Karriererettleiing til nykomne innvandrarar
Er du rettleiar i introduksjonsprogrammet for nyankomne flyktningar? Det er du som jobbar i kommunen som må ta kontakt med Karriere Vestland og bestille time for dei som skal ha rettleiing.
Karriere Vestland tilbyr karriererettleiing til nykomne innvandrarar med rett og plikt etter integreringslova.
Det er du som tilsett i den einskilde kommunen i Vestland fylke som tek kontakt med oss og bestiller rettleiing.
Karriererettleiinga skal bidra til at den einskilde innvandrar kan ta informerte val om arbeid og utdanning, og at introduksjonsprogrammet blir tilpassa den einskilde sine behov.
Kva tilbyr vi til dei med rett og plikt?
Vi nyttar Vestlandsmodellen i vår karriererettleiing etter introduksjonslova. Som hovudregel vil ei rettleiing innehalde dette:
- Førebuing:
Digitalt kontaktmøte mellom deg som programrådgjevar / programrettleiar / integreringskonsulent / flyktningekonsulent og rettleiar frå Karriere Vestland - Samtale 1:
Rettleiingssamtale mellom karriererettleiar og innvandrar, 60 minutt. - Samtale 2:
- Oppfølgingsmøte mellom karriererettleiar og innvandrar, 45 minutt.
- Oppsummeringsmøte karriererettleiar, innvandrar og programrådgjevar / programrettleiar / integreringskonsulent / flyktningekonsulent, 45 minutt.
Karrierenotatet blir gjort ferdig i IMDInett frå Karriere Vestland sin side.
Når skal du bestille rettleiinga?
Du må bestille rettleiing ved busetjing. Dette er for å sikre at vi kan levere innan både dykkar og våre fristar.
Karriere Vestland har ei ramme på 2 månader til å levere tilrådinga vår tilabke til dykk. Denne tilrådinga er det ferdige karrierenotatet.
Korleis bestiller du rettleiing?
Her arbeider vi med å finne ei ny løysing, og kjem tilbake til det.
Kven dekkjer kostnadane?
Det er Vestland fylkeskommune ved Karriere Vestland som skal dekkje kostnaden og tingar tolk når introduksjonsdeltakarar får karriererettleiing frå oss.