Elev-PC i tidlegare Hordaland

Datamaskina er eit nødvendig verktøy for deg så lenge du er elev ved ein vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune. Du vil bruke maskina både i undervisninga og til andre gjeremål. Du har sjølv ansvar for å stille med berbar datamaskin til skulestart

Du kan velje:

  • å bruke eiga maskin eller kjøpe i butikk
  • kjøpe subsidiert elev-pc gjennom leverandøren til Vestland fylkeskommune

Programvare, brukar og systemtilgang

Som elev i Vestland fylkeskommune får du oppretta brukar i VLFK sitt nettverk. Du får tilgang til det du treng under utdanninga di.

Brukarnamn og passord blir sendt på SMS like før skulestart. Vi bruker mobilnummeret du registrerte då du søkte skuleplass.

Som brukar i VLFK sitt nettverk får du tilgang til Microsoft Office 365, antivirus-program, G-suite for Education og andre program som du treng i undervisninga så lenge du bruker Microsoft Windows eller macOS som operativsystem. Du får informasjon om korleis du lastar ned programvara på skulen. Maskina må oppdaterast jamleg.

Ver merksam på at det i enkelte utdanningsprogram (t.d. teknikk og industriell produksjon, bygg- og anleggsteknikk og elektrofag) kan vere ein fordel å ha kraftigare maskin eller eit anna operativsystem enn det standardmodellen har.

Skulesekk

Alle nye elevar på Vg1 vil få utdelt skulesekk etter skulestart. Sekken har mellom anna plass til PC.

Du kan bruke ei maskin du allereie eig eller kjøpe maskin i butikk. Krav til maskina:

  • Ho må minst tilsvare standardmodellen som blir tilbydd av Vestland fylkeskommune. For enkelte utdanningsprogram (t.d. teknikk og industriell produksjon; bygg- og anleggsteknikk; elektrofag) kan det vere ein fordel å ha kraftigare maskin eller eit anna operativsystem enn det som finst i standardmodellen.
  • Maskina må enten ha operativsystem Windows (PC) eller OSX (Apple Mac).
  • Maskina må ha antivirus program og den må oppdaterast jamleg.
  • Du må bruke ei datamaskin som fungerer utan internett.
  • Vel du å bruke Mac i eit utdanningsprogram som krev Microsoft Windows, vil du sjølv vere ansvarleg for å skaffa deg ein Windows-lisens og installere programma som blir kravd.

Elevar i ein offentlig vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune kan bruke tilbodet om kjøp av ei datamaskin første året dei studerer. Tilbodet gjeld for:

  • Vg1 elevar i den offentlege vidaregåande skulen
  • Elevar som deltar i Innføringskurs for minoritetsspråklige
  • Kursdeltakarar i vaksenopplæring

Tilbodet kan berre brukast éin gong. Årsaka til det er at maskinane er subsidiert og derfor er rimelegare enn tilsvarande maskin kjøpt i butikk.

Om du er usikker på om du skal starte på ein offentleg vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune, må du vente til du har bestemt deg før du eventuelt kjøper ei maskin gjennom PC-ordninga. Ombestemmer du deg etter at du har bestilt, kan du angre kjøpet. Det er berre maskiner som ikkje er opna som blir tatt i retur.

Ulike utdanningsprogram bruker ulik programvare. Det er lurt å vurdere valet av datamaskin mot programvaren som du skal bruke.

Grunnmodellen

Denne maskina er av god kvalitet og vil passe til dei fleste utdanningsprogramma. Grunnmodellen er i prinsippet gratis fordi den blir dekt fullt ut av utstyrsstipendet frå Statens lånekasse over tre år.

PC eller Mac?

For mange elevar vil PC vere det beste alternativet. På fleire av utdanningsprogramma blir det brukt programvare som berre fungerer på Windows. Dersom du likevel kjøper ein Mac må du skaffe deg ein Windows-lisens i tillegg slik at du kan kjøre desse programma i Windows på Mac-en. Ta kontakt med skulen for meir informasjon om dette.

Chromebook

Dersom du har ein chromebook vil du, mellom anna, få problem med å gjennomføre nettbaserte prøvar og eksamenar. Då må du bruke ein annan maskin - enten ein Windows-basert PC, eller ein Mac. Vi kan derfor ikkje anbefale chromebook til bruk i undervisninga.

