Elev

Lurar du på noko om karakterar? Om du kan klage eller få fritak frå å få karakter i eit fag?

Gjennom året skal du få tilbakemeldingar som hjelper deg å lære. Karakterane skal vise kor godt du har nådd kompetansemåla i faget. Kompetansemåla finn du i dei ulike læreplanane på Utdanningsdirektoratet si nettside.

Du har rett til å klage på alle karakterar som kjem på vitnemålet.

Læraren har ikkje lov å trekke inn fråvær, orden, åtferd, eller dine føresetnader når han eller ho set karakterar i eit fag.

Standpunktkarakter og eksamenskarakter

Når du er ferdig med eit fag, får du ein standpunktkarakter. Standpunktkarakteren skal bygge på eit bredt grunnlag og skal vise kva du kan i faget. Prøver og oppgåver du har hatt gjennom heile året kan telle på standpunktkarakteren.

Standpunktkarakter og eksamenskarakter kjem på vitnemålet. Desse karakterane kan du klage på.

Kan eg få fritak frå karakterar?

Du kan søke til rektor om å sleppe karakter i desse faga:

Kroppsøving

Dersom du får tilrettelagt undervisning i kroppsøving kan du søke om å sleppe karakter. Sjå forskrift til opplæringslova § 3-23. Hugs legeerklæring.

Dersom det er til skade for deg å ha kroppsøving, kan du søke om å sleppe heile faget. Hugs legeerklæring.

Sidemål

Du kan søke om å sleppe karakter i sidemål dersom:

  • du har tatt ungdomsskulen eller delar av vidaregåande i utlandet
  • har hatt særskild språkopplæring på ungdomsskulen og i vidaregåande
  • har dysleksi eller andre problem som gjer det vanskeleg å lære sidemål (Hugs rapport frå PPT.)

Klage på karakterar

Du har 10 dagars klagefrist på standpunkt og eksamenskarakterar.

Be om ei grunngjeving for karakteren(-ane) dersom du lurer på om du skal klage eller ikkje.

Dersom du bestemmer deg for å klage, sender du denne til skulen.

Når du klagar på ein karakter kan karakteren gå opp, blir ståande eller går ned.

Ofte stilte spørsmål

"Eg føler at læraren ikkje likar meg. No har eg fått ein dårleg standpunktkarakter. Kva bør eg gjere?"
Svar: Læraren skal vurdere deg rettferdig. Be om ei grunngjeving for karakteren du har fått. Du kan klage om du meiner at læraren har behandla deg urettferdig. Ta gjerne ein prat med rektor også.

"Eg har eksamen i dag, men har blitt sjuk. Kva skjer no?"
Svar: Du må til legen og få legeerklæring med ein gong. Du må få levert legeerklæringa til skulen i dag. Du kan melde deg opp til utsatt eksamen om eit år.

"Har læraren lov å nemne min karakter høgt i klassen?"
Svar: Lærar har teieplikt og har ikkje lov å sei noko om dine karakterar til andre. Her kan du lese meir om lærar si teieplikt.

Dette seier lova

Reglane om karakterar og eksamen: Forskrift til opplæringsloven § 3

Karakterar i fag: Forskrift til opplæringslova § 3-3

Vurdering undervegs: Forskrift til opplæringslova § 3-11

Standpunktkarakter: Forskrift til opplæringslova § 3-18

Varsel: Forskrift til opplæringslova § 3-7

Rett til å klage på karakterar: Forskrift til opplæringslova kap. 5. 

Rundskriv om individuell vurdering frå Udir

Korleis kan skulen straffe deg? Kva skjer ved juks, og kva bestemmer karakteren i orden og oppførsel?

Ordensreglementet fortel noko om kva skulen forventar av deg som elev. I tillegg skal det bidra til eit godt skulemiljø. Reglementet set også grenser for kva skulen har lov å gjere mot deg dersom du bryt reglane. Alle skular skal ha eit ordensreglement. Som elev i vidaregåande skule har du skrive under på at du skal følgje dette reglementet.

Korleis kan skulen straffe deg?

