar

  • Føreseie og vise løysingsevne og viskositet hjå alkoholar
  • Skrive strukturformlar

Identifisering av løysingar

  • Planleggje og gjennomføre testar for å kome fram til kva som er kva ut frå eit gjeve sett med løysningar
  • Skrive reaksjonslikningar

Hydratiserte salt

  • Føreseie og vise entalpi- og entropiendringar ved fjerning/tilføring av krystallvatn
  • Skrive reaksjonslikningar og vurdere spontanitet