Allereie godkjend lærebedrift

Som lærebedrift er du med på å sikre rekrutteringa av fagarbeidarar i fylket. På denne sida finn du informasjon om rettleiing, kurs for faglege leiarar, korleis ein søkjer tilskot for lærebedrifter, skjema, hospitering og korleis ein teiknar lærekontrakt.

Lærebedriftene, opplæringskontora og fylket har kvar sine funksjonar, samtidig som dei utfyller kvarandre.

Lærebedriftene er ansvarlege for opplæringa i læretida.

Opplæringskontora er lærebedrifter som organiserer seg med utgangspunkt i faga dei kan tilby. Opplæringskontora tar seg av rekruttering og oppfølging av lærlingane hos medlemsbedriftene sine.

Fylkesadministrasjonen administrerer lærlingordninga på vegne av fylket.

På Vigo bedrift kan du som lærebedrift få oversikt over lærlingar, faglege leiarar og oppdaterte satsar for lærlingtilskot.

Rettleiing til bruk av Vigo bedrift

Faglege leiarar og instruktørar må, før dei kan delta på del 2 av obligatorisk opplæring (dagskurs/webinar), ha gjennomført del 1 som er e-læringskurset 

Les meir om e-læringskurset under overskrifta E-læringskurs for nye lærbedrifter, faglege leiarar og instruktørar.

Dagskurset/webinaret er, som sagt,  del 2 i ei obligatorisk opplæring for faglege leiarar og instruktørar i bedrifter. Kurset må gjennomførast innan eitt år etter godkjenning.

Leiarar i lærebedrifter og lærarar i yrkesfag er også velkomne til å ta e-læringskurset og å melde seg på dagskurset/webinaret.

Målet med kurset er å gjere dei fagansvarlege i lærebedriftene tryggare i rolla som rettleiarar for lærlingar og lærekandidatar.

Del 2 av opplæringa, dagkurs/webinar blir halde av rettleiingstenestene i Vestland fylkeskommune.

Finn kommunen/bydelen der bedrifta di har adresse og trykk på tilhøyrande lenke for å melde deg på del 2. Du vil då bli sendt vidare til påmeldingssida for rettleiingstenesta di.

Kommune/bydel
Påmeldingslenke
Stryn, Stad, Gloppen, Bremanger, Kinn, Sunnfjord, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund Rettleiingstenesta Vestland Nord
Høyanger, Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal, Aurland, Voss Herad, Vaksdal og Eidfjord Rettleiingstenesta Indre Vestland
Alver, Arna bydel, Austrheim, Fedje, Gulen, Kvam, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger og Åsane bydel Rettleiingstenesta Bergen Nord
Bergenhus, Askøy, Laksevåg, Fyllingsdalen, Øygarden og Årstad Rettleiingstenesta Bergen sentrum-Vest
Fana bydel, Ytrebygda bydel, Bjørnefjorden og Austevoll Rettleiingstenesta Bergen sør
Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio, Tysnes og Ullensvang Rettleiingstenesta Vestland Sør

Lærebedrifta får tilskot frå fylkeskommunen som skal dekke utgifter til opplæring av lærlingen. Beløpet er avhengig av kva type lærling du tar inn.

Les meir om ulike typer tilskot her (Utdanningsdirektoratet)  

Utfyllande informasjon om satsane (Utdanningsdirektoratet)

Gjennomføringsmidlar

Vi lyser ut midlar for å auke gjennomføring av vidaregåande opplæring. Midlane skal gi lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med særskilte behov og/eller med svake norskferdigheiter og kort butid i Noreg mogelegheit til å oppnå ei fagutdanning.

Her kan du lese meir om og søkje på gjennomføringsmidlar frå oss.   

 

Ønskjer du ei oppfrisking av korleis elevane jobbar i skulen? Kunne du tenke deg å knytte kontakt med lærarar og dele kunnskap og kompetanse? Då kan hospitering vere det du treng. Vi tilbyr gratis hospitering i skulen for instruktørar og faglege leiarar.

Kva er hospitering?

Opplæringa av fagarbeidarar gjennom lærlingordninga skjer dels i skule og dels i lærebedrifta. Samarbeidet mellom skulen og arbeidslivet er difor avgjerande når ein skal utdanne gode fagarbeidarar. Hospiteringa går over fem dagar samanhengande eller som fem einskilde dagar gjennom skuleåret.

Mål for hospitering:

  • auke kompetansen din i rolla som rettleiar
  • styrke samarbeid skule- arbeidsliv
  • sjå opplæringa i eit 4. årig løp

Stønad til hospitering

Bedrifter kan søkje om å få dekke tapt arbeidsforteneste (til dømes med kr. 15.000 for hospitering i fem dagar) når ein arbeidstakar hospiterer i skule.

Slik søker du om hospitering

Du kan sjølv kontakte skulen der du ønskjer å hospitere. Opplæringskontora kan også vere gode samarbeidspartnarar.

Det er leiaren på arbeidsplassen som sender søknad til fylkeskommunen, så ta kontakt med leiaren din dersom du ønskjer å hospitere.

Når de er blitt godkjent lærebedrift og har funne nokon de vil teikne lærekontrakt med, er det nokre viktige ting du må hugse på:

  • Sjekk om kandidaten ligg som søkjar i Vigo bedrift. Dette gjeld innafor søknadsperioden som startar 1.mars kvart år. Fylkeskommunen opprettar kontrakt.
  • Om ikkje kandidaten ligg som søkjar, kan bedrifta i nokre høve opprette kontrakt sjølv i Vigo bedrift. Ta kontakt med fylkeskommunen om dette ikkje går.
  • Ta kontakt med fylkeskommunen for å avklare kva rett kandidaten har og om all teori er på plass.
  • Alle kontraktar skal signerast digitalt, og ein finn igjen godkjente kontraktar i Vigo bedrift.
  • Bedrifta skal sende kontrakten til fylkeskommunen innan to månader etter oppstart av læretid. Om kontrakten kjem etter fristen vil tida frå startdato til den dato fylket mottar kontrakten gå til fråtrekk som yrkespraksis på kontrakten. Bedrifta får då ikkje tilskot for denne perioden. Dato for inngått arbeidsavtale skal også vere påført kontrakten.