Skulen har lov til å:

  • gi merknad
  • gi meldeplikt
  • krevje erstatning eller reperasjon
  • vise elevar bort
  • ta ulovlege ting du har teke med på skulen

Skulen har ikkje lov til å:

  • straffe elevar på kroppen
  • straffe fleire elevar enn dei som har gjort noko (kollektiv straff)
  • gi dobbel straff

Juks

Skulen har lov til:

  • Dersom du juksar, får du «Ikkje vurdert» på prøven eller eksamen
  • Juks tel på karakteren i åtferd

Skulen har ikkje lov til:
Dersom skulen berre har mistanke om juks, kan ikkje karakteren i åtferd setjast ned.

Karakter i orden og åtferd

Når ein lærar skal setje karakter i orden og oppførsel, ser han eller ho på kor godt du har følgt ordensreglementet. Dersom du stort sett har følgt dette, vil du få karakteren God (G).

Læraren skal ta omsyn til om du har spesielle utfordringar knytt til det å halde styr på ting eller det å oppføre seg. Du skal ha varsel i god tid dersom det er fare for at orden eller åtferdskarakteren din blir sett ned til Nokså godt (Ng) eller Lite godt (Lg).

Du får standpunktkarakter i orden og oppførsel det siste halve året du er elev. Denne karakteren kan du klage på. Dersom du skal søke jobb eller læreplass er sjefen ofte interessert i om du har gode karakterar i orden og oppførsel.

Ofte stilte spørsmål

"Har skulen lov til å ta mobilen min?"
Svar: Skulen kan ta mobilen dersom det står i ordensreglementet. Du skal få mobilen tilbake seinast etter skuletid.

"Eg har gjort noko ulovleg. Korleis kan skulen reagere?"
Svar: Dersom du har brote ordensreglementet, kan skulen reagere på ein av måtane som blir omtalt der. Vanlege reaksjonar er merknad, at åtferdskarakter blir satt ned eller du blir bortvist. Dersom du har gjort noko som er forbode etter norsk lov, kan skulen melde om det som har hendt til politiet. Det kan vera lurt å be om ein prat med rektor og forklare situasjonen slik som du opplevde han. Kan hende kan du beklage det som har skjedd.

Dette seier lova

Dette står i opplæringslova:

Reglar om ordensreglement: Opplæringslova § 9A-10

Reglar om bortvisning: Opplæringsloven § 9A-11

Reglar om orden- og åtferdskarakterar: Forskrift til opplæringslova § 3-5

Utdanningsdirektoratet sitt rundskriv: Ordensreglement Udir-8-14

Som elev har du krav på frisk luft i klasserommet og nok plass både inne og ute. Dette skal sikre at du har det bra, både inne og ute.

Plass

  • Klasserommet skal vera minst to kvadratmeter pr. elev.
  • Arbeidsplassen din skal passe til kor høg/låg du er og om du har spesielle behov.
  • Det skal vera mogleg å både vera aktiv og å kvila inne og ute på skulen.

Toalett og reinhald

  • Skulen skal ha ein plan.
  • Det skal vera minstt eitt toalett pr. 20. elev.

Inneklima på skulen

  • Lufta skal vere frisk og behageleg.
  • Temperaturen bør ligge mellom 19 -26 grader.
  • Det skal vera godt lys over pulten din, minst 300 lux.

Her kan du lese meir om Helsedirektoratet sine anbefalingar for eit godt fysisk skulemiljø

Slik kan du ta opp problem med skulemiljøet

Det er rektor sitt ansvar å sørge for eit godt skulemiljø. Dersom noko ikkje fungerer som det skal, kan du eller tillitseleven i klassen, ta opp med rektor. Rektor skal gi eit godt svar. Skriv gjerne eit brev med så mange fakta som mogleg.

Dersom de/klassen har klaga til rektor utan at problemet er løyst, kan de klage vidare til Statsforvaltaren.

Ofte stilte spørsmål

"Det er dårleg luft i klasserommet. Kva kan eg gjere?"
Svar: Du kan snakke med klassen. Kanskje tillitseleven kan ta det opp med rektor? Rektor bør få målt luftkvaliteten i klasserommet. Send gjerne ein skriftleg klage til rektor. Dersom han/ho ikkje gjer noko kan du/de klage til Statsforvaltaren.