Utdanningsprogram som krev meir yting

Nokre utdanningsprogram krev større yting i samband med bruk av spesielle program, for eksempel Medium og kommunikasjonsfag (MK) eller Musikk, dans og drama (MDD). Du kan oppleve at grunnmodellen ikkje har tilstrekkeleg yting eller dei tekniske spesifikasjonane som blir kravd.

I studieretningane TIP, Byggfag og Elektro blir det brukt programvare som berre fungerer på Windows. Dette gjeld for eksempel programvare for dataassistert konstruksjon (SolidEdge, DDS, MECA).

Er du usikker, kan du sjå om skulen har anbefalingar på  heimesida si.

Maskina kjøper du direkte frå leverandøren vår gjennom bestillingsportalen:

Bestillingsportalen opnar

  • I midten av juni 2019 for elevar i vidaregåande skule
  • I midten av august 2019 for deltakarar i vaksenopplæring

Du må bruke ei datamaskin til bestilling (ikkje telefon eller nettbrett).Vel ein av dei modellane som blir tilbode i ordninga.

Standardmodellen har sikkerheitsavtale inkludert i prisen. Dersom du vel ein annan modell må du velje dette særskilt i portalen.

Bekreft vilkåra.

Betal bestillinga di med bankkort.

Gjeld berre elevar i Vg1

Vel du avbetaling, må ein person over 18 år fylle ut eit tilleggsskjema før kjøpet blir godkjend. For å fylle ut skjemaet, må du bruke MinID eller BankID.

Du får kvittering sendt til den registrerte e-postadressa di. Ta godt vare på denne då den er einaste kvittering du får.

Maskina blir sendt til næraste Post i butikk.

Bestiller du før 31.07.2019 blir maskina garantert levert til skulestart.

Utsendinga startar 25. juli.

  • Siste frist for å bestille maskin for skuleåret 2019/2020
    • For elevar i vidaregåande skule er 31.12.2019.
    • For deltakarar i vaksenopplæringa er 31.03.2020

Prisar og subsidiar

Modell Beløp å betale i portalen Tryggleiksavtale Avdrag år 2 Subsidie
Standard 1500,- 0,- 0,- 3800,-
Standardmodell avbetaling 1000,- 0,- 1000,- 3300,-
Kraftig Windows PC 4962,- 622,- 0,- 1750,-
Mac 8106,- 1450,- 0,- 1100,-

 

Dersom du startar på privat vidaregåande skule eller vel å ikkje ta imot skuleplass og har kjøpt maskin gjennom denne ordninga, vil du bli fakturert for subsidiebeløpet og uteståande avdrag.
Vestland fylkeskommune kan også krevje tilbakebetaling dersom du sluttar i løpet av skuleåret.

HP ProBook 430 G6

HP 430 G6.jpg

CPU: Intel Core i3-8145U (CPU Mark: 5618)
RAM: 8GB DDR4-2400
HDD: 128GB M2 SSD
Skjerm: 13,3" LCD LED IPS 1920*1080
Vekt: 1,49Kg
OS: Windows 10
Produktark

Pris ved kontantkjøp: 1500,-
Pris ved avbetaling: 2000,-

HP ProBook 450 G6

HP 450 G6.jpg

CPU: Intel Core i5-8265U (CPU Mark: 8175)
RAM: 16GB DDR4-2400
HDD: 256GB M.2 SSD
GFX: Nvidia GeForce 930MX 2GB
Skjerm: 15,6" FHD IPS 1920*1080
Vekt: 2,22Kg
OS: Windows 10
Produktark

Pris: 4962,-

 

Macbook Air 13

Macbook-air13.jpg

CPU: Intel Core i7 2.2Ghz
RAM: 8GB
HDD: 128GB SSD
Skjerm: 13.3" LED LCD 1440*900
Vekt: 1.35kg
OS: Mac OSX 10.12 Sierra
Produktark

Pris: 8106,-

Blir bestillinga di avvist eller lurer du på om du har rett til å kjøpe PC, send skriftleg melding med namn og forklaring på kva som har skjedd til Elev-PC@hfk.no

Før ein eventuell reparasjon utanfor garanti eller som ikkje blir omfatta av tryggleiksavtale, vil det bli sendt eit kostnadsoverslag som må godkjennast. Dersom du er under 18 år, må reparasjonen godkjennast av føresette.

ATEA telefon 22 09 50 30, epost elevpc.vest@atea.no