Slik blir du godkjend lærebedrift
Ei lærebedrift er ei bedrift som er godkjend for å teikne kontrakt med lærlingar og lærekandidatar.
Som lærebedrift tar du samfunnsansvar og er med å sikre rekrutteringa av fagarbeidarar i Vestland fylke.
Kvifor bli lærebedrift?
Å vere godkjend lærebedrift er eit kvalitetstempel og viser at bedrifta tar samfunnsansvar.
- De mottar eit tilskot for kvar lærling de tar inn
- De får skreddersy ein ny tilsett.
- De sikrar rekruttering av kompetente medarbeidarar
Kven kan bli lærebedrift?
For å bli godkjend som lærebedrift må bedrifta di:
- kunne gi opplæring i Vg3-læreplanen for faget, anten sjølv eller i samarbeid med andre.
- ha ein person som kan vere fagleg leiar og ha ansvar for og tilsyn med opplæringa. Denne personen må sjølv ha fagbrev eller annan kompetanse som er relevant i forhold til opplæringa.
- utarbeide ein intern plan for opplæringa for å sikre at lærlingen får opplæring i samsvar med læreplanen.
- fullført første del av ei to-delt obligatorisk opplæring for nye lærbedrifter, fagleg leiar og instruktørar. Dette må gjerast før bedrifta endeleg kan bli godkjend som lærebedrift.
- Etter godkjenning må faglegleiar og instruktør ta del to av obligatorisk opplæring som er eit dagskurs/webinar.
Meir informasjon om e-læringskurset for nye lærebedrifter, fagleg leiar og instruktør finn du under.
Krav i opplæringslova
Opplæringslova stiller krav til lærebedriftene. Fylkeskommunen kan rettleie deg om desse oppgåvene. Er du medlem av eit opplæringskontor får du hjelp der.
Opplæringslova, kapittel 4 Vidaregåande opplæring i bedrift
Forskrift til opplæringslova - særskilte reglar om fagopplæringa
Korleis bli lærebedrift
Du må fylle ut søknadsskjema og sende dette til Vestland fylkeskommune for at bedrifta di skal bli godkjend som lærebedrift.
Dette må du hugse når du skal søkje:
- Les læreplanen og finn ut om bedrifta di kan gi opplæring i det aktuelle faget
- Legg ved dokumentasjon på fagleg leiar sine kvalifikasjonar
- Send søknaden med signatur til fylkeskommunen
- Den som skal vere fagleg leiar må ta nettkurset for faglege leiarar og instruktørar, og legge ved kursbevis saman med søknaden.
E-læringskurs for nye lærebedrifter, fagleg leiar og instruktørar
E -læringskurset er del 1 av den obligatoriske opplæringa for faglege leiarar og instruktørar.
Kurset er på ca. 45 minutt og er eit ledd i kompetanseutviklinga. Det skal vere med å sikre at alle nye lærebedrifter, faglege leiarar og instruktørar får same informasjon og opplæring om rolla si og ansvaret sitt.
Faglege leiarar og instruktørar må i tillegg til e-læringskurset kurset ta del 2 i den obligatoriske opplæringa. Det er eit dagskurs/webinar i regi av Vestland fylkeskommune. Du vil på slutten av e-læringskurset få opp ei lenke der du kan melde deg på dette.
Når du har gjennomført kurset får du eit kursbevis. Dette legg du ved søknaden om å bli godkjent som lærebedrift.
Registrerer du deg for å ta kurset
Logge inn for å repetere kurset eller for å finne kursbeviset ditt.
Tilskot til lærebedrifter
Lærebedrifta får tilskot frå fylkeskommunen som skal dekke utgifter til opplæring av lærlingen. Beløpet er avhengig av kva type lærling du tar inn.
Les meir om ulike typer tilskot her (Utdanningsdirektoratet)