"Kor kaldt kan det vera i eit klasserom?"
Svar: Det bør ikkje vera kaldare enn 19 grader i klasserommet. Mål temperaturen og skriv klage til rektor om det er for kaldt. Det er rektor sitt ansvar å finne ei løysing slik at de får undervisning i eit rom som er passe varmt.

Dette seier lova

Reglar for fysisk skulemiljø finn du i opplæringslova § 9A 7

Du skal sleppe å betale for skuleturar eller skulebøker. Her får du vite meir om kva du kan få dekka som elev på privat skule.

Undervisninga på skulen din skal vera gratis. Du skal sleppe å betale for skuleturar eller skulebøker. Dersom klassen din skal på museum eller teater, skal skulen betale både inngangsbillett og reise.

Skulen skal låne deg lærebøker gratis. Du må rekne med å erstatte lærebøker som blir borte eller øydelagt.

Dersom du skal på skuletur med overnatting, skal turen vera gratis for deg. Du må rekne med å betale for maten på turen. Klassen kan også ha innsamling for å skaffe pengar til skuletur eller eit godt føremål. Innsamlinga skal vera frivillig.

Går du på privat skule?

På private skular betalar du 15 prosent av det skuleplassen kostar som skulepengar. Skulen kan også krevje inntil 4500 kroner i året for å dekke husleige. Du skal likevel ikkje betale noko ekstra for opplæring eller lærebøker.

Ofte stilte spørsmål

"Har skulen lov å tvinge meg til å samle inn pengar til eit godt føremål."
Svar: Skulen kan arrangere frivillig innsamling til eit godt føremål. Elevar som ikkje kan eller ikkje vil delta i innsamlinga, skal ha eit anna opplegg i timane.

"Eg må sjølv betale for skikurs. Er det riktig?"
Svar: Dersom skulen har skikurs som ein del av undervisninga, skal dette vera gratis for deg. Skulen kan ha frivillig innsamling for å få pengar til kurset.

"Nokon stal boka mi. Er det rett at det er eg som må erstatte den?"
Svar: Dersom du har vore uforsiktig med boka slik at den har vorte stolen, må du betale for ny bok. Dersom boka til dømes var låst inne i skulen sitt skap, må skulen dekke utgifter til ny bok.

"Eg var uheldig og øydela skule-PC. Må eg betale?"
Svar: Sjekk kva som står i PC-kontrakten med skulen. Mest sannsynleg må du betale for reperasjon eller ny PC dersom du har vore uforsiktig. Sjekk om du/de har innbuforsikring som dekker dette heime.

Dette seier lova

Her står det om gratisprinsippet: Opplæringslova § 3-1, niande ledd

Lurar du på kva for skulefråvær som er gyldig? Og kva for fråvær som kjem på vitnemålet? Elev- og lærlingombodet kan hjelpe!

For at læraren skal kunne setje karakter, må du ha deltatt i timane, tatt prøver og levert oppgåver. Du skal få eit varsel dersom læraren har for lite grunnlag for å setje karakter. Då kan du foreslå for læraren å ta ein prøve eller levere ei ekstra oppgåve.

Dersom det udokumenterte fråværet i eit fag er over 10 prosent for heile året, har ikkje læraren lov å setje standpunktkarakter. Då må du få varsel i god tid.

For å få standpunktkarakter, må du ha under 10 prosent udokumentert fråvær i kvart fag for heile skuleåret. Du kan få papir på gyldig fråvær.

