Karriererettleiing for ungdom i skule

Veit ikkje du heilt kva du "vil bli"? Rådgjevarar i ungdomsskulen og vgs tilbyr karriererettleiing til deg som er elev.

Karriererettleiinga skal hjelpe deg som er elev til å:

  • bli bevisste og få meir kunnskap om deg sjølve, eigne interesser og føresetnader
  • få meir kunnskap om yrkes- og utdanningsvegar
  • utprøving og praksis

Måler er at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring.

 

Det kan vere vanskeleg å finne fram i jungelen av informasjon om søknad og inntak til vidaregåande opplæring. Vi har difor samla det viktigaste ein treng å vite på ein eiga side så du lettere kan hjelpe eller orientere ungdommen din. 

Gå til sida om info om søknad og inntak - spesielt for deg som er føresett/forelder.

Utdanningsval er eit fag i ungdomsskulen der aktivitetane kan føregå på andre læringsarenaer enn skulen.

Faget skal bidra til å styrke samarbeidet mellom ungdomstrinn og vidaregåande opplæring og mellom ungdomstrinn og lokalt arbeidsliv.

Utdanningsval skal bidra til at elevane får prøve ut og bli bevisst på eigne interesser.

Årshjul for hospitering Vestland nord