REA3004 - fysikk 1
Liste med aktuelle øvingar
Newtons 1., 2. og 3. lov
- Setje opp relevant måleutstyr (kraftmålarar, tau, klossar, vekter og liknande).
- Bruke resultatet til å avgjere om lovene er stadfesta.
Berekne mekanisk energi for gjenstandar i bevegelse
- Setje opp relevant utstyr og gjere målingar.
- Berekne den mekaniske energien før og etter.
- Avgjere om energien er bevart.
Termofysikk
- Teikne graf over temperaturendringa når vi varmar opp vatn med is til kokepunktet ved å nytte datalogging eller anna måleutstyr.
- Forklare kva som skjer med den indre energien i vatnet til dei ulike faseovergangane.
Elektrisitet
- Kople opp enkle elektriske kretsar med lyspærer og matstandar som er kopla i parallell og serie.
- Måle straum og spenning i kretsen.
- Kunne forklara kva som skjer i kretsen når vi varierer straum, spenning og motstand.
Gjennomføre eksperiment som viser interferens
- Her kan fjør, bølgekar eller (laser)lys brukast.
- Kunne forklare kva som skjer.
Atomfysikk (spekter)
- Studere lys frå gassar/grunnstoff og bruke emisjonsspekter til å fastslå kva for gassar/grunnstoff som sender ut lyset.
- Forklare dei fysiske prinsippa bak utsending av lys.
Astrofysikk (StefanBoltzmans lov)
- Endre lyset frå ei lampe ved å bruke variabel motstand.
- Berekne effekt og temperatur.
- Etterprøve om Stefan-Boltzmans lov gjeld.
Måling av fart og akselerasjon ved hjelp av digitale hjelpemiddel
- Setje opp utstyr og skaffe data
- Bruke dataa til å få fram matematisk modell for bevegelsen. (For eksempel ved regresjon).
Fysikk og teknologi
- Kople opp kretsar med diodar og transistorar og forklare verkemåte og bruksområde.
- Gjennomføre eit forsøk med ein digital sensor og forklare verkemåte.