Godkjenning av opplæringskontrakt - lærekandidatar

Føremål

Rutina skal sikre lik handsaming av opplæringstid for kandidatar som nyttar lærekandidatordninga. Lærekandidatar med ungdomsrett, ikkje rett og vaksne.

Lærekandidatordninga gjev grunnkompetanse, ungdom som har eller vil få utfordringar med å nå full yrkes- eller studiekompetanse, kan leggja opp eit løp mot grunnkompetanse. Vurdering og avklaring om ein skal leggja opp til eit utdanningsløp med grunnkompetanse som mål, skal skje i eit samarbeid mellom elev, skule, føresette og eventuelt rettleiingstenesta.

Ordninga er basert på dei same prinsippa som hovudmodellen i fag- og yrkesopplæringa, eit fireårig utdanningsløp, med to år i skule og to år læretid i bedrift. Når det gjeld den teoretiske opplæringa er det i utgangspunktet ikkje krav til bestått i felles- eller programfag for å vera ein del av lærekandidatordninga. Ved avvik frå ordinær opplæringsmodell i faget må fylkeskommunen vurdere kvar einskilt sak, jamfør § 3-3 i opplæringslova.

Opplæringa må skje innan eit programområde og ein må velja eit fag innan dette programområde når ein skal teikna ein opplæringskontrakt med ein bedrift. Fleksibiliteten i lærekandidatordninga gjer det mogeleg med ulike løysingar, t.d. heile opplæringa i bedrift, eller eitt år i skule og tre år i bedrift.

Lærekandidatar får tilpassa opplæring med redusert læreplan med eit utval av måla. Kompetansemåla blir valt ut på førehand, og lærebedrifta må lage ein intern plan for opplæringa som er tilpassa for lærekandidaten. Planen skal innehalde måla og kva tiltak som er nødvendige for å nå måla.

Den langsiktige, realistiske målsettinga med opplæringa og kandidaten sine framtidige moglegheiter på arbeidsmarknaden må tydeleggjerast. Intern plan for opplæringa må evaluerast og reviderast i samband med halvtårsvurdering eller etter behov.

 

Rutinen er forankra i følgjande lovverk:

Rutinen gjeld for lærekandidatar, lærebedrifter, RLT, skule, avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse ved Inntak formidling og sluttvurdering (IFS) og Stab

Vegen til opplæringskontrakt - skulen og RLT sitt arbeid

Kva Korleis Når Ansvar
YFF – over til lære

Ved utplassering i YFF skal eleven prøvast ut i aktuelle lærebedrifter, og skulen skal arbeide for at elevane får ein opplæringsplass. Sjå retningsliner YFF

Skule og RLT informerer lærebedrifta om lærekandidatordninga - sjå handboka og stønader kring ordninga

Når eleven er utplasser i YFF skal skulen eventuelt saman med rettleiingstenesta (RLT) hjelpe bedrifta å vurdere kva som er realistiske opplæringsmål. Rettleiingsnotat (pdf), rettleiar for oppfølging av lærlingar og lærebedrifter.

Skulen sikrar at eleven får søkt formidling gjennom Vigo som lærekandidat innan 1.2

Ta kontakt med IFS om ein treng hjelp med innsøking.

Løpande gjennom skuleåret frå Vg1

Skule i samarbeid med RLT

 

Godkjenning av opplæringskontorakt, IFS

Kva Korleis Når Ansvar
Melding om opplæringskontrakt Fylkeskommunen får melding via skjema om at det skal opprettast ein opplæringskontrakt. Kandidaten må være folkeregistrert /busett i Norge Ved behov Lærebedrift/lærekandidat
Vurdering opplæringstid

Lærekandidatar med to eller fleire år i skule, uavhengig av utdanningsprogram vert opplæringstida to år. Opplæringstid kan variere, avvik etter søknad.

Den langsiktige, realistiske målsettinga med opplæringa og kandidaten sine framtidige moglegheiter på arbeidsmarknaden må tydeleggjerast i søknaden.

Løpande IFS
Gjer kontrakt klar for digital signering Gjer kontrakt klar for digital signering, sjå registreringshefte for vigo fagopplæring.   IFS
Send kontrakten til digital signering
  • Send kontrakten til digital signering, sjå handbok for digital signering.
  • Send brev om godkjent kontrakt til kandidat og bedrift elektronisk frå elevsak.
  IFS