Stephanie kom på rett spor utan å flytte på seg 

Nokre av dei som kjem til Karriere Vestland er alt godt i gang med karriera si, men lurer på om dei er på rett spor eller ikkje. Ei av dei som var usikker på om utdanninga ho hadde tatt var rett, er Stephanie Nesheim.  

Produksjonsteknikaren Stephanie Nesheim, utdanna frå det som i dag er Høgskulen på Vestland, følte i haust at ho ikkje var heilt tilfreds med ei såpass teknisk stilling som ho hadde.  

– Eg følte meg stadig meir forvirra, lurte på om det eg held på med var skivebom, seier ho.    

Ho søkte på nettet etter hjelp, og slik kom ho over nettsida til Karriere Vestland. Ho bestilte telefonkonsultasjon hos karriererettleiar Evelyn Jordahl, og til saman hadde dei tre samtalar.   

–Det var veldig bra, Evelyn var flink til å stille spørsmål. Eg fekk bruke eit kartleggingsverktøy som bekrefta kva personlege trekk eg har og kva som motiverer meg. Eg kunne sjå svart på kvitt at eg hadde arbeidsoppgåver litt på tvers av min eigen personlegheit, at eg ikkje passa heilt inn der eg var, fortel ho.    

Ville jobbe med menneske 

Det fordra nye spørsmål. Ville ho ta ein ny utdanning? Stephanie vurderte mellom anna radiograf som ei mogleg retning å søke. Samtidig hadde ho sansen for innkjøp, ein funksjon dei hadde på arbeidsplassen hennar, Wood, som er ein aktør innan offshore-næringa. Stephanie gjekk tilbake til leiaren sin og gjorde det tydeleg at ho ville prøve seg på nye utfordringar på huset.   

– Først jobba eg som ingeniør opp mot rør. Det er ein veldig teknisk jobb, med lite kontakt med menneske, men på det tidspunktet var arbeidsmarknaden dårleg, og eg var glad berre for å få ein fot innanfor næringa. Eg følte alt tidleg at eg gjekk litt i feil retning, seier ho i dag.   

Ho var open overfor kollegaene om at ho ville prøve noko anna. I januar i år opna det seg ei moglegheit, ei førebels stilling innan innkjøp der ho jobba.   

– Timane hos Karriere Vestland ga meg meir sjølvtillit til å tenke at dette er noko eg skal prøve, og testane eg hadde tatt, viste ikkje minst at eg passa langt betre til ei slik stilling, seier ho. Ho fekk den førebelse jobben, og nyleg vart denne innkjøpsstillinga fast.   

– Kva synes du om rettleiinga?   

– Rettleiinga var oversiktleg og fin. Evelyn stilte gode spørsmål som fekk meg til å reflektere over vegen min vidare. Sjølv om ho ikkje kunne gi direkte svar på kva eg skulle gjere, fekk eg nokre stadfestingar som gjorde at eg torde å prøve meg fram. Ho var god til å motivere meg i desse samtalane, og eg fekk bruke den tida eg trong når vi snakka saman, seier Stephanie, som legg til at ho nyleg har snakka med rettleiaren sin og oppdatert om jobbstatusen og takka for hjelpa.   

Rettleiarane blir engasjerte i historiene 

– Eg synest historia til Stephanie er eit godt eksempel på at det ikkje alltid er slik at løysinga ligg i å søkje seg bort frå eksisterande arbeidsgjevar. Det kan ofte ligge gode moglegheitar for vekst og utvikling der du er, om du berre vågar å spørre arbeidsgjevar.   

Det seier karriererettleiar Evelyn Jordahl. Ho har lang erfaring i jobben, og setter stor pris på å høyre at det går bra med dei som ho har hjelpt.  

– Det er utroleg fint å få tilbakemeldingar. Eg blir jo veldig engasjert i den einskilde si situasjon og historie. Det er gjevande å få vite korleis historia utviklar seg vidare, korleis det går med dei etterpå, seier Evelyn.   

– Karriererettleiarane kan ikkje seie direkte kva de meiner at folk bør gjere. Korleis gir de best mogleg råd utan å gi ein fasit? 

– Det er viktig for meg at dei tar eigarskap til sin eigen situasjon og sitt eige val. Det er trass alt dei som skal leve vidare med det valet dei tek. Jobben vår handlar derfor ikkje å om å gi råd, men om å vere ein sparringspartnar som stiller dei gode spørsmåla og som syt for at vegsøkar har den informasjonen han eller ho treng for å treffe sine eigne gode val. Det er trass alt dei som er eksperten på seg sjølv, påpeikar karriererettleiaren.