Elev-PC i tidlegare Sogn og Fjordane

Moglegheita for kjøp av elev-pc gjennom ordninga til tidlegare Sogn og Fjordane fylkeskommune er no stengd. Siste frist for bestilling var 30.november 2019.

Du/føresette betaler via bank- eller kredittkort i nettbutikken.

Du kan kjøpe grunnmodellen i ordninga på avbetaling over tre år. Første avdrag må betalast ved bestilling i nettbutikken. Du får 500 kroner i rabatt på grunnmodellen dersom du betalar heile kjøpet når du bestiller.

Kjøp på avbetaling

Du kan kjøpe grunnmodellen i ordninga på avbetaling over tre år. Då betalar du det du får i utstyrsstipend kvart år. Du betalar første avdrag ved bestilling på nettet og får faktura på dei to siste avdraga.

Avdrag nummer to vert fakturert hausten 2020, og avdrag nummer tre vert fakturert hausten 2021.

For å nytte avbetalingsordninga må ein føresett inngå avtalen.

Skuleåret 2019–20 er lågaste sats for utstyrsstipend frå Lånekassen 1051 kroner.

For å nytte avbetalingsordninga må ein myndig person godkjenne avbetalingsavtalen.

Om eleven er myndig, kan ho/han godkjenne avtalen sjølv. Elles må ein føresett godkjenne den. Godkjenninga vert gjort etter at bestillinga er gjort i nettbutikken og opplysningane til den som skal godkjenne er lagt inn i der. Den som skal signere, får ein e-post med lenkje til ei digital signering av avbetalingsavtalen.

Ved å velje avbetaling som betalingsform plikter føresett/elev å betale tilsendte fakturaer sjølv om eleven går ut i lære etter Vg1 eller Vg2, eller bryt opplæringsløpet sitt.

Dersom du kjøper den kraftige modellen, kan du ikkje nytte avbetalingsordninga.

Forsikring

Forsikring er ikkje inkludert. Du kan kjøpe treårig uhellsforsikring som eit tilval i nettbutikken. Om du ikkje kjøper uhellsforsikringa bør du sjekke om du har privatforsikringar som dekker skader på maskina.

Levering

Du får maskina levert per post til leveringsadressa du legg inn i nettbutikken.

Spørsmål og svar

"Kvifor må alle godkjennast?"
Det er berre lov å bestille éi maskin. Og ordninga gjelder berre elevar som skal gå vg1 første gang i offentleg vidaregåande skule i Sogn og Fjordane. Dette sjekkar vi.

"Får eg vite når bestillinga er godkjent?"
Ja, du får ein e-post frå leverandøren (Atea) om at bestillinga er godkjent.

"Kan eg hente maskina når bestillinga er godkjent?"
Maskina vil bli sendt i posten. Du vil få melding frå leverandøren når maskina vert sendt ut.

"Bestillinga mi er enno ikkje godkjent!"
Ingen grunn til panikk, godkjenninga skjer fortløpande og det same gjer utleveringa. Dersom det er spørsmål til bestillinga tek vi kontakt på telefonen eller e-posten som er oppgitt.

Har du spørsmål om bestillinga di kan det vere lurt å kontakte Atea:22 09 50 30 eller send e-post til elevpc.sffk@atea.no

Når du kjøper maskin på elevpc-ordninga til fylkeskommunen, betyr det at du nyttar fylkeskommunen si avtale med Atea. Du overtek eigarskapet når du hentar ut maskina.

Avtalen er eit offentleg innkjøp der tidlegare Sogn og Fjordane fylkeskommune er oppdragsgjevar og avtalepart til Atea. Sidan dette er ei avtale mellom ein fylkeskommune og ei bedrift, vil kjøpslova gjelde i staden for forbrukarkjøpslova.

Kjøpslova gjev færre rettar enn forbrukarkjøpslova. Dine rettar følgjer då kjøpslova og garantien til produktet. Forbrukarkjøpslova, angrerettlova eller andre forbrukarlover gjeld ikkje ved kjøp på elevpc-ordninga.

Begge modellane i ordninga har tre års garanti. Forsikring er ikkje inkludert!
Du kan velje å kjøpe ei tre års sikring mot uhell når du bestiller i nettbutikken. (Brann og tjuveri er ikkje dekka. Det kan difor vere lurt å sjekke om dette vert dekka gjennom eigne private forsikringar.)

Vi tilrår å kjøpe sikring i tillegg. Elles bør du passe på at du eller føresette har annan privat forsikring som kan dekke tap av eller skader på maskina.

Du og dine føresette er ansvarlege for å skaffe ny maskin ved tap eller skade.
Du eig maskina og melder sjølv inn eventuelle førespurnader om service og support til leverandøren.

Maskina di må vere god nok til læringsarbeidet på skulen. Den må ha Windows eller Mac OS, samt antivirus installert. Maskiner med «Windows S» kan ikkje nyttast då dei ikkje kan installere dei programma du skal bruke.

Vi tilrår at maskina du skal bruke har SSD-lagring. Det trådlause nettverkskortet på maskina må minimum støtte standarden 802.11ac og 5Ghz nett.

Alle elevar får nytte MS Office 365 og digitale ordbøker gjennom våre avtalar. Som elev må du oppdatere maskina di jamleg og passe på å halde den i stand til å køyre desse programma.

Du er sjølv ansvarleg for lagring og sikring av data (backup) samt generelt vedlikehald av maskina.

Spørsmål og svar:

"Kan eg kjøpe maskin hos ein annan leverandør og levere rekninga til fylkeskommunen?"
Nei, for å få subsidiert maskin må du nytte vår avtale med Atea, og deira nettbutikk.

"Kan eg kjøpe maskin ein annan stad og få utbetalt pengane?"
Beklagar, det kan du ikkje. For å få subsidiert (delvis betalt av fylkeskommunen) datamaskin må du nytte deg av avtalen med vår leverandør Atea.

"Kan eg bestille ei anna maskin hos Atea?"
Nei, for å få subsidiert maskin kan du berre velgje mellom dei modellane som står i tilbodet og i nettbutikken.