Gyldige grunnar til å vera borte frå undervisninga

  • Religiøs høgtid: Religiøse høgtider i andre trussamfunn enn Den norske kyrkja. Du kan slette maksimalt to dagar. Dokumentasjon: Stadfesting eller uttale frå trussamfunnet.
  • Helsegrunnar: sjukdom, legetime, tannlegetime, psykologtime/BUP, fysioterapitime, time hos skulehelsetenesta. Dokumentasjon: uttale frå lege, tannlege, psykolog, fysioterapeut etc. Det er ikkje nok med ei melding frå foreldre. Dersom du er ein kronisk sjukdom som for eksempel migrene, kan du bruke ein generell legeerklæring saman med melding frå foreldre, eller deg sjølv om du er over 18 år.
  • Velferdsgrunnar: passe sjukt barn, gravferd, dåp, bryllaup. Dokumentasjon: melding frå foreldre eller deg sjølv om du er over 18 år.
  • Arbeid som tillitsvalt, politikar eller hjelpearbeidar: arbeid som tillitsvalt i fagforeining, arbeid i ungdomsparti, ungdomsråd, arbeid for elevorganisasjonen eller frivillig organisasjon. Dokumentasjon: dokumentasjon frå organisasjonen.
  • Idretts- eller kulturarrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå: NM, EM, VM og andre nasjonale meisterskap. Kulturelle arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå. Dokumentasjon: stadfesting frå arrangementskomiteen om at du er deltakar.

Kva fråvær kjem på vitnemålet?

Alt fråvær kjem på vitnemålet ditt. Kvart år kan du få sletta 10 dagars fråvær. Då må du har papir på at fråværet er ein av dei gyldige grunnane.

Sjukefråvær slettast berre frå vitnemålet frå og med sjukedag nr. 4. Dersom du har vore mykje borte kan du legge ved eit papir til vitnemålet som forklarar kvifor du har vore borte.

Dette seier lova

Fråværsgrense: forskrifta til opplæringslova § 3-3

Reglar for kva som kjem på vitnemålet: forskrift til opplæringslova § 3-47

Meir informasjon om fråvær: Utdanningsdirektoratet sine heimesider

Læraren må tenke på kva du kan frå før, og korleis du lærer best.

Du har krav på god undervisning. Den skal passe deg. Læraren må tenke på kva du kan frå før og korleis du lærer best. Nivået og måten de arbeider på må passe til deg og dei andre elvane i klassen. Fortel læraren korleis du lærer best. Bruk elevsamtalen.

Eksempel på ulike måtar å lære på:

  • Læraren forklarer
  • Arbeide i gruppe
  • Løyse oppgåver åleine
  • Sjå film
  • Gjennomføre øvingar og aktivitetar
  • Lese
  • Diskutere

Kanskje treng du også enklare eller vanskelegare oppgåver?

Ver aktiv i timen

Som elev må du møte opp og delta aktivt i timen. Du skal følgje beskjed frå lærar og gjere ditt beste for å bidra både munnleg og skriftleg.

Ofte stilte spørsmål om undervisning og lærarar

"Kva gjer eg når læraren ikkje duger?"
Svar: Dersom læraren ikkje gjer jobben sin på ein god måte bør klassen ta opp saka. Kan du få med deg tillitseleven og ta ein prat med læraren? Det er ofte betre for læraren å få høyre kva det gjeld direkte frå elevane slik at ho/han kan forbetre seg.

Dersom dette ikkje hjelper bør de ta saken opp med elevinspektør, avdelingsleiar eller rektor. I alvorlege tilfelle bør de skrive eit brev til rektor. Det er lurt å få med fleire elevar i klassen og foreldre.

"Kva skal rektor gjere om han får inn ei klage på ein lærar?"
Svar: Rektor må snakke med både elevane og læraren. Rektor har ikkje lov til å fortelje elevane kva han/ho gjer med læraren etter dette. Det er fordi rektor har teieplikt om personalsaker.

Vanlege tiltak som kan setjast i gong for lærar er:

  • rettleiing
  • kurs
  • assistent i timen
  • observasjon frå leiargruppa
  • åtvaring

Dette seier lova

Dette står i opplæringslova: "Opplæringa skal vera tilpassa evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven."

Les heile paragrafen her: Opplæringslova § 1-3 

Dette står i forskrifta til opplæringslova: "Eleven skal møte fram og delta aktivt i opplæringa slik at læraren og instruktøren får grunnlag til å vurdere eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten sin kompetanse i faget."

Les heile paragrafen her: Forskrift til opplæringslova  3-3