Takkar Karriere Vestland for utdanningsvalet

Christina Hilt, 25 år, er akkurat ferdig utdanna bachelor i HR and personalleiing frå Høyskolen Kristiania i Bergen. Ho kan takke rettleiarane i Karriere Vestland for valet.

 Etter vidaregåande visste ikkje Christina Hilt  kva ho ville gjere, og begynte å jobbe.


– Eg jobba 100 prosent, men det var einsformige arbeidsoppgåver. Eg visste at eg ville utvikle meg, men eg visste ikkje korleis, seier ho.  

Det var ei venninne som hadde sett annonse for Karriere Vestland i avisa. Det er ei teneste frå Vestland fylkeskommune som gir vaksne over 19 år gratis rettleiing til å finne ut av jobb og karriera si.  

Saman med ei tredje venninne bestemte dei seg for først å gå på ein karrieredag, og etterpå bestilte dei rettleingstime.  

– Då kom eg i kontakt med Sesilie Ådland, rettleiaren min. Vi gjekk inn på eit møterom der eg fekk kartlagt kompetansen min, mine styrker og svakheiter. Vi snakka om kva type jobb og ulike sektorar i arbeidslivet eg kunne passe inn i, fortel Christina. 

Ingen fasitsvar 

Då ho kontakta Karriere Vestland hadde ho tre ulike retningar ho kunne tenke seg å studere. Det sto mellom barnevernspedagogikk, eigedomsmekling og HR og personalleiing.

– Eg var veldig usikker. Sesilie sa at ho sjølv hadde utdanning innan barnevern og fortalte korleis det var. Det fekk meg til å reflektere om det var det eg verkeleg ville, eller om eg ville gjere noko anna, men samtidig jobbe med menneske.  

Ein viktig del av rettleinga hos Karriere Vestland, er nettopp det, rettleiing. Dei skal ikkje eksplisitt seie kva vegsøkjaren, som brukarane kallast, skal gjere. 

– Det var bra å reflektere høgt saman med ein annan person. Det fekk meg til å tenke, og eg likte veldig godt at ho ikkje gav meg eit fasitsvar på kva eg skulle gjere, men at eg måtte ta valet sjølv! Det var veldig fint, seier Christina.   

– Det var veldig riktig for meg

Etter rettleiingstimen gjekk ho heim og lagde ei for-og i mot-liste om dei ulike utdanningsalternativa. Så, etter ei lita veke med grubling, bestemte ho seg for å søke på HR og personalleiing.  

No er det gått tre år, og ho er ferdig utdanna. Christina angrar ikkje på valet. Faktisk er ho så nøgd og takksam at ho nyleg sendte ei takke-e-post til rettleiaren sin, og er på jakt etter relevant jobb.  

– Det var veldig riktig for meg! Eg er glad dei kompetanseklartla meg i ei så tidleg fase, seier